Hopp til innhold

Royal Mail gir ut «Star Wars»-frimerke

I samband med den nye «Star Wars»-filmen lagar det britiske postverket eit sett med åtte frimerke som blir trykt i eit avgrensa opplag med figurar frå den nye filmen.

Star Wars frimerker

Royal Mail gir ut åtte frimerke for å markere den nye «Star Wars»-filmen, som kjem i desember.

Foto: Royal Mail

I desember kjem filmen «Star Wars: The Last Jedi» på kino. For å korte ned ventetida har det britiske postvesenet, Royal Mail, laga ein serie frimerke med åtte ulike figurar frå filmen. Frimerka blir lagt ut for sal frå 12. oktober. I tillegg er serien også trykt opp i ei avgrensa samleutgåve i 750 eksemplar.

Det er den britiske kunstnaren Malcolm Tween som har laga motiva på frimerka. Chewbacca, R2-D2 og C-3PO er blant figurane som har fått æra av å bli avbilda på frimerket. Nokre av merka også har hemmelege detaljar som berre kjem fram under UV-lys.

Royal Mail og Malcolm Tween laga også eit liknande sett med frimerke då filmen «Star Wars: The Force Awakens» kom i 2015. Merka blir laga for å heidre britane som har vore med å lage filmserien.

Avskjedsfilm

«The Last Jedi» blei den siste filmen Carrie Fisher spelte inn. Ho døydde 60 år gamal i desember i fjor. Ho spelte rolla som Leia i fleire av filmane i serien.

John Boyega, som også speler i filmen, sa til BBC i august at «The Last Jedi» kjem til å bli ein verdig avskjed for Carrie Fisher.

– Ho kjem til å leve vidare i denne serien. Og det er det som er så vakkert, ho vil på ein måte få evig liv.

Disney CEO Star Wars Carrie Fisher

«The Last Jedi» blei den siste filmen til Carrie Fisher. I desember er filmen klar for kino.

Foto: Chris Pizzello / AP

Disney kjøpte Lucasfilm og Star Wars-rettane i 2012 for over fire milliardar kroner. Oppkjøpet kom fordi Disney ønska å utvide «Star Wars»-universet med fleire filmar og «spin off»-filmar. «The Last Jedi» er den åttande filmen i serien, og den niande er under planlegging.

I tillegg kjem det fleire frittståande filmar, basert på universet. Blant dei er ein komande film om Han Solo, som har hatt ein noko trøblete start med regissørar som fekk sparken. Men den nye regissøren, Ron Howard, lova overfor Hollywood Reporter at arbeidet no er i rute.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters