Hopp til innhold

Sigrid viser norsk design i britiske Vogue

I ein tre og eit halvt minutt lang video ser vi artisten Sigrid som spelar piano og snakkar om oppveksten i Norge i klede frå fem norske designarar.

Sigrid på shoot med Vogue

I VOGUE: I norske designklær spelar Sigrid Raabe «Stranger» på pianoet i videoen, som nå er publisert i britiske Vogue.

Foto: Olav Stubberud

Det var under moteveka Oslo Runway i februar at Vogue gjorde intervju med ei designkledd Sigrid.

Sigrid har gjort braksuksess med songane «Don't kill my vibe» og «Stranger» og har teke Storbritannia med storm.

– Viss du er ung musikar og vil drive med popmusikk, så er det viktig at du gjer det fordi du elskar musikk, seier Sigrid Raabe i videoen som blei publisert i motemagasinet Vogue si nettutgåve i går.

I rekka av artistar Vogue har intervjua i spalta «Vogue meets» finn vi kjente artistar som Emma Watson, Sienna Miller og Dakota Johnson. Og nå altså det norske stjerneskotet Sigrid Solbakk Raabe.

I videoen sit Sigrid ved eit kvitt piano, der ho spelar ein av fjorårets store hittar «Stranger».

– Eg har vore så heldig som har fått vekse opp i Norge, med å gå på turar og på ski. Det var like viktig for familien min som musikken, fortel Sigrid Raabe i videoen.

Tidlegare har det norske superparet, modellen Lea Meyer og Henrik Holm kjent frå Skam blitt intervjua av Vogue.

Berre norsk design

I ei av scenane i videoen der Sigrid dansar i snøen, har ho på seg ei iaugefallande raud jakke.

I MAUD: Sigrid Raade i raud jakke frå det norske merket MAUD. Her i bakomfilmen frå shooten med britiske Vogue.

Det var den amerikanske kjendisstylisten Molly Dickson som styla Sigrid før Vogue-videoen. Dickson har styla ei rekke Netflix-kjendisar og blei flydd inn av arrangørane under Oslo runway i februar.

Til å style Sigrid Raabe brukte Dickson berre norske designarar som FWSS, Fram, Tom Wood ESP og nyetablerte MAUD.

Designar bak MAUD, Sophie Noel Vanay, syns det er kjempestas at den raude jakka ho har designa nå har hamna i britiske Vogue.

Sophie Noel Vanay

DESIGNAR: Norske Sophie Noel Vanay har laga nokre av kleda som Sigrid Raabe har på seg i britiske Vogue.

Foto: Terje Haugnes

– Det var veldig morosamt, vi har venta på resultatet. For eit nystarta merke er det stas at eit av plagga våre ender opp i Vogue, og det er supert å få det på Sigrid, ein norsk artist vi liker, seier Vanay.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters