NRK Meny
Normal

Statsråden ber H&M skjerpe seg

Hennes & Mauritz måtte i dag svare for seg til statsråd Inga Marte Thorkildsen etter avsløringar om elendige arbeidstilhøve ved fabrikkane deira. Den svenske motegiganten innrømmer at dei kan betre seg, men kan ikkje gje konkrete lovnader.

Tekstilfabrikk i Kambodsja

På denne tekstilfabrikken i Kambodsja er det ikkje uvanleg at arbeidarane brukar 12 timar i døgeret. To timer overtid om dagen er eit minimum, for blir det mindre enn det, har ikkje arbeidarane nok å leve av.

Foto: Michel Cermak / Clean Clothes Campaign

Etter at svenske TV4 sende ein dokumentar om arbeidstilhøva ved fabrikkane til den svenske kleskjeda Hennes & Mauritz, har debatten om arbeidstilhøva i tekstilbransjen rasa.

I dokumentaren kjem det fram at tilsette på motegiganten sine fabrikkar i Kambodsja jobbar for om lag tre kroner timen, og ikkje kan leve av løna si.

Samla aktørane

Måndag inviterte forbrukarminister Inga Marte Thorkildsen til krisemøte med

Inga Marte Thorkildsen

– MÅ TA GREP: Forbrukerminister Inga Marte Thorkildsen, ber H&M ta grep for å betre arbeidstilhøva på fabrikkane dei brukar.

Foto: Tore Linnerud / NRK

bransjen og relevante organisasjonar.

– H&M bør ta ansvar og bli betre i arbeidet sitt med etikk. Meir openheit og konkrete tiltak må til, seier statsråden.

H&M var til stades saman med fleire andre kledeprodusentar, organisasjonane Initiativ for etisk handel og Framtiden i våre hender, LO og hovudorganisasjonen Virke.

Pressa slapp ikkje inn på sjølve møtet, men Thorkildsen var nøgd med å ha samla dei ulike partane etter veker med medieoppslag om H&M og tilhøva ved fabrikkane deira.

– Det kom fram konkrete eksempel på kva som er problema og kva som kan gjerast. H&M er lyttande, men dei syns sjølvsagt det er ubehageleg. Eg håpar dette kan føre til at ting vert endra. Me kan ikkje gje oss, seier ho.

– Unnskyldningar held ikkje

Statsråden kritiserer H&M for å ikkje vere opne om kva fabrikkar dei brukar, og for å ikkje gje seg sjølve tidsfristar for framgangen i det etiske arbeidet.

– Det held ikkje lenger med dårlege unnskyldningar og å halde ting hemmeleg. H&M påpeikar at dei ikkje er dei verste, men dei er eit stort selskap med mykje makt og pengar, og bør difor gå framføre som eit godt førebilete. Dei har mogelegheita til å gje arbeidarane sine ei betre løn enn minsteløna i landet, seier ho.

– Ikkje eit H&M-problem

H&M sin sjef for berekraft, Helena Helmersson, påpeikar at mykje av problema ligg i at fattige land har dårleg sikra rettar for arbeidarane. H&M

– Dette er ikkje eit H&M-problem, det er eit problem i heile industrien og i landet ein produserer i, seier ho.

H&M har tidlegare kritisert TV4 for å vise eit unyansert bilete av produksjonen deira. Dei seier òg at det ikkje er dei som betalar løna til tekstilarbeidarane, men fabrikkane, og at det difor er lite dei kan gjere med det, sidan dei ikkje eig fabrikkar sjølve.

H&M

– VERT BETRE: Berekraftsansvarleg i H&M, Helena Helmersson, seier kleskjeda arbeider mykje med å betre arbeidstilhøva på fabrikkane dei brukar.

Foto: Tore Linnerud / NRK

Men Helmersson innrømmer at selskapet har betringspotensial.

– Me kan verte betre, og jobbar heile tida med å bli det, seier ho.

Statsråden har inga reell makt til å få endra arbeidstilhøva på fabrikkar i Kambodsja eller andre land, men håpar å inspirere bransjen til å verte betre.

– Eg håpar kritikken kan føre til inspirasjon til å gjere noko i staden for at dei berre forsvarar seg. Dette var eit spanande møte, og eg håpar fleire lot seg inspirere til betring, sa Thorkildsen etterpå.

Kan ikkje love noko

Men H&M kan ikkje gje svar på om dei vil verte meir opne om kva fabrikkar dei brukar, eller om når dei vil komme med tidsfristar på å få til betre tilhøve for tekstilarbeidarane.

– Me har interne diskusjonar gåande om dette, men eg kan ikkje seie nok konkret om når det vil skje, seier Helmersson.

– Må opne opp

Leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, er kritisk til at H&M skriv frå seg ansvaret.

– H&M er kanskje ikkje verst i klassen, men det er ein veldig dårleg klasse. Dei må finne seg i at dei har mykje makt til å betre tilhøva for tekstilarbeiderane, seier han.

Når H&M ikkje vil ut med kva fabrikkar dei brukar, vert det uråd for organisasjonane å følgje med på korleis tilhøva er.

– Dei bør gå ope ut med leverandørlister og setje seg tidsfristar for betringar i etikkarbeidet. Utan er det vanskeleg å måle resultata, seier han.

Arild Hermstad

– IKKJE GODT NOK: Leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad, meiner H&M ikkje tek nok ansvar for sin eigen produksjon.

Foto: Tore Linnerud / NRK

Forbrukarane må sei ifrå

Både han og Thorkildsen påpeikar at norske forbrukarar vil ha betre etikkarbeid, men at dei òg må ta sin del av ansvaret.

– Forbrukarane har mykje makt, og må vere tydelege på kva dei vil ha. Men det er vanskeleg, og marknadskreftene jobbar ofte imot det, seier Thorkildsen.

Framtiden i våre hender meiner forbrukarane bør gje klare signal om at dei vil ha meir fokus på etikk, men dei har ikkje trua på å boikotte kleskjedene som ikkje føl opp.

– Me krev ei løn det går an å leve for i tekstilindustrien, men me oppfordrar ikkje til boikott då det kan føre til auka arbeidsløyse, seier Hermstad.

Vil betre merkinga

Ho seier ho sjølv kan verte betre på å kjøpe mindre klede. Samstundes ynskjer ho betre merking av kvar kleda kjem frå.

– Me må jobbe internasjonalt for å få betre openheit om kvar kleda kjem frå og under kva tilhøve dei er laga. Me bør ta inspirasjon frå matverda, der det har vorte ein trend å merke varene detaljert med korleis dei er laga, seier ho.

Men H&M sel enorme mengder klede i Noreg, og opna for kort tid sidan sin butikk nummer 100 her i landet. Mellom folk NRK møter på gata, er dei fleste einige i at etiske omsyn bør vere viktige, men at det ofte vert prisen som avgjer kvar ein handlar.

– Tek det billigaste

– Det er nok litt lite gjennomtenkt, men i praksis handlar eg nok der det er lågast pris, seier Hilde Nystadbakk.

Det er det same som dei fleste av dei me pratar med på gata i Oslo.

– Eg tenkjer eigentleg veldig lite på kvar kleda mine kjem frå, men det går jo inn når ein høyrer mykje om det, så det burde kanskje opplysast meir om det, seier Petter Ekrann.

Samstundes syns han ikkje det er greitt at arbeidstilhøva er så dårlege som dei er mange stadar.

– Det er jo ikkje greitt at nokon skal jobbe under dårlege vilkår og låg løn for at me skal få billige klede, seier han.

Kulturstrøm

  • Dokumentar: Avijii

    Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Se dokumentaren her:

    Sv. dokumentar. Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Overskuddet gikk til et veldedig prosjekt, "House for Hunger".
  • Feirer 92 år med Shaggy og Kylie

    Britenes dronning Elizabeth markerer sin 92-årsdag med konsert i London lørdag kveld. På scenen står blant andre Sting, Tom Jones og Jamie Cullum. Også Kylie Minogue, Shaggy og Craig David skal opptre på dronningens bursdagsfest (NTB).

    Video Direkte fra parlamentet
    Foto: Nyhetsspiller