Hopp til innhold

Songen Aurora skreiv som 11-åring er blant verdas mest populære

Seks år etter utgivinga har låten «Runaway» skote fart i Spotify sine globale lister. – Ikkje så ofte ein ser så gamle låtar toppar listene, seier musikksjef Adiele Krüger Arukwe.

Aurora Aksnes

HIT: Aurora sin hitlåt «Runaway» frå 2015 har plutseleg blitt ein av verdas mest populære låtar.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg føler at dette er ein song som alltid skulle nå hjarta til folk, seier Aurora Aksnes, kjent ved artistnamn Aurora, til NRK.

Låten hennar Runaway har nemleg klatra opp blant dei 20 mest populære på Spotify si liste over mest strøyma låtar globalt. Det skjer seks år etter at låten først blei gitt ut.

Låten har i dag over 180 millionar avspelingar på Spotify. VG har tidlegare omtala saka.

– Spesiell sak

Det sosiale mediet TikTok har mykje av æra for at låten fekk eit nytt liv. Her har det dukka opp ein ny trend der folk legg ut videoklipp med denne songen, og brukar emneknaggen #runawayaurora.

– Eg har alltid visst at folk har knytt seg veldig til den låten gjennom heile karrieren min, også dei få som visste om meg i starten hugsar eg at beit seg merke i «Runaway». «Runaway» har alltid vore glad i menneske, og menneske har alltid vore veldig glade i «Runaway».

Likevel trur ho det er litt tilfeldig at akkurat denne låten har tatt sånn av.

– Eg veit om svært mange musikarar og låtar som aldri fekk den anerkjennelsen dei skulle hatt.

Aksnes sjølv har også sjølv kasta seg på TikTok-trenden, til glede for sine 1.7 millionar følgarar.

@iamauroramusic

I love this trend so much 🥀 there is so much beauty in this world. #runawayaurora #runaway

♬ Runaway - AURORA

– Det er jo ei litt spesiell sak, fordi låten er seks år gammal, og det er ikkje så ofte ein ser så gamle låtar gjera det stort på dei topplistene me ser her. Dei aller fleste låtane der er heilt ferske, seier musikksjef Adiele Krüger Arukwe i NRK P3, Mp3 og P3X.

Ho meiner det er veldig stort at låten har blussa opp slik som han har gjort no.

– Men så har me jo sett ein tendens til at appen TikTok klarar å få inn også eldre låtar enn seks år inn på topplistene.

Adiele Helen Krüger Arukwe

STOR: Musikksjef Adiele Krüger Arukwe trur at den nye suksessen på TikTok kan gjera Aurora endå større enn det ho allereie er både i Noreg og internasjonalt.

Foto: Madeleine Delp Bergsjø

Skreiv «Runaway» som 11-åring

Aksnes fortel at ho skreiv låten då ho var 11 år, og at ho ferdigstilte han då ho var 14 år.

– Av og til er det grenser for kva ein 11-åring får til. Men det var eit ganske bra utgangspunkt, men eg skreiv han ferdig då eg var rundt 14 år, så no gir han endå meir meining.

Ho fortel at ho framleis føler låten veldig sterkt i dag, 11 år etter at ho ferdigstilte han.

– Og så forstår eg han kanskje på ein litt annan måte. Eg trur eg forstår han betre no enn eg gjorde då, han betyr endå meir for meg no enn det han gjorde då.

Den nye suksessen har ikkje endra kvardagen hennar fortel ho.

– Eg held berre fram. Eg er i studio, lagar musikk, jobbar med ei ny plate, lagar middag til meg sjølv og går litt fjelltur, og sånne gode ting. Det finn eg enormt mykje glede i, spesielt etter å ha vore så mange år på turne.

Men ho røper at den nye musikken ho jobbar med kanskje er ein smule prega av koronakvardagen.

– Han er ganske absurd. Eg synest det har vore ei veldig absurd tid, men også ei god tid som kan minna oss på mykje ein gløymer i kaoset av den vanlege verda. Så det er litt sånn absurd musikk, samstundes som han er litt filmatisk.

Sjå programmet Haik med Aurora frå 2019:

I HAIK skal Norges største popstjerner ut på tur. I dette underholdningsprogrammet har Aurora lagt livet sitt i programleder Christine Dancke sine hender for en dag. De drar på en biltur fylt av overraskelse og deilig musikk. Målet for reisen er en hemmelig konsert.

I HAIK skal Norges største popstjerner ut på tur. I dette underhaldningsprogrammet har Aurora lagt livet sitt i programleiar Christine Dancke sine hender for en dag. De drar på en biltur fylt av overrasking og deilig musikk. Målet for reisa er en hemmeleg konsert.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.