Tek trolla over for vampyrane?

Hollywood viser stor interesse for dei norske trolla. Produsenten bak den norske filmen «Trolljegeren» håper trolla no vil ta over for vampyrane i filmverda.

Trolljegeren

Troll kan verte det nye store i Hollywood. Her frå den norske filmen Trolljegeren som har premiere i haust.

Foto: SF Norge AS

Hollywood har kasta blikket på den norske filmen Trolljegeren. Fleire er interesserte i rettane til å vise filmen på kino i USA, men også for å spele han inn på nytt.

– Det hadde vore kjekt om norske troll kunne danke ut vampyrane som det store filmsubjektet, det neste året, seier produsent for Trolljegeren Sveinung Golimo.

Produsent Sveinung Golimo

Produsent Sveinung Golimo har opplevd stor interesse for filmen Trolljegeren.

Foto: Nyborg, Kristine (Scanpix) / SCANPIX

Også andre amerikanske regissørar lagar no film om troll, og produsenten av Trolljegeren håper troll vil ta over for vampyrfilmane som har vorte svært populære dei siste åra.

Fleire troll-filmar på gang

I filmen Trolljegeren vandrar livredde menneske kvilelaust rundt i dei norske skogane. Filmen avslører at troll finst og at regjeringa held det hemmeleg for oss. Men det er ikkje berre nordmenn som er interesserte i troll om dagen.

Amerikanske DreamWorks lagar animasjonsfilmen Trollhunters, og den norske Hollywood-regissøren Harald Zwart jobbar også med eit prosjekt som handlar om troll.

– Vi har hatt ei heilt spesiell merksemd omkring denne filmen, på ei nivå vi aldri har opplevd tidlegare, seier Golimo.

Troll det neste store?

Trolljegeren

Eit troll, slik det ser ut i filmen Trolljegeren.

Foto: SF Norge AS

Fleire aktørar i Hollywood ynskjer å lage sin eigen versjon av filmen, og medan andre kappast om rettane til å vise den norske filmen på kino i USA.

– Det er stor internasjonal interesse for troll, det finst ulike troll i ulike delar av verda, men no kjem dei originale norske trolla, og det vekkjer oppsikt, fortel Sveining Golimo.

– Hollywood leitar alltid etter det neste store, og vi kjem med noko stort no, som får mykje merksemd.

Ny mytologisk verd

VGs anmelder Jon Selås

Filmkritikar i VG, Jon Selås, har trua på at trolla kan slå an.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Filmkritikar i VG Jon Selås trur ikkje det er usannsynleg at troll dankar ut dei populære vampyrane.

– Eg trur ikkje det er eit fåfengt håp frå folka bak Trolljegeren. No er det lenge sidan troll har vore «in». Eg trur ikkje det er sjarmen det kjem til å gå på, eg trur heller det handlar om rein action, spår Selås.

Han peiker dessutan på at utviklinga i teknologien gjer moglegheitene for troll-filmar gode.

– Her har ein ei heilt ny mytologisk verd som dukkar opp, som ein lys idé. Det er sjeldan slikt gjer, og slikt kan ein lage filmar av, seier Jon Selås.

Den norske filmen Trolljegeren har premiere 29. oktober.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Filmkomponist skaper BMW-lyd

    Det tyske bilselskapet BMW lanserer sin nyeste elbil i dag, og denne gangen er en komponist med på laget. Hans Zimmer, som er en av verdens mest kjente filmmusikkomponister har nemlig designet lydbildet inne i bilen. Elbiler er nesten helt lydløse, og mange savner de lydene de er vant til. BMW-eiere får nå valgfri billyd laget av mannen bak musikken til blant annet «Løvenes Konge» og «Pirates of the Carribean».

    BMW
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • Mariss Jansons er syk

    Oslo Filharmoniens tidligere sjefdirigent og en av verdens mest ettertraktede dirigenter avlyser alle sommerens planlagte konserter av helseårsaker. Jansons skulle blant annet ledet flere konserter under årets Salzburg Festival og under BBC Proms. Jansons (76) har også tidligere hatt utfordringer med helsa. (slippeddisc)

    Mariss Jansons
    Foto: Sigi Tischler / AP
  • Nytt festivalsamarbeid

    Nordlysfestivalen i Tromsø og samtidskunstfestivalen Ilios i Harstad inngår samarbeid. – En av grunnene er at det har blitt for dyrt å få orkestre og artister nordover til kun en festival, sier leder av Iliosfestivalen, Anders Eriksson.

    Sisu
    Foto: Martin Mortensen / NRK