Hopp til innhold

Skaparen av Atlantic Crossing slår tilbake: – Det er fiksjon, ikkje dokumentar

Påverka kronprinsesse Märtha til at USA gjekk inn i andre verdskrig? Absurd, meiner kritikarane. Det er overvegande sannsynleg at ho påverka president Roosevelt, svarar regissøren.

Regissør Alexander Eik under innspelinga av Atlantic Crossing.

REGISSØR: Alexander Eik trur at dei fleste som ser Atlantic Crossing forstår at det ikkje er ein dokumentar. Og seier at fordelen med fiksjon er at ein kan gå inn i private rom og dikte der det er manglande brikker i historia.

I den fjerde episoden av Atlantic Crossing, «Ild og vann», får kronprinsesse Märtha mykje av æra for å ha påverka president Franklin D. Roosevelt til å bryte USA sin nøytralitet i andre verdskrig. Noko som ifølgje kritikarar er feil.

– Det er klart at når vi skal komprimere fem års krigshistorie inn i nokre få episodar med drama, so må vi forenkle og nokre gangar endre litt på tidslinja.

For serieskapar Alexander Eik, er det viktig at heilskapsinntrykket av Atlantic Crossing er riktig, men han innrømmer at det er nokre detaljar som ikkje er sanne utan å gi konkrete eksempel.

– Vi har vald nemninga inspirert av for å signalisere overfor publikum at dette er ein fiksjon.

Sofia Helin

AGENT: Ifølgje Eik fungerte kronprinsess Märtha som ein agent for norske interesser i Det kvite hus. I serien er ho spelt av Sofia Helin.

Foto: DUSAN MARTINCEK / DUSAN MARTINCEK

Agent i Det kvite hus

Eik meiner det er overvegande sannsynleg at Märtha spelte ei viktig rolle i å påverke presidenten og at ho fungerte som ein agent for norske interesser i Det kvite hus.

– Der har vi gjort mykje research og det er masse, du kan kalle det både bevis og indisium då, på at ho hadde stor påverknad.

– Men vi påstår ikkje at ho er den einaste som gjorde det.

Tore Rem har skrive bok om kong Olav og har god oversikt over den norske kongehistoria. Han er ein av dei som er kritiske til den viktige rolla Märtha får i å påverke verdshistoria.

– Eg trur at feilen er at ein har byrja med ei førestilling om at ho hadde enorm politisk innflytelse. Og so har ein blitt nøydd til å finne på noko for å klare å bekrefte det.

Låne- og leigeavtalen

I den fjerde episoden av Atlantic Crossing går Märtha til president Roosevelt for å be han om å hjelpe Noreg med våpen og militært utstyr i krigen. Dette fører til at presidenten under ein pressekonferanse legger fram ideen om ein låne- og leigeavtale.

Med denne avtalen bryt USA nøytraliteten sin i krigen og startar å bidra industrielt i andre verdskrig.

Sofia Helin og Kyle MacLachlan under innspillingen av «Atlantic Crossing»

NÆRT VENNSKAP: Både kritikarane og filmskaparen er samde i at kronprinsesse Märtha og president Franklin D. Roosevelt hadde eit nært vennskap.

Foto: CINENORD / NRK

Ifølgje kongebiograf Rem var det Churchill og den britiske ambassadøren som i verkelegheita bad den amerikanske presidenten om hjelp.

– Men i denne norske TV-serien, so er det altso Märtha som får æra for å utrette dette, som gjer at britane klarer å kjempe vidare.

– At dei får krigsmateriell, forsyningar – og det for meg er heilt absurd.

– Kva er problematisk med det, det er jo ein fiksjonsserie?

– Det er jo ikkje det, her spelar ein dobbelt i lanseringa av serien. Og i ein god del materiell som omhandlar serien, so hevdar ein at kronprinsessa endra krigen sin gang.

– Det finst det ikkje kjeldebelegg for. Og ein skal vere svært lite kjeldekritisk vil eg seie, om ein meiner at det er tilfellet.

Nært vennskap

Verken kritikarane eller Eik er i tvil om at kronprinsesse Märtha og den amerikanske presidenten hadde eit nært vennskap. Dei fyrste vekene etter at Märtha kom til USA under krigen, budde ho og borna hos presidenten.

Ifølgje Eik var kronprinsessa den president Roosevelt brukte mest tid saman med på fritida, gjennom heile krigen.

– Det er ganske oppsiktsvekkande. Eg trur ikkje at so mange visste om dette. Regjeringa i London var svært klar over at dei hadde ein slags trojansk hest i det kvite hus.

Då Roosevelt la fram ideen om låne- og leigeavtalen for kongressen, sat kronprinsparet og lytta, forklarer Eik.

– Då framhevar presidenten Noreg, noko som viser ein svært tett forbindelse mellom det norske kongehuset og presidenten.

– Amerikanske aviser skreiv at det var tydeleg at kronprinsparet sitt nærvær hadde stor påverknad på presidenten sin tale.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober