Hopp til innhold

Vil du lese breva som kong Haakon VII og kronprins Olav skreiv under andre verdskrig?

Den 9. april skal Arkivverket offentleggjere mange brev og private dagbøker frå sentrale personar, skrive under andre verdskrig. – No kjem det svært verdifullt og spanande materiale, seier historikar Guri Hjeltnes.

H.M. Kong Haakon og H.K.H. Kronprins Olav i Skottland 1943

H.M. kong Haakon inspiserte i juli 1943 norske bergkompani i Skottland.

Foto: Ukjent

9. april, den same datoen tyskarane invaderte Noreg for 81 år sidan, slepper Arkivverket 200.000 dokumentsider. Blant dei er det mange brev og personlege dagbøker som nesten ingen har sett før.

– Det er all grunn til å ha store forventningar, enten ein er historikar, forfattar, journalist, eller ein som berre er interessert i krig og okkupasjon, seier Guri Hjeltnes.

Portrett av Guri Hjeltnes historikar og direktør ved HL-senteret, senteret for studiar av holocaust og livssynsminioritetar.

Guri Hjeltnes, historikar og direktør ved HL-senteret, senteret for studiar av holocaust og livssynsminoritetar.

Ho er direktør ved HL-senteret, senteret for studiar av holocaust og livssynsminoritetar.

Arkivsleppet skjer digitalt på heimesida til Arkivverket. Og inneheld mange hittil ukjende kjelder frå norske personar og myndigheiter i Storbritannia under krigen. Både frå regjering, kongehus, handelsflåten og det militære.

Alt dette blir no tilgjengeleg og søkbart digitalt. Dokument som har vore utgangspunkt for historiske bøker og serien Atlantic Crossing.

– No kan fleire få gleda av å grave i historia. Det synest eg er kjempepositivt. Folk er interesserte i historie. Folk er interesserte i krig og okkupasjon. Folk har stilt mange spørsmål knytt til eksilregjeringa.

Sladder og skitkasting

Bombene flyg og den norske regjeringa, kongen og kronprinsen er i eksil i London. Dei arbeida for å frigjere Noreg frå den tyske okkupasjonen.

Her ser du fyrste side i justisminister Terje Wold si dagbok.

Her ser du fyrste side i justisminister Terje Wold si dagbok. Han unnskylda seg til dagboka si for dei dagane han ikkje skreiv i ho.

Det var tydelegvis også ein del sladder, noko justisminister Terje Wold omtala i dagboka si:

Dessverre er det så mange personlege motsetningar i regjeringa, at personleg sladder er unngåeleg. Eg får halde meg vekke frå det.

Justisminister Terje Wold
Statsråd Terje Wold

Statsråd og justisminister Terje Wold fotografert under andre verdskrig.

Foto: Ukjent

– Og det lukkast han brukbart med. Det er andre som skriv meir sladder og driv med skitkasting i sine dagbøker, seier Øivind Ødegaard som er fagdirektør i Arkivverket, før han held fram:

– Mellom anna stortingspresident Hambro. Han har ganske friske utsegn, særleg om den norske regjeringa.

Ødegaard seier at sleppet vil kunne dokumentere heilt nye sider ved Noreg sitt nærvær i Storbritannia.

– Vi føler at dette er den delen av krigshistoria som er minst undersøkt av historikarar og andre.

Sant eller usant?

Mange av dei sentrale nordmennene som var i eksil under verdskrigen blei vi kjende med gjennom Atlantic Crossing, den omdiskuterte serien som gjekk på skjermen i fjor haust.

Om du var ein av dei som lurte på kva som eigentleg var sant i Atlantic Crossing, vil du no få moglegheita til å gjere di eiga etterforsking.

Kronprins Olav (Tobias Santelmann) er synlig beruset på bar i "Atlantic Crossing".

Kronprins Olav, spelt av Tobias Santelmann på bar i London i serien Atlantic Crossing. Snart kan du lese hans private brev frå andre verdskrig.

Foto: Julie Vrabelová / CINENORD/NRK

Med enkle søk kan du lese kongeleg brevveksling. Brev var den mest effektive kommunikasjonsforma på den tida og no får vi tilgang til 20 brev frå kong Haakon til forsvarssjef Birger Ljungberg og seks brev frå kronprins Olav til USA-ambassadør Wilhelm Morgenstierne.

– I dagbøkene kan ein komme litt djupare ned i korleis ting fungerte under krigen. Men også kva folk tenkte, sidan det er dette som kjem til uttrykk i dagbøker, forklarar Ødegaard som har gått gjennom mykje av materialet Arkivverket skal sleppe.

Dagbøker kan røpe ukjende detaljar

Kronprins Olav sin adjutant, Nikolai Ramm Østgaard følgde Olav frå dag til dag og time til time. Han skreiv grundig ned alt som skjedde i dagboka si. Mellom anna om reisa han tok saman med kronprinsen over Atlanterhavet, noko som viser at Atlantic Crossing kanskje ikkje gir eit heilt realistisk bilete av denne hendinga:

Øyvind Ødegaard, fagdirektør i Arkivverket

Øyvind Ødegaard, fagdirektør i Arkivverket.

Foto: Odd Amundsen / Odd Amundsen

– I Atlantic Crossing får ein inntrykk av at kronprinsen er framme morgonen etter at han tek ei hastavgjersle om å reise til USA, for å besøke kronprinsesse Märtha. Men i verkelegheita var det ei reise som tok 47 døgn, om eg hugsar riktig, seier Ødegaard i Arkivverket.

Guri Hjeltnes meiner at brev er verdifulle kjelder som er rike i innhaldet og som kan vere spanande å lese i ettertid. Men at også dagbøker kan gje eit unikt innblikk.

– Særleg om dei er autentiske, at dei er direkte, personlege, private loggar. Er det skrive for eit type publikum for å bli lesne seinare, så kan dei ha ein annan dom.

Ho påpeiker at ein må vere kjeldekritisk også når ein les desse, men har trua på at det er mykje spanande å finne i dette stoffet.

– Materiale som no blir presentert i vårsleppet frå Arkivverket, er av eit slikt omfang og karakter, at det er ikkje tvil i at ein her vil finne mykje nytt stoff.

Det er over to tusen hyllemeter att med dokument frå krigstida som Arkivverket framleis ikkje har digitalisert, så det blir truleg arkivslepp også i åra som kjem.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.