Hopp til innhold

So long Marianne

Ein radiodokumentar om og med Leonard Cohens norske museDette programmet vart fyrste gong sendt i september 2005. Det er den eine av to dokumentarar om Leonard Cohen og hans tidlegare norske kjærast, Marianne. Neste laurdag får du Cohen si historie, i dag fortel Marianne om då ho og Leonard møttest på den greske øya Hydra i 1960. Dei to var kjærastar og sambuarar i fleire år,og mange av hans songar og dikt er skrevne med inspirasjon frå Marianne.Hør intervjuet med Marianne Ihlen 

Aldri meir Norge

Om norske uteseglarar i Antwerpen– Eg har vore heime to gonger på tjue år, til saman seks veker. Og då gav eg beskjed om at eg kjem aldri meir hit, eg skal aldri setja mine bein her meir. Kjell-Arne Larsen bur i Antwerpen, og er ein av mange norske sjømenn som ikkje vil tilbake til Norge. Denne dokumentaren vart sendt første gong i 2001. Du kan også sjå tv dokumentaren "Ei anna hamn", om dei same uteseglarane i NRK 1, måndag 15. mai kl 19.55, reprise tysdag 16. mai kl 10.25.