Gullalder og fatal lære
1850 -1914 var ei frodig tid for skjeggveksten. Menn friserte og danderte skjegg og bartar som aldri før, og yrkesgrupper viste kven dei var med skjegget. Vi fekk mellom anna sjømannskrans, professorskjegg, keiserbartar og såkalla merkantilt skjegg, som Ibsen hadde. Men så, midt i skjeggets gullalder kom Charles Darwin med boka "Artenes Opprinnelse".
Ibsen hadde såkalla merkantilt skjegg. (Foto: SCANPIX)
-Darwin hadde sjølv eit flott skjegg, og hadde kanskje ikkje sett for seg at evolusjonslæra skulle gi skjegget eit skot for bauen, tenker Kvåle Rue.
-Mannen ser no på seg sjølv som ein vidareutvikla ape, framleis i evolusjon. Håret i andletet blir noko dyrisk mannen helst vil rake av seg, fortset han.
Gassmaske - the best a man can get
Det gjekk nedover med skjegget, og då første verdskrigen braut ut var gullalderen definitivt over. Begge sider brukte gassmasker, og dei var umoglege å få tette over skjegg og store bartar. Soldatane måtte tvangsbarberast, og det til då beskjedne selskapet Gilette fekk ei storkontrakt. 3,5 millionar barberhøvlar og 36 millionar barberblad seinare var mange vestlege menn vant med å barbere seg, og Gilette la mykje reklamepengar i å oppretthalde myten om barbering som maskulint rituale også i fredstid.
-Og når idrettssjerner og andre idol var glattraka, påverka dette menn i heile samfunnet til å imitere deira utsjånad, konkluderer Kvåle Rue.