Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på dating-reklame

Forbrukarombodet vurderer no om ein reklamekampanje for datingselskapet «Rich Meet Beautiful» er i strid med forbodet mot kjønnsdiskriminerande reklame og uetisk marknadsføring.

Elisabeth Lier Haugseth/Forbrukerombudet

Forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth vurderer om marknadsføringa til nettstaden Rich Meet Beautiful.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Ein radioreklame, ein video på Youtube og no sist ein stor reklame køyrt rundt på ein tilhengjar for tenesta. Reklamen rettar seg direkte mot pene kvinnelege studentar, og bodskapen er klar.

Ved å gå ut med eldre, velståande menn, så kan dei kome gjennom utdanninga si utan studielån.

«Hei studentar! 0 i studielån? Date ein sugar daddy», står det på plakaten. ?

Laster Twitter-innhold

Ein «sugar daddy» er ein mann som gir pengar eller gåver til unge jenter mot visse motytingar.

Det var organisasjonen Freethem sosm første sette søkjelyset på nettstaden. Freethem arbeider mot menneskehandel.

Forbrukarombodet

Ei av mange som har reagert på marknadsføringa er forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth. Ho fortel at dei no vil vurdere om denne forma for reklame er i strid med dei gjeldande lovene.

– Det var ikkje vanskeleg for oss å gå inn i denne saka. Vi var ikkje snakka med selskapet, men her er det heilt klart vi må sjå om dette er i tråd med marknadsføringslova og forbodet mot kjønnsdiskriminerande reklame. Eg reknar med at vi er ferdige med vurderinga i løpet av få dagar, og om vi meiner dette er i strid med lova, så sender vi eit brev til selskapet, seier Elisabeth Lier Haugseth til NRK.

Ho fortel at dette er vanleg prosedyre i slike saker.

Det var organisasjonen Freethem som først sette søkjelyset på denne saka.

– Trist og kynisk

Ein av dei som har reagert på reklamen er politikaren Erik Lunde, som representerer KrF i Oslo bystyre. Han kallar det for trist og kynisk, og skriv på Twitter at dette må det setjast ein stoppar for. Han håpar at Forbrukarombodet vil greie å stanse denne marknadsføringa, og han ber også andre om å kome på bana.

Mannen bak nettsida er Sigurd Vedal. Han seier til Universitas at han ikkje har moralske skruplar.

Ikkje dårleg samvit

– Mange uvitande til «sugardaddy» og «sugarbaby», dei meiner det trekkjer ei negativ kopling mellom finansielle ressursar og sex. Dette skildrar ikkje forholda korrekt. «Sugar babies» har oftast kjemi, utsjånad og andre personlege trekk som krav for å date ein «sugar daddy», seier Vedal til NRK.

Vedal understrekar det ikkje er lov å selje sex på nettsida og oppfordrar medlemmer til å rapportere andre medlemmer som bryt reglane.

På spørsmål om han forstår at folk reagerer, sammenliknar han tenesta med filmen 50 Shades of Grey:

– Det er pussig at folk reagerer på «RichMeetBeautiful», men hyllar denne bok- og filmsuksessen då det rulla reklamar for filmen på tv, radio og utandørs – og heile filmen gjekk på kino og tv, seier han.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.