Hopp til innhold

«Skavlan» mista 220.000 sjåarar

Sesongpremieren av «Skavlan» på NRK1 i fjor haust, samla 660.000 sjåarar. Fredag hadde Fredrik Skavlan premiere på talkshowet på TV 2. Då hadde han mista ein tredel av sjåarane.

Fredrik Skavlan, Jimmie Åkesson og Louise Erixon

Jimmie Åkesson var blant gjestane til Fredrik Skavlan då han debuterte på TV 2 fredag. Til no har oppunder 500.000 fått med seg Skavlan-innhald på TV 2 og TV 2 Sumo i løpet av helga. Det er TV 2 nøgde med.

Foto: Monkberry/tv2 Johan Halsius / NTB scanpix

Fredag var det sesongpremiere på både «Skavlan» og «Senkveld med Helene og Stian» på TV 2. Då Fredrik Skavlan opna haustsesongen på NRK i fjor haust, var det 660.000 sjåarar som fekk det med seg. Det var ei historisk låg opning, ifølgje Nettavisen.

Etter overgangen til TV 2, var det 440.000 som såg sesongpremieren. Det vil seie at 31,6 prosent av dei som såg på TV, valde TV 2 i dette tidsrommet.

I tillegg har mange sett eitt eller fleire klipp frå programmet på TV2 Sumo. I ei pressemelding skriv TV 2 at dei reknar med at nesten 500.000 har vore innom Skavlan-innhald på TV 2 og TV 2 Sumo denne helga.

Trygve Rønningen på TV2s høstlansering.

Trygve Rønningen er godt nøgd med oppslutninga til dei nye programma fredag kveld, og seier dette er tal dei vil bygge vidare på i haust.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

TV 2 er godt nøgde med sesongopninga, seier kanaldirektør Trygve Rønningen til NRK.

– Dette var over all forventning. Det tek alltid litt tid å få introdusert nye program og programleiarar. Men desse tala viser at vi har mykje å bygge på.

«Lindmo» tok første stikk

Då Fredrik Skavlan melde overgang til TV 2, blei Anne Lindmo og hennar talkshow flytta frå laurdagskvelden til fredag.

Og i konkurransen mellom dei to talkshowa, var det «Lindmo» som tok første runde.

Fredag kveld var det 612.000 som såg NRK-programmet. Det gir ein marknadsdel på 45 prosent. Det er om lag 50.000 færre sjåarar samanlikna med for ei veke sidan.

Nora Mørk, her fra innspillingen av fredagens Lindmo

Då Nora Mørk gjesta «Lindmo» førre veke, var det 661.000 som såg på. Men denne veka forsvann om lag 50.000 av desse då programmet fekk konkurranse frå «Skavlan» på TV2.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Underhaldningsredaktør i NRK, Charlo Halvorsen, seier dei godt nøgde med desse sjåartala.

– Dette er veldig sterke tal. Vi hadde trudd vi skulle miste noko fleire sjåarar denne første fredagen, men 50.000 opp eller ned er noko vi må rekne med frå ei veke til ei anna.

Han seier NRK merkar godt at dei kommersielle kanalane satsar hardt på underhaldning i helgene. Det er med på å skjerpe konkurransen.

– Vi er klar over at det er ein sterk konkurranse om sjåarane både fredag og laurdag. Det gjer at vi må bli flinkare til å gjere dei tinga vi er gode på.

Gode tal for «Senkveld»

Det var også knytt spenning til korleis Stian Blipp og Helene Olafsen skulle klare seg etter at dei tok over «Senkveld»-konseptet etter Thomas Numme og Harald Rønneberg. Men premieren, som blei sendt rett etter «Skavlan», samla heile 582.000 sjåarar.

Det gir ein marknadsdel på 51,9 prosent. Det er den beste sesongopninga til «Senkveld» sidan hausten 2015.

Men no startar arbeidet med å halde på sjåarane, seier Rønningen.

– Dette blir ein lang haust med mange krevjande slag. No må vi arbeide for å halde på sjåarane, og så gjer vi opp status til jul.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober