Jakob Oftebro (37) og Jonas Hoff Oftebro (27) kjem latterfulle inn på scena.
– Dei ler sikkert av meg, seier Nils Ole Oftebro til kona Anette Hoff, og ristar på hovudet.
Jakob, Anette, Jonas og Nils Ole skal spele familien Tyrone i «Lang dags ferd mot natt». Til vanleg er dei også i familie.
Foto: Lars Opstad / Oslo Nye TeaterFamilien har nettopp sett i gang med leseprøvane på Oslo Nye Teater.
Så mange Oftebro-ar på ei teaterscene har det aldri vore før.
– Eit stykke teaterhistorie
Strengt teke er det ikkje familien Oftebro som står på scena, men familien Tyrone i stykket «Lang dags ferd mot natt».
– Det at det er ein dobbel familiesituasjon, gjer kanskje at stoffet kjem tettare på publikum, fortel Anette Hoff etter leseprøvane.
Teatersjef Runar Hodne er veldig fornøgd med å ha fått med fire Oftebro-ar i den nye oppsetjinga si.
Foto: Trygve Heide / NRKDet var også tanken til teatersjef Runar Hodne då han fekk idéen om å ha familien Oftebro i hovudrollene.
– Eg hugsar eg fekk den ideen og tenkte: Dette er ein heilt fantastisk idé! Dette vil eg gjere, og eg håpar vi får det til.
Hodne meiner det vil skrive seg inn i historiebøkene.
– Eg trur det blir eit stykke teaterhistorie.
Tidlaust og universelt
Sjølv om latteren sit laust, fortel storebror Jakob Oftebro at dei har å gjera med eit tungt stykke.
Mor skjuler at ho er rusavhengig, medan sonen Edmund (Jonas Hoff Oftebro) er sjuk. Det går føre seg på slutten av 1890-talet, og vart skrive av amerikanaren Eugene O'Neill på 40-talet.
Jonas fortel at han trudde teksten skulle kjennast tyngre. Sjølv om han er trist, meiner Jonas at det er noko familiært og lett over han.
– Det handlar om ein familie som i botn og grunn er glade i kvarandre, men så har det berre skore seg. Det er misforståingar og kjærleik mellom karakterane.
Stykket om familien Tyrone er mørkt, og tek for seg tematikk som ein kan kjenne seg igjen i, også i dag.
Foto: Trygve Heide / NRKHan trur fleire kan kjenna seg igjen i det.
– Me sit og ler og koser oss på leseprøvane fordi me kjenner oss igjen, fordi den dynamikken på ein eller annan måte er tidlaus og universell.
– Ein familie på tynn is
Pappa Nils Ole Oftebro fortel at stykket handlar om ein familie som prøver å halde humøret oppe.
– Sjølv om isen dei ruslar på er tynn, og dei kan falle gjennom når som helst.
Ekteparet Anette Hoff og Nils Ole Oftebro skal spele ekteparet Tyrone på Oslo Nye Teater.
Foto: Lars Opstad / Oslo Nye TeaterDet er mykje i stykket som kan verke like aktuelt i dag, sjølv om stykket er skrive for lenge sidan.
– Det handlar om avhengigheit. Vi lever jo i ei tid kor det er enormt mykje dop som flyt i gatene. Stykket er på ein måte meir aktuelt i dag, enn det var då det vart skrive, dessverre, seier han.
Skodespelarar på rekkje og rad
Familien Oftebro er «full» av skodespelarar.
78 år gamle Nils Ole har stått på scener og framfor kamera sidan 60-talet, der han har spelt både Shakespeare og Ibsen.
Kona Anette Hoff (62) har vore med på oppsetjingar ved Riksteateret, Den nasjonale scene i Bergen og ved Rogaland Teater, men er nok mest kjent for rolla som Juni Anker-Hansen i såpeserien «Hotel Cæsar».
Jakob Oftebro seier det er hyggeleg å få arbeide saman med familien.
Foto: Trygve Heide / NRKOftebros son, Jakob, var ein av historias yngste som den gong kom inn på Teaterhøgskolen, berre 18 år gammal. Sidan har han hatt roller i fleire kjende filmar, blant dei «Birkebeinarane», «Max Manus» og «Kon-Tiki». Han har også stått på teaterscena saman med faren i «Peer Gynt» ved Gålåvatnet.
Jonas Hoff Oftebro samlar også på erfaringar på kinolerretet, som Kjell Jensen i «Olsenbanden jr.», og med roller i «Børning» og «Bølgen».
No skal dei alle stå på scena saman, for aller fyrste gong.
– Synest eg er utruleg heldig
Jakob Oftebro fortel at han takka ja til jobben med ein gong. At det var saman med heile familien var han ikkje framand for.
– Eg har jobba med far og Jonas før, så av erfaring er det berre hyggeleg.
Anette Hoff fortel at ho var litt usikker fyrst.
– Stykket er tungt av og til, så eg har vore litt redd for at me skal verta leie kvarandre rett og slett.
I familien Tyrone er det mange misforståingar. Familien Oftebro seier mykje er gjenkjenbart.
Foto: Trygve Heide / NRKPappa Nils Ole kjenner seg heldig over at dei har fått moglegheita til å vere meir saman.
– Desse gutane her har sine eigne liv, og er ikkje heime ein gong i veka akkurat. Me er heldige om me ser dei eit kvarter i månaden. Eg synest eg er utruleg heldig.
Men han innrømmer at det kan kome nokre utfordringar undervegs.
– Eg trur det kan verta utfordrande fordi desse gutane vil vera så forferdeleg morosame, ler Nils Ole Oftebro.
Ifølgje pappa Nils Ole er det mykje fjas og tull frå sonene, og latteren sit laust under prøvane.
Foto: Lars Opstad / Oslo Nye Teater– Lettare å gå inn i det mørke
Mest av alt trur dei alle at det vil vere ein fordel for stykket at dei kjenner kvarandre godt.
Nils Ole meiner dei stolar så mykje på kvarandre at det er lettare å gå inn i det mørke og djupe.
Og dei håpar at publikum kan bli litt klokare av å sjå stykket.
– Karakterane i stykket slit med å sjå kvarandre for dei er så opptekne av det som går føre seg inni seg sjølv. Det hadde vore utruleg herleg viss folk gjekk ut og tenkte litt på det, avsluttar Jonas.
«Lang dags ferd mot natt» har premiere i januar 2024.