Hopp til innhold

Viktor (19) slit med å finne klede som passar: – Laga for slanke og høge personar

Kledebransjen kan gjere mykje når det kjem til passform, seier forskar.

Viktor Waal Solberg med kvit bukse, blå gensar og lys boblevest.

Viktor Waal Solberg seier at om han ikkje finn kleder som passar så går det ut over den mentale helsa.

Foto: Runar Lindseth / NRK P3

– Klede for menn er som regel laga for høge, slanke og godt trena personar, seier Viktor Waal Solberg (19).

Studenten frå Nøtterøy i Vestfold meiner det er ekstra utfordrande for menn å handle klede. Rett og slett fordi han opplever at dei fleste klede for menn er forma etter den same malen.

I januar skreiv han ein kronikk der han spør kvifor menn ikkje pratar meir om pluss size-klede.

– Eg merkar det sjølv, om eg ikkje finn klede som passar meg, så kan det gå ut over den mentale helsa. Om dei einaste kleda som passar folk, som til dømes er unormalt store er joggebukser og store t-skjorter i dårleg kvalitet, så følar ein seg drit, seier Solberg.

Kleda for dame er ikkje noko betre. Det meiner Johanna Martinsen Brygfjeld (28).

Illustratøren frå Korgen i Nordland seier det er for liten forskjell på kledeplagg i dei ulike størrelsane.

I kledebutikken Bik Bok i Oslo kan Brygfjeld bruke alle størrelsar i ein topp. Alt frå XS til L, utan at ho kjenner ein merkbar forskjell.

Johanna Martinsen Brygfjeld prøvar ein svart topp i tre forskjellige størrelsar.

Ein topp i alt frå XS til L i butikken Bik bok passar Brygfjeld, som meiner alle plagga nesten er like store.

Foto: Privat

– Dette er problematisk for dei som er ein størrelse L, og som ikkje finn klede til seg sjølv i butikken. Kledebransjen er lite inkluderande. Det verkar som dei berre vil appellere til tynne folk.

Ho meiner det er eit bilete på at størrelsane i kledebutikkane er for dårlege og unøyaktige.

Passform er vanskeleg

– Vi burde få størrelsar som faktisk passar folk, for då kan kleda vare lenger. Då slepp vi å kjøpe klede som er for små, for så å utvide plagga slik at dei blir stygge og slappe. Også kjøpe nytt plagg månaden etterpå.

Brygfjeld er inne på noko her.

Johanna Martinsen

Johanna Martinsen Brygfjeld meiner at kledebransjen bør lage klede som faktisk passar folk.

Foto: Privat

I Noreg kastar vi rundt 31.500 tonn med tekstil i restavfallet årleg. Det viser tal frå ein rapport frå PlanMiljø og Østfoldforskning i 2019.

Men det er ikkje berre nordmenn som kastar klede. Kvar europear kastar elleve kilo klede årleg, ifølge EU. Og knappe ein prosent av dette blir resirkulert. Mesteparten hamnar på søppelfyllingar, eller går til forbrenning – noko som lagar store klimagassutslepp.

Ein tredjedel av grunnane til at vi kastar kleda våre handlar om at det er noko gale med passforma. Det fortel professor i klede og berekraft ved Oslo Met, Ingun Grimstad Klepp.

Dette med passform er samansett og vanskeleg, seier Klepp.

Betre for miljøet med betre passform

Hos kvinner er gjerne kleda tronge i område som forandrar seg, som rundt livet. Og hos menn er kleda ofte trongare i område som forandrar seg minst, som handledd og hals. Uansett meiner Klepp det er viktig å gjere kleda meir fleksible.

– Om kleda våre skal vare lenger og brukast meir, så må dei også tole at vi menneske ikkje er statiske.

– Hadde det vore meir berekraftig om bransjen lagde klede som passar kroppane våre betre?

– Ja, og kledebransjen kan gjere mykje når det kjem til passform, seier ho.

– Bransjen kan bli betre

Ifølge Klepp kan bransjen bli betre på å faktisk følgje og bruke dei storleikssystema vi har i dag, men også jobbe for at dei skal passe kroppane våre betre. Storleikssystema i dag er ofte basert på gamle tal.

Ho seier det også er eit stort problem at kledestørrelsane i dag blir gradert feil. Når kledebransjen lagar mønster, så er det tilpassa ein liten størrelse, også blir det lagt på cm for dei store størrelsane.

Ingun Grimstad Klepp har kort, krøllete hår, blå strikket genser og gullsmykke. Hun smiler og ser inn i kameraet.

Professor Ingun Grimstad Klepp seier kledebransjen kan gjere mykje for at kleda våre skal passe betre.

Foto: Sonja Balci / OsloMet

– I verkelegheita burde ein ta utgangspunkt i mål av store menneske, og gå motsette vegen, og faktisk lage kleda etter dei måla, forklarar Klepp.

– Skal vi ha færre klede, og det må vi, er den enklaste måten å gjere det på, å kjøpe mindre nytt. Og då må det vi kjøper passe betre.

– Kva konkret gjer bransjen for at kleda skal passe betre?

Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva bransjen gjer for å løyse dette, fordi bransjen er stor og samansett av alt frå globale selskap til mindre bedrifter. Men det finnast enkeltbedrifter som jobbar spesifikt med passform, og som til dømes spesialiserer seg på store størrelsar, seier ho.

Les også Dropper small og large, mener du er smekker eller lekker

Edel Design, klesstørrelser

– Alle er velkomne hos oss

Kledekjedene Cubus og Bik Bok seier begge at dei tar problematikken på alvor og har eit stort utval av storleikar.

– Vi fører eit breitt utval av storleikar og passformer og meiner at merkinga stemmer godt med det ein kan forvente seg, seier marknadssjef i Cubus Johan Jakobsson.

Jakobsson er også einig i at rett passform og storleikar er viktige element i eit berekraftsperspektiv.

– Vi har eit stort fokus på at plagga våre skal passe og jobbar kontinuerleg med dette.

Les også Rift om gamle Levis-bukser

Kine Skuseth (17) og Rachel Borøchstein (17) viser frem sine Levis-bukse 501

Bik Bok seier også at målet deira er å tilby klede som passar så mange som mogleg.

– Alle er velkomne hos oss. Vi har jobba mykje med storleikar og passform dei siste åra og kan på generelt grunnlag seie vi opplever at kundane våre er fornøgde, men vi er takksame for alle tilbakemeldingar vi får, seier marknadssjef hos Bik Bok Nina Ruud.

Ifølge Ruud følgjer Bik Bok Europeisk standard på storleikar og tilbyr alle produkt i storleik XS-XL som er lik 34–48.

– Vi jobbar mykje med berekraft gjennom heile vår verdikjede, også når det gjeld storleikar og passform. Vi jobbar kontinuerleg med å sjå på kvar vi skal leggje til ekstra storleikar og lengder, og dessutan å finne den rette balansen mellom eit godt utval av storleikar og eit rett nivå for produksjon.