Hopp til innhold

Russarar om sensuren: – Me er ikkje dumme, me finn informasjon om kva som skjer

Det er enkelt å finne nyheiter om krigen i Ukraina, trass i at styresmaktene held fram å strupa frie medium i Russland, fortel russarar til NRK.

En soldat fra det ukrainske forsvaret ser på ødeleggelsene etter bombeangrep i Ukrainas nest størst by, Kharkiv.

Ein soldat frå det ukrainske forsvaret ser på øydeleggingane etter bombeangrep i Ukrainas nest største by, Kharkiv. Russarar NRK har snakka seier dei har tilgang til slike bilde.

Foto: SERGEY BOBOK / AFP

– Det er informasjon å få for den som søker, fortel Anastasia, på telefon frå St. Petersburg.

Den tidlegare journalisten tør ikkje å ha etternamnet sitt på trykk hos NRK, av forståelege grunnar.

Russiske medium har lenge vore under angrep, men i samband med krigen har myndigheitene stramma ytterlegare inn. Fleire uavhengige medium er no stengde, Facebook er forbode i landet og Twitter og videoappen TikTok er avgrensa.

Berre det å omtala invasjonen som ein krig er no ulovleg i Russland. Ei ny lov gjer at ein kan få 15 års fengsel for å spreie «falske nyheiter» om det russiske militæret.

No er Anastasia på veg ut av landet.

Det er også stadig fleire russiske journalistar for å kunne formidla eit anna bilde til russarar om invasjonen av Ukraina. Dei brukar den krypterte direktemeldingsappen Telegram, ei meldingsteneste som liknar på Messenger i forma.

Bruken av appen har eksplodert i takt med russiske myndigheiter sine innstrammingar av presse- og informasjonsfridomen.

– Ser bilda og veit at politikarane lyg

Langt aust i Russland bur 22 år gamle Olga, som også av sikkerheitsgrunnar vel berre å bruka fornamn.

Ho fortel at ingen ho kjenner ser på russisk statleg TV.

Eg har høyrt kva politikarane seier, men når eg ser videoar av tanks som rullar inn i Ukraina, så veit eg at det dei seier er løgn. Om dei ikkje vil at russarar skal vita sanninga, så går ikkje det, fordi me har internett.

Samstundes viser rapportar at over 70 prosent av den russiske befolkninga ser statleg TV. Men dei statlege TV-kanalane mistar grepet om dei yngre sjåarane.

Olga trur det kan vere eldre russarar som følger med på dei statlege TV-kanalane.

Men sjølv bestemora mi veit at det dei seier på TV ikkje stemmer, seier ho.

Dei siste dagane har Instagram og Netflix slutta å fungera. Facebook har ho aldri brukt.

Eg brukar sosiale medium-appen VK mykje og ser videoar på YouTube. Eg les lite russiske aviser og TV har eg ikkje. For ein vanleg person er det vanskeleg å skjønna kva som skjer. Me veit ikkje kva me skal tru, seier Olga.

"Akkurat nå i Kiev, Ukraina"

Medan bombene fall over Ukraina førre veke, viste russisk TV bilde av ein hovudstad i fred.

– Enkelt å finna nyheiter frå krigen

I Noreg sit russiske Leysan (40) og følger nyheitsbildet i heimlandet tett. Ho er oppgitt over at folk trur russarar ikkje har tilgang på nyheiter frå krigen i Ukraina.

Leysan Ilyasova

Leysan.

Foto: Privat

Europearar trur russarar er dumme. Det er enkelt å finna informasjon om krigen i Russland, om ein søker den.

Sjølv oppdaterer ho seg på Telegram og YouTube. Det gjer også familie og venner heime i Russland. Ho ser store forskjellar i unge og eldre sin mediebruk.

– Det er den eldre generasjonen som ser statleg TV og radio, medan dei unge søker seg til andre nyheitskjelder som viser kva som faktisk skjer i Ukraina. Me veit at me ikkje kan stola på statlege medium.

Også russiske Ksenia Abakumova har budd i Noreg lenge, men følger krigen på morsmålet. For å få eit meir sannferdig bilde av situasjonen i Ukraina tyr no ho til den uavhengige nyheitsorganisasjonen Meduza sin Telegram-kanal.

Frå Latvia sender desse russiskspråklege journalistane bilde, videoar og nyheitssaker til russarar i inn- og utland.

– Dei opplever eg som saklege og tydelege på kva som faktisk skjer i Ukraina, seier Abakumova.

Ksenia Abakumova, russar i Noreg følger med på krigen i Ukraina på Telegram.

Ksenia Abakumova følger krigen tett på morsmålet.

Foto: Privat

– Internett ikkje heilt lukka

Inna Sangadzhieva er seniorrådgjevar i Den Norske Helsingforskomité og følger informasjonskrigen tett frå Oslo.

– Heldigvis er ikkje det russiske internettet like lukka som det kinesiske. Så godt som alle har tilgang til Telegram, seier ho.

Inna Sangadzhieva, seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomité.

Inna Sangadzhieva er seniorrådgjevar i Den Norske Helsingforskomité.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Vidare fortel Sangadzhieva at det finst mange organisasjonar som spreier informasjon til russarar om korleis ein kan omgå myndigheitene si blokkering av uavhengige og utanlandske nyheitskjelder på nettet, blant anna via VPN.

– Det kviler mykje ansvar på deira skuldrer, seier Sangadzhieva.

Anastasia brukar berre uavhengige medium som Meduza, Mediazona, Novaja Gazeta, Ekho Moskvy og TV Rain. Fleire av desse er no stengde, og dei andre kan bli stoppa når som helst.

Men med verktøy som Telegram og VPN finst det informasjon og håp å få for den som søker.

– Dei frie media er viktige, ikkje berre grunna informasjonen dei gir, men for å minna folk på at sanninga finst. Dei gir oss ei kjensle av at me ikkje er aleine og galne, seier ho.

– Myndigheitene ber oss seie at kvitt er svart, men med dei frie media veit me at me ikkje er dei einaste som ser at det faktisk er kvitt, seier Anastasia.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.