Hopp til innhold

Skjebnedag for Munch-museet

Riksantikvaren og Byrådet i Oslo skal i dag møtast for å diskutere det nye Munchmuseet. – Presset på kommunen aukar, seier Erling Dokk Holm.

Lambda

Lambda

Foto: HAV Eiendom

For første gang skal Riksantikvaren møte Byrådsleiaren i Oslo for å diskutere Munch-museet ansikt til ansikt. Begge ynskjer å bestemme korleis hovedstaden skal sjå ut.

Erling Dokk Holm

Forskar Erling Dokk Holm meiner byutvikling engasjerer mange.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Men, det er dei ikkje aleine om, meiner forskar ved Markedshøyskolen, Erling Dokk Holm. Byutvikling har vorte noko alle engasjerer seg i.

– Eit moderne kulturbygg, må på sett og vis og vis ha demokratisk legitimitet, meiner Erling Dokk Holm.

Forskar ved Markedshøyskolen Erling Dokk Holm meiner bråket rundt Bjørvika-utbygginga i Oslo skuldast at politikarane ikkje har teke inn over seg at byutvikling engasjerer fleire enn dei sjølve.

– Det er jo skattebetalarane sine pengar.

Høge forventingar


Og når skattebetalarane har sett operaen i Bjørvika vert forventningane til det nye Munchmuseet skrudd opp fleire hakk, trur Erling Dokk Holm.

– Mange ventar nok at det nye Munch-Stenersen-museet skal ha ei appellerande form på linje med Den Norske Opera & Ballett har. Men dei færraste ser noko slikt i det bygget, seier Erling Dokk Holm.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Populær opera

Innbyggjarane ynskjer seg noko like vakkert som Operaen i Bjørvika, trur Erling Dokk Holm.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I tillegg trur Erling Dokk Holm at noko av problemet med bygget, er at heller ikkje arkitektar oppfattar Lambda som eit interessant bygg.

Skarp kritikk frå riksantikvaren

Riksantikvar Jørn Holme peika ut høghusa i Bjørvika som den viktigaste kampsaka si før jul i fjor, og truga med å stoppe det nye 60 meter høge Munch-museet.

Riksantikvar Jørn Holme

Riksantikvar Jørn Holme har sterke meiningar om Bjørvika-utbygginga.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Viss ikkje ein finn ei minneleg løysing, går saka vidare til regjeringa, sa riksantikvaren før jul.

Tilbakemeldinga riksantikvaren fekk frå Oslo kommune, via byutviklingsbyråd Bård Folke Fredriksen, var krass.

– Dette er eit eklatant døme på maktmisbruk, var svaret frå Bård Folke Fredriksen.

Hittil har ordskiftet gått føre seg i media, men i dag møter riksantikvaren på Rådhuset der byråd Fredriksen, byrådslederen, kulturbyråden og plan- og byggesjefen for Oslo kommune vil ha eit ord med han. Med så massiv motstand hjelper det kanskje at Jørn Holme føler han har folket i ryggen.

– Kvar dag vert eg stoppa på gata av folk som er glade over at vi er tydelege i denne saka, seier Jørn Holme.

Neppe store endringar

Forskar Erling Dokk Holm har sansen for riksantikvaren sine utspel, men han trur ikkje det skjer noko revolusjonerande på dagens møte.

– Eg trur at presset på kommunen for å gjere endringar vil verte stort. Møtet resulterer truleg i ei utsegn om at ein skal kutte eit par etasjar, tippar Erling Dokk Holm.

Hadde derimot innbyggjarane i Oslo fått seie sitt, kunne det ha vorte full stopp for heile Bjørvika-utbygginga.

– Hadde reguleringsplanen for Bjørvika vorte lagt ut til folkeavstemming ville veldig få ha stemt for den, dersom dei hadde forstått korleis det ville kome til å sjå ut. Uansett kva eg måtte meine synest folk flest at høge hus ikkje er fine, dei vil helst ikkje ha dei, seier Erling Dokk Holm.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.