Revolusjonsskjegg og barteforbod
Med den franske revolusjonen fell det eine parykkhovudet etter det andre for gilliotinen. Naturleg hår kjem på mote igjen, først med kinnskjegg i 1789, deretter bartar i 1830 og heilskjegg i 1948, observerer Anders Kvåle Rue.Det naturlege mannsandletet spreier seg i heile Europa, trass lovparagrafar og motstand. I 1946 får til dømes Prøyssen eigen lov om at post-tilsette ikkje får ha bart. -Bart vart sett på som eit opprørarsymbol, forklarar Kvåle Rue. Men snart var både bart og skjegg så vanleg at det ikke var revolusjonært lenger.