-Bruddet med ein så stor autoritet som paven, eller pappa, gir ei kjensle av fridom i dei reformerte landa, meiner skjeggentusiast Anders Kvåle Rue. Kirkemenn og reformerte leiarar, som Gustav Wasa og Christian III gror skjegg, og skjegg blir mote i heile folket.
Gapestokk for barbering
![I særleg grad måtte presten ha skjegg, også Petter Dass. I særleg grad måtte presten ha skjegg, også Petter Dass.](http://img.nrk.no/img/296481.jpeg)
I særleg grad måtte presten ha skjegg, også Petter Dass.
Til forskjell frå tidlegare tider vart det no forventa at prestar hadde skjegg. - I særleg grad måtte presten ha skjegg. Han skulle representere Gud for folk, og folk ser for seg Gud med skjegg, seier Kvåle Rue. Han fortel og om ein kyrkjetenar i Sverige som måtte stå tre dagar i gapestokk fordi han hadde barbert bort skjegget.
Geitebukkar og norske bønder
-Den verste skjeggperioden eg kan tenke meg er rokokkoen! Ikkje berre barberer mannen av seg alt skjegg og går i ubehaglege klede, men han barberer òg av seg alt hår og går med pudra parykkar fulle av lus og mark og midd!
![Ludvig Holdberg skreiv at ingen utan geiter og norske bønder hadde skjegg. Ludvig Holdberg skreiv at ingen utan geiter og norske bønder hadde skjegg.](http://img.nrk.no/img/296478.jpeg)
Ludvig Holdberg skreiv at ingen utan geiter og norske bønder hadde skjegg.
Anders Kvåle Rue frys på ryggen. Ludvik 13. i Frankrike innførte parykkmoten, rett og slett fordi han vart skalla. Sidan spreidde parykkane seg til overklassen i heile Europa.
Diktaren Ludvig Holdberg skreiv i ein epistel at ingen utan geiter og norske bønder hadde skjegg i samtida. Men saman med bonden heldt presten på skjegget ei tid, men til slutt retta han seg òg etter moten.
- Sjølv om skjegget kom tilbake i motebiletet, har eigentleg aldri prestestanden gått heilt tilbake til den skjeggkulturen dei hadde før rokokkoen, sukkar Rue Våge.