Men Hitler hadde jo unekteleg hitlerbart, og kvifor kunne han det, om skjeggvekst var så underutvikla? - Han brukte barten på same måte som farao i Egypt; som eit symbol på kven som var leiaren over dei glattraka "barna". Og Hitler mislikte visstnok sterkt andre menn som ikkje barberte seg, fortel Anders Kvåle Rue, forfattar av boka boka Skjegg - en kulturhistorie.
Då Hitler meldte seg som frivilleg soldat under 1. verdskrigen hadde han forresten hatt stor snurrebart, men måtte fjerne han på grunn av gassmaska.
Churchill valte eit barbert andlet. (Foto: Scanpix)
Demokratisk skjeggerstatning
Under andre verdskrigen ga Churchill og Roosevelt demokratisk valte leiarar eit barbert andlet, og vestlege leiarar har stort sett vore skjegglause sidan. Hitler og Stalin ga barten eit dårleg rykte, og mannen hadde fått andre manskuline symbol kring halsen:
-Slipset heng nedover brystet på same måte som skjegget, og sløyfa er simpelten ein bart som er flytta 20 cm lenger ned. Han er flytta frå det naturlege til det kontrollerte og siviliserte, seier Kvåle Rue.
Hippie Hippie Skjegg
Frå 50-talet vart skjegg og hår noko ungdommen kunne bruke for å markere seg. Då rockemusikken kom, kom han med kinnskjegg. På 60-talet var det så mangt som skulle ekspimenterast med og frigjerast, - inkludert skjegget. Og utetter 70-talet hadde skjegget fått innpass i mange yrker att. Men 80-talet vart igjen eit tilbakeslag for skjegget.
- Mann og kvinne skulle vere så like at det ikkje sømma seg for menn å gå å briske seg med skjegg, meiner Kvåle Rue. Dessutan var det glatt jappetid, og datarevolusjon. Det var barnerumper som utvikla den nye teknologien, og barnerumper som først tok han til seg.
- For første gong vart det ein bakdel å ha erfaring på ein arbeidsplass. Mannen fant det oportunt å imitere den ungdommelege utsjånaden utan skjegg, seier Kvåle Rue.
90-talet synest han var prega av ungdomssyrking og vegring mot å bli vaksen. Det gir jo ikkje akkurat godt dyrkingsmiljø for skjegg.
Kronprinsen anla skjegg rett etter at han vart gift. (Foto: Scanpix)
Godt nytt skjegg
Milleniumsskiftet ga Kvåle Rue nytt håp for skjegget. -Skjegget kom att, og no tilhøyrer det det særleg ungdommen. Eg ser stadig skjegg dandert og frisert på nye måtar som eg ikkje har sett historisk, seier skjeggforkjemparen.
Og meir enn det: For første gong har vi fått kongeleg skjegg i Norge. Kronprinsen anla jo skjegg rett etter at han vart gift.
-Eg har tidlegare trudd vi no vil gå inn i ei skjeggtid som kan vare i tusen år. Men maktmekanismane i samfunnet gjer nok at mannen framleis vil underordne skjegget sitt for å få jobb eller for å fungere saman med andre menn. Desverre vil nok mannen barbere seg til evig tid, trur Kvåle Rue.