Hopp til innhold

Publikum klare til å vende tilbake etter pandemien

Nordmenn er klare til å gå på konsertar, framsyningar og museum igjen, viser ei ny undersøking. Konsertarrangørane håper neste steg i gjenopningsplanen snart står for døra.

The Cure-konsert

Folk stod som sild i tønne då The Cure spelte på Øyafestivalen i 2019. Festivalen måtte avlyse både i fjor og i år.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Norsk kulturliv har vore gjennom ein tung og mørk periode i pandemien. Då landet stengde ned i mars i fjor, blei blant anna kulturarrangement forbode. Men mange fann nye måtar å formidle kunst og kultur på ved hjelp av internett.

Etter kvart blei det opna for enkelte fysiske tilbod, men då med strenge restriksjonar og smitteverntiltak.

I ei undersøking som blei gjort for Norsk kulturråd i fjor, såg kulturlivet sjølv mørkt på situasjonen etter korona. Mange av dei som jobbar med kultur frykta dei ikkje kunne leve av yrket sitt når pandemien er over.

Også publikum sa dei ikkje ville delta på kulturarrangement fordi dei frykta smitte.

Meir positive

Onsdag overrekte Norsk filminstitutt og Norsk kulturråd ein rapport om kva konsekvensar pandemien har hatt for den norske kultursektoren. Her seier tre av fire at dei vil delta i eit fysisk kulturarrangement.

– Vi ser at kulturen er ein sosial møteplass, folk likar å kome saman. Vi ser det særleg blant konsertpublikummet som gjerne vil vere saman med andre. Vi ser også at det er ein del som gjerne tek med seg det digitale tilbodet vidare, også etter pandemien, seier direktør i Kulturrådet, Kristin Danielsen.

Kristin Danielsen, Abid Raja og Kjersti Mo

Kulturminister Abid Raja (V) fekk overlevert delrapporten frå Kulturrådets direktør Kristin Danielsen (t.v.) og direktør i Norsk filminstitutt Kjersti Mo onsdag. Sluttrapporten er venta å kome i slutten av året.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Rapporten er utarbeidd i samarbeid med Norsk publikumsutvikling. 5349 personar har svart på undersøkinga.

Også kulturminister Abid Raja (V) gler seg over den nye positive haldninga blant publikum.

– På same tid i fjor var det 70 prosent av dei som svarte som sa dei kvidde seg for å oppsøke kultur. No er det heilt motsett. No er 75 prosent som gler seg til å oppsøke kulturarrangement igjen. Vi kan glede oss til den vidare gjenopninga, seier han.

Håper på full opning

Det er den nasjonale planen for den nasjonale gjenopninga som regulerer kor mange som kan delta på eit kulturarrangement. Fleire av konsertarrangørane merkar auka interesse etter kvart som samfunnet opnar seg.

Tone Østerdal

Dagleg leiar i Norske konsertarrangører, Tone Østerdal, håper regjeringa snart gir klarsignal til neste steg i gjenopningsplanen.

Foto: Camilla Engum Paulsen

Men dei merkar også at det framleis er ein del skepsis blant publikum, seier dagleg leiar i interesseorganisasjonen Norske konsertarrangører, Tone Østerdal.

– Vi er glade for at så mange vil tilbake til kulturlivet. Samtidig er det mange som framleis er uro for å bli smitta, seier ho.

Samtidig håper ho at helsestyresmaktene snart gir klarsignal til neste steg i gjenopningsplanen.

– Vi håper vi kan kome tilbake til full kapasitet så snart som mogleg. Det er avgjerande for å få kulturnæringa på beina igjen og folk tilbake på jobb.

Les også: Oslo kommune vil ikke gjennomføre testkonserter

Les også: Gladnyhet for studenter: Årets fadderuker kan bli normale

Direktør i Kulturrådet, Kristin Danielsen, meiner kulturlivet har gjort ein framifrå jobb gjennom pandemien.

– Dei har navigert etter eit mål som heile tida har bevega seg. Kulturarrangørane har vist ein enorm fleksibilitet. No ser vi at smitten går ned, og det blir mogeleg å opne opp. Men det stiller også krav til arrangørar for å legge til rette slik at det blir mogeleg.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters