Eit av Noregs stoltaste augneblink var då det blei kjent at det vesle landet i nord hadde hatt ei sentral rolle i forhandlingane mellom Israel og Palestina i 1993. Noko som resulterte i ei fredsavtale (Oslo-avtalen), formelt underteikna framfor Det kvite hus i Washington D.C. Freden varte i om lag halvanna år.
Den amerikanske manusforfattaren J.T. Rogers blei så fascinert då han høyrde om det som blir kalla Oslo-prosessen at han skreiv teaterstykket «Oslo».
Etter som det i 2017 blei ein stor suksess på Broadway i New York og vann prestisjetunge prisar, gjekk den same manusforfattaren og regissøren i gang med å lage filmen «Oslo», med Steven Spielberg som produsent. Teaterstykke blei også sett opp på Det Norske Teatret i 2019.
Og filmen er nå tilgjengeleg på strøymetenesta HBO.
Les filmmeldinga av «Oslo»:
Stoltenberg ikkje nemnt
«Oslo», som ifølge skaparane er basert på ei sann historie, føyer seg inn i rekka av dramatiseringar som har skapt reaksjonar fordi dei ikkje stemmer med røynda. I Noreg er «Kon-Tiki», «Den 12. mann» og «Atlantic Crossing» dømer på filmar og TV-seriar som har skapt reaksjonar.
NRK bad forskarane Hilde Henriksen Waage og Nils Butenschøn, begge med inngåande kunnskap om Oslo-prosessen i 1993, om å sjå filmen «Oslo».
Innvendingane mot framstillinga i filmen er mange.
Det norske ekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul er dei sentrale karakterane i filmen. Vi får inntrykk av at det er diplomat-ekteparet som får prosessen i stand, som legg til rette for forhandlingane og at det er dei som får fredsmeklinga på fote igjen når det held på å gå skeis.
Hilde Henriksen Waage er forskar med Midtausten som spesialfelt. Waage er professor ved Universitetet i Oslo og ved Institutt for fredsforsking og har blant anna skrive boka «Peacemaking is a risky business».
Professor Hilde Henriksen Waage ved UiO meiner denne framstillinga er heilt feil. Det var mange fleire nordmenn som var sentrale både før og under Oslo-prosessen. Og ifølge Waage var alt som blei sagt og gjort undervegs i forhandlingane forankra heilt opp til statsminister Gro Harlem Brundtland.
– Sanninga er at det var Thorvald Stoltenberg, Noregs utanriksminister i starten av Oslo-prosessen, som gjennom mange år hadde opparbeida eit stort kontaktnett i regionen. Han jobba systematisk og langsiktig for å få desse fredssamtalane i stand. Men Stoltenberg er ikkje nemnt med eit ord i filmen, seier Henriksen Waage.
– Dette er ei dramatisering av Oslo-prosessen, det må vel vere greitt å ta seg nokre kunstnariske fridomar?
– Nei, denne filmen er utruleg problematisk fordi den gjev eit feilaktig bilde av kva fredsforhandlingar er. Filmen er med på å fremme eit bilde av Noreg som fredselskande og nøytralt og ekteparet Larsen-Juul som dei fremste fredsforhandlarar, noko som ikkje stemmer. Filmen bidreg også til å sementere dei feiloppfatningar og haldningar vi har når det gjeld konflikten og korleis den skal løysast, seier Henriksen Waage.
Ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen då dei i 2004 flytta frå Israel, der Juul hadde vore ambassadør i fire år.
Foto: Michael Beck / NTB scanpixNåverande generalsekretær i Flyktninghjelpen Jan Egeland var statssekretær i UD og ein av drivkreftene i fredsmeklingane mellom Israel og PLO i 1993. I filmen er Egeland negativ til det, og må bli overtydd om å vere med.
– Er det noko som er fjernt frå sanninga og røynda så er det at Jan Egeland ikkje har lyst til å vere med på alle moglege fredsforsøk som blir gjort, seier Henriksen Waage.
Nils Butenschøn er forskar og professor med Midtausten som spesialområde. Han har vore direktør for Institutt for menneskerettar ved Universitetet i Oslo og har skrive boka «Oslo-avtalen fred på Israels premissar».
Foto: Norsk senter for menneskerettigheter / UiOProfessor ved UiO, Nils Butenschøn er einig i at Jan Egeland nok ikkje vil vere heilt nøgd med måten han blir framstilt på i spelefilmen.
– Han var, trur eg, nokså viktig på nokre kritiske punkt når det galdt å sørge for at prosessen var forankra i utanriksdepartementet. Han var ein del av teamet på ein heilt anna måte enn ein får inntrykk av i filmen, seier Butenschøn.
NRK har vore i kontakt med Jan Egeland. Han har ingen planar om å sjå filmen, og ønsker ikkje å kommentere den.
Butenschøn meiner også Johan Jørgen Holst, utanriksminister under siste del av fredsprosessen, blir gjeve ei altfor beskjeden rolle i filmen.
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då den vart signert i Parkveien 45 i august 1993. I midten ved bordet sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst, og rett bak Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Bak Peres står Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Politiet / NTB scanpix– Holst var heilt sentral i å få til den gjensidige anerkjenningserklæringa kort tid før den formelle underteikninga i Washington D.C. Holst si viktige rolle blir altfor dårleg reflektert, meiner Butenschøn.
– Noreg ikkje nøytrale
Ærverdige Borregaard Hovedgård i Sarpsborg er blant stadene der representantane frå Israel og PLO møtast for å forhandle i 1993. I filmen blir dei servert norske delikatesser, deriblant vaflar med rømme. Karakterane Terje Rød-Larsen og Mona Juul blir framstilt som nøytrale tilretteleggarar, som held seg for det meste på bakrommet medan forhandlingane held på.
At filmen også har mange sterke sider og truverdige framstillingar vil ikkje Nils Butenschøn underslå. Han trur vektlegginga av dei uformelle rammene rundt samtalane var eit viktig grep.
– Det å servere god norsk mat og stelle godt for folk som i utgangspunktet var veldig fiendtleg innstilt til kvarandre og få til den atmosfæren, det var eit viktig moment som ikkje minst Terje Rød-Larsen sto ansvarleg for. Også den palestinske utanriksministeren Abu Ala, som eg har møtt nokre gonger, blir framstilt ganske truverdig.
Men at det norske forhandlingsteamet var heilt nøytralt, slik det blir framstilt i filmen, er det frå fagleg hold blitt stilt spørsmål ved.
I filmen «Oslo» opptrer karakterane Mona Juul og Terje Rød-Larsen som nøytrale tilretteleggarar i fredsforhandlingane. I filmen held dei seg stort sett bakrommet medan samtalane mellom partane går føre seg.
Foto: HBO Nordic– Premissen var at dei norske forhandlarane ikkje skulle gjere noko anna enn å legge til rette for forhandlingar, og så skulle partane sjølve konkludere. Men i siste del av prosessen er det sterke indikasjonar på at Noreg støtta meir opp om den israelske posisjonen for å få palestinarane til å inngå kompromiss, slik at ikkje israelarane braut forhandlingane. Det er ikkje med i denne forteljinga, seier Butenschøn.
– Ein klassisk kjepphest blant historikarar
Filmmeldar i Dagbladet, Christopher Pahle meiner det er ein typisk kjepphest mange historikarar har, å vere kritisk til framstillingar av historiske hendingar i filmar, og den må dei få lov å ha meiner han. Men Pahle påpeikar at det ikkje er mogleg å gi att historia korrekt i ein spelefilm.
– Spelefilm er ikkje det rette medium for å gjenskape røynda hundre prosent. Filmskaparane tek røynda og tilpassar det i eit drama for å fortelje oss noko, men ikkje nødvendigvis korleis det faktisk var. Filmskaparane må sjølvsagt vere varsame og respektfulle når ein lagar film, spesielt når det handlar om ting i nær tid, seier Pahle.
Også NRKs filmkritikar Birger Vestmo er trygg på at publikum har blitt såpass drivne i filmsjangeren at dei skjønar at filmen ikkje er hundre prosent historisk korrekt.
– Det er heilt vanleg at ein film tek seg slike fridomar. Dersom ein skulle lage ein film som var heilt tru mot det som skjedde, så vill det bli ei dårleg oppleving for publikum.
– Men er det ikkje ein fare for at publikum sit igjen med eit feilaktig inntrykk av kva som skjedde?
– Det er jo sjølvsagt ei problemstilling ein kan forstå. Men ein må berre håpe at dei som blir engasjert i filmen si handling er interessert i å finne ut på eiga hand kva som eigentleg skjedde, seier Vestmo.
Snytt rett ut av «Avengers»-filmene kommer serien «Loki» med humor, lekker estetikk og en sprudlende opplagt Tom Hiddleston. Vi er begeistret for MCU-serien og diskuterer tidslinjer, Lokis mange ansikt og hva denne serien kan bety for de kommende superheltfilmene. Programledere er Birger Vestmo, Marte Hedenstad og Sigurd Vik.
En mor mister sitt barn i selvmord. En ung mann mister sin beste venn i skyttergravene. Begge føler skyld og sorg.