– Eg skulle ønska eg visste at eg var samisk då eg ikkje synest samisk språk var så viktig på skulen, seier komikar og tidlegare fosterbarn Trine Lise Olsen.
Det samiske omgir ho i heimen hennar. På veggane og i pute-designet i sofaen.
Det er viktig for ho å vera stolt over røtene sine.
Spesielt etter over hundre år med fornorskingspolitikk mot samar. Det er eit mørkt kapittel som mange ser tilbake på med gru.
Sametingsråd trekk likevel parallellar til denne perioden når det gjeld situasjonen for samiske fosterbarn i dag.
– Me veit ingenting om samiske barn i barnevernets omsorg. Ikkje kor mange dei er, og ikkje om dei får veksa opp med språket sitt og kulturen sin, seier sametingsråd Runar Myrnes Balto (Norske Samers Riksforbund).
Dette får han støtte i av Norsk Fosterhjemsforening.
BEKYMRA: Runar Myrnes Balto (NSR) meiner barnevernet manglar oppdaterte system og metodar til å møta den nye barnevernslova med.
Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK– Moderne form for fornorsking
I den nye barnevernslova som trødde i kraft 1. januar i år, er dei kulturelle rettane til barn styrka. Denne slår fast at barnevernet skal ta omsyn til den etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunnen til barna på alle stadium i ein barnevernssak.
Men fordi at ein ikkje har nokon oversikt over samiske fosterbarn, er det vanskeleg å sikra dei kulturelle rettane.
– Me på Sametinget er veldig bekymra for om dei får veksa opp med språket og kulturen sin. Ting tyder på at mange ikkje får det, seier Balto og fortset:
– Eg trur ein kan seia at det er ei moderne form for fornorsking visst barnet blir flytta til familiar eller institusjonar og mistar sin samiske identitet og kultur, og ikkje får bruka språket sitt.
På spørsmål om kva Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) tenker om at det blir dratt parallellar til fornorskingshistoria, svarer divisjonsdirektør Kjetil Andreas Ostling at dagens politikk er tydeleg.
– Me skal heile tida ha merksemd på at me tar vare på samiske barn sine rettar som urfolk. Men politikken her er veldig tydeleg: barn har rett til å halda på tilknytinga si til kultur, språk og religion, og det skal me heile tida jobba for.
NASAK: Kjetil Andreas Ostling i Bufdir meiner det er gjort mykje for å styrka arbeidet med samiske fosterbarn, blant anna opprettinga av Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASÁG/NASAK).
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKSamarbeidsprosjekt skal sikra barna
Balto og Sametinget får støtte ifrå generalsekretær Tone Granaas i Norsk Fosterhjemsforening.
Dei har nyleg inngått ein samarbeidsavtale, først omtalt av Ságat, med mål om å bidra til at samiske barn sine rettar blir tatt vare på.
Det er nemleg veldig tilfeldig om samiske barn sine rettar blir oppfylte, erfarer Granaas.
– Snart blir det publisert ei undersøking der barnevernsleiarar er blitt spurde om dei har verktøy som gjer at dei kan kartlegga og sikra samiske barns rettar. Over femti prosent svarer at dei veit ikkje om dei har, seier Granaas.
KULTUR: Prosjektet «Et hjem, to kulturer» er del av samarbeidet mellom Norsk Fosterhjemsforening og Sametinget. – Me ønsker å bidra til at samiske barns rettar til kontakt med kultur og eige språk i fosterheimar blir oppfylte, seier Granaas.
Foto: Stig Jaarvik / NRKBarnevernet registrerer ikkje etnisitet fordi det kan vera sensitivt for barn, forklarer Ostling i Bufdir.
– Det kan vera usikkert om barna identifiserer seg med den kulturen dei blir registrerte under, så ein må løysa dette på individnivå.
Granaas meiner at ei løysing på dette kan vera å heller registrera språk.
– Noko har gått tapt
Som barn budde Olsen i mange ulike fosterheimar. Det var først etter studietida at ho sjølv fann ut at ho var samisk.
– Noko har gått tapt i løpet av barndommen min fordi at eg ikkje visste om at eg var samisk. Det hadde vore fint å kunna ta del i kulturen tidlegare og kanskje vore litt tryggare i kven heile eg er.
STOLT: Olsen blir hakket rakare i ryggen med ein gong ho tar på seg hua som høyrer til ei kufte.
Foto: Stig Jaarvik / NRKOlsen har lenge vore open om bakgrunnen sin som fosterbarn, og fleire gonger heidra fostermor Ragnhild i media.
Når ho oppdaga dei samiske røtene, var det noko som fall på plass.
– Då følte eg at det blei ei forbinding mellom meg, mamma Ragnhild og fosterbestemor.
Det å bli flytta frå heim til heim som eit lite barn er belastande i seg sjølv, fortel ho.
– Men det å vita at kulturen er med ein når ein flyttar, må gjera det så utruleg mykje betre. Når ein kjem til ein ny heim, må ein følga dei rutinane som familien har. Men visst du får lov til å ta med deg din eigen kultur inn i det, er du framleis deg.
Og ein viktig del av kulturen er språket. Ho fortel at det samiske språket har mange ord som ikkje finst på norsk.
– Eg har samiske veninner som snakkar ordentleg samisk. Når dei skal forklara, seier dei «det er ikkje noko norsk ord for det». Det er sånne ting ein går glipp av når ein ikkje kan språket. Det er sånne små ting som det å ha kunna spøka med kvarandre på eige språk.
Manglar samisktalande fosterheimar
Ein annan årsak til at det er vanskeleg å sikra dei kulturelle rettane til samiske fosterbarn, er at det ikkje finst nok samiske fosterheimar, ifølge Granaas og Balto.
– Med fornorskingspolitikken som er drive mot det samiske folket, er det òg mistillit frå samiske miljø mot norske styresmakter med god grunn. Det kan derfor vera vanskeleg å få tak i samisktalande fosterheimar, seier Granaas.
- Les også: