Hopp til innhold

Skavlan er ikkje skremd av dårlege sjåartal

Fredrik Skavlan er skuffa, men ikkje overraska, over dei dårlege sjåartala han har fått etter overgangen til TV 2. Samtidig trur han det kan vere bra for vidareutviklinga av programmet.

Fredrik Skavlan, Jimmie Åkesson og Louise Erixon

Den svenske politikaren Jimmie Åkesson og sambuaren Louise Erixon gjesta Fredrik Skavlan då han hadde premiere på TV 2 tidlegare i haust. Programmet samla 440.000 sjåarar. Sidan har sjåartala gått nedover for «Skavlan».

Foto: Monkberry/tv2 Johan Halsius / NTB scanpix

Etter 20 år som talkshow-vert på NRK, melde Fredrik Skavlan overgang til TV 2 i juni. Dei la meir pengar på bordet enn NRK. I tillegg kunne dei lokke med ei digital satsing i strøymetenesten TV 2 Sumo.

TV 2-premieren i haust samla 440.000 sjåarar. Det var 220.000 færre sjåarar enn det haustpremieren på NRK hadde året før. Etter det har sjåartala halde fram med å dale. Sist veke var det under 250.000 sjåarar som fekk med seg programmet på fredagskvelden.

I eit intervju i «Ukeslutt» vedgår Fredrik Skavlan at dei tok ein kalkulert risiko då dei takka ja til TV 2-tilbodet.

– Vi tok ein stor sjanse med den norske marknaden vår, men vi visste kva vi gjekk til. Men det er mange år sidan eg har hatt så dårlege sjåartal.

Var i ein luksussituasjon

Sjølv om dei visste tala ville gå ned på ein ny kanal, var fallet kanskje større enn det både redaksjonen og kanalen hadde sett føre seg.

– Både vi og TV 2 er skuffa over oppslutninga. Vi meiner vi lagar bra program. Denne hausten har vi hatt nokre intervju vi har vore veldig godt nøgde med. Samtidig er det mykje å velje mellom. Vi kan ikkje vente at folk alltid skal velje oss.

Skavlan trur nedturen kan vere bra for programmet på sikt.

– Eg meiner vi har godt av dette. Det er ein luksussituasjon å ha sendetida rett etter «Nytt på nytt» som gir deg mange sjåarar. Eg har fått vere med å nyte godt av det i mange år.

Nytt på nytt 2017 Pernille Sørensen, Bård Tufte Johansen og Johan Golden.

«Nytt på nytt» er det mest sette programmet i Noreg, og bidreg også til gode sjåartal for programmet som kjem etter. I mange år var det Fredrik Skavlan som kunne nyte godt av dette.

Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Fryktar ikkje å bli lagt ned

TV 2 har kjøpt rettane til «Skavlan» i fire sesongar, det vil seie i to år. Men i takt med fallande sjåartal, har enkelte spurt kor lenge TV 2 kan halde fram med programmet. Men programleiaren fryktar ikkje for framtida.

– Vi har ikkje problem med dei låge sjåartala. Vi lagar framleis det største talkshowet i Norden. Tala i Sverige er gode, og vi kan halde på lenge.

Det er Anne Lindmo som no avrundar «Gullrekka» på NRK 1 på fredagskvelden etter overgangen til «Skavlan». Ho har fått fleire sjåarar etter at programmet blei flytta frå laurdag til fredag. Men Fredrik Skavlan seier han ikkje ser på «Lindmo» som ein konkurrent.

– Eg opplever ikkje Anne som ein konkurrent. Ho har ein tydeleg norsk profil, det har ikkje vi. Og då er det på ein måte rett at ho er større i Noreg enn meg. Vi lagar eit smalare show.

Nora Mørk, her fra innspillingen av fredagens Lindmo

NRK har hatt suksess med å flytte «Lindmo» frå laurdag til fredag. Her er Nora Mørk gjest tidlegare i haust. Fredrik Skavlan seier han ikkje ser på Anne Lindmo som ein konkurrent. Han meiner «Lindmo» har ein norsk profil, medan «Skavlan» er meir internasjonalt retta.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB