NRK Meny
Normal

"If it be your will"

Leonard Cohen om kunst og kjærleik
Etter at NRK P2 sendte programmet ”So long Marianne – om og med Leonard Cohens norske muse” laurdag 21. januar, skal me laurdag 28. januar møta Leonard Cohen og høyra hans historie.

SWITZERLAND-MUSIC-FESTIVAL-JAZZ-MONTREUX

Leonard Cohen, Auditorium Stravinski, Montreux Jazz Festival 7. juli 2013

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Cohen gir sjeldan intervju, og seier sjølv det er mange år sidan sist. I samtale med Kari Hesthamar, fortel han om kjærleiken, poesien og musikken.
Han fortel om vegen frå dei fyrste poetiske tekstane til dei melankolske songene som han etter kvart blei så kjent for.

Møte med "folk song"-tradisjonen

Rundt Cohens kjøkenbord er stemninga uanstrengt og personleg. Cohen reflekterer over livet og påstår at han eigentlig ikkje hugsar så mykje av åra som har gått. I samtale med Kari Hesthamar kjem erindringene om dagane på Hydra saman med Marianne, om ungdomsår då han fyrst og fremst ønskte å skriva dikt, men ikkje klarte å leva av det. I New York møtte han Bob Dylan, Joan Baez og Judy Collins - den nye generasjonen unge songarar som bragte ”folk song” tradisjonen til ein renessanse.

Å leva av musikken

Cohen som alltid hadde spelt gitar og sunge tenkte at kanskje også han kunne laga musikk og leva av det, sjølv om han meinte at han knapt kunne halda ein rein tone. Han syns at han hadde ei røyst, men at det var ei skreven røyst.

I programmet les Cohen upubliserte tekstar, og tek opp gitaren og prøver å minnast sine gamle songar.

"If it be your will"

Ein radiodokumentar om Leonard Cohen.

Av Kari Hesthamar.

Teknisk regi: Kåre Johan Lund.

Konsulent: Berit Hedemann.

Sendast i NRK P2 laurdag 28/1 kl 10.15,

reprise søndag 29/1 kl 19.30

Lyd og video

Se også

Lenker