Hopp til innhold

Norsk familiesuksess vann pris under Sundance Film Festival: –​​​​​​​ Det er heilt vilt!

Dei dyrkar eigen mat, klatrar berrføtt i tre med øks, har heimeundervisning og søv saman. Slikt blir det dokumentarfilm av.

Sundance Film Festival

Den noko utradisjonelle familien Payne på plass i USA (frå venstre): Ronja, Ulv, Freja, Falk og far Nik.

Foto: Arash Ebrahimi

Den norske dokumentarfilmen «A New Kind of Wilderness», regissert av Silje Evensmo Jacobsen, vann storjuryens pris i kategorien internasjonal dokumentar under årets Sundance Film Festival.

Regissør Silje Evensmo Jacobsen og produsent Mari Bakke Riise.

Silje Evensmo Jacobsen og produsent Mari Bakke Riise.

Foto: Privat

– Det er heilt vilt! Det er ein ut av meg sjølv-oppleving. Vi har halde på med filmen i neste fire år, og det å komme frå eit mørkt klipperom til ei verds største filmfestivalar var utruleg i seg sjølve. Og nå at vi vinn hovudprisen er ei så stor anerkjenning. Vi er så stolte og glade, seier Jacobsen til NRK.

– Eit utradisjonelt val

NRK snakka også med med filmskaparen tidlegare denne veka, før prisutdelinga.

– Familien er open, raus, hjartevarm, morosam og ... eh, litt rar, forklarte ho.

Det er familien Payne ho snakkar om. For over 10 år sidan tok familien, busett på Skollenborg utanfor Kongsberg, eit utradisjonelt val.

Mor Maria sa opp jobben som lærer. Far Nik slutta som dykkar og småflypilot.

Bilen vart seld, dei kjøpte seg gard og flytta ut på landet med dei fire barna sine Falk, Ulv, Ronja og Freja for å drive økologisk jordbruk.

Dei valde å leve i pakt med naturen. Dyrke eigen mat, ha heimeundervisning og sove saman. Maria var fotograf og dokumenterte livsprosjektet til familien.

Så rammar tragedien dei: I 2019 får Maria kreft og døyr. Verda blir snudd på hovudet.

Familien Payne

Heile familien Payne samla. Regissør Jacobsen seier at Marias bortgang og sorgprosessen gav filmen ei anna djupn og dimensjon.

Foto: Maria Vatne

Inspirert av blogg til å laga dokumentarfilm

Historia deira har no vorte film takka vere dokumentarfilmskapar Silje Evensmo Jacobsen. Ho driv etter eige utsegn eit lite produksjonsselskap, «A5 Film», og lagar dokumentarfilmar.

Så kvifor og korleis fatta ho interesse for denne familien?

– Utgangspunktet for å lage filmen var Marias blogg som eg oppdaga for nesten 10 år sidan; det var bileta ho tok og det ho skreiv om livet dei hadde valt, grunngir Jacobsen.

Ideen var først å lage ein serie der ho følgde familien. Dette vart likevel skrinlagt.

Silje Evensmo Jacobsen

Regissør Silje Evensmo Jacobsen har tidlegare laga «KRAFT», «Tro kan flytta fjell» og «Team Ingebrigtsen»-serien.

Foto: Line Lyngstadaas

– Når det triste skjedde med Maria, så tenkte eg: «Me må lage noko likevel!»

Heilt vilt at han skal til Sundance!

Resultatet vart filmen «Ukjent landskap/A New kind of Wilderness».

Eg byrja å filme dei kort tid etter at Maria døydde, utan støtte eller noko kanal med på laget. Me var også eit nyoppstarta produksjonsselskap utan pengar, så her måtte me berre satse, fortel ho.

Les også Hele familien sover i samme seng

Alle sover i samme seng

Satsinga bar frukter. Fredag hadde filmen premiere på Sundance Film Festival i USA, der han er éin av ti filmar som konkurrerer i «World Cinema Documentary Competition».

For oss i A5 Film er det heilt vilt! Sundance! Det er uverkeleg og spennande, seier Jacobsen.

Sist veke reiste ho over dammen saman med produsent Mari Bakke Riise og familien på fem for å vere med på premieren.

To andre norske filmar er også tekne ut, Benjamin Rees kinodokumentar «Ibelin» og Thea Hvistendahls spelefilm «Handtering av udøde».

A5 Film og familien Payne

Familien Payne på Sundance omkransa av (ytst til venstre) Mari Bakke Riise og (ytst til høgre) Silje Evensmo Jacobsen.

Foto: Arash Ebrahimi

Dokumentarfilmen signert A5 Film skildrar altså ein ikkje heilt A4-familie.

Etter Marias død prøver Nik desperat å halde livsprosjektet i gang. Det skal vise seg å vere ei vanskeleg oppgåve. Motvillig må familien innretta seg etter det moderne samfunnet igjen, samstundes med at dei er inne i ein vanskeleg sorgprosess.

– Dei har nokre verdiar som er utruleg inspirerande for meg som mor, konstaterer Jacobsen og legg til at barna «klatrar opp tre berrføtt med øks og er i eitt med naturen».

– Ulv på seks år lagar hol i isen, hentar opp fisk og sløyer han, illustrerer filmskaparen.

Familien Payne

Familien lever i eitt med naturen.

Foto: A5 Film

Ståande applaus og rosande kritikk

Då filmen hadde premiere på Sundance Film Festival i Utah fredag 19. januar, vart den motteken med ståande applaus og lovord frå kritikarane. Me nemner ein brøkdel:

Film Fest Report: «The Payne's story is heartbreakingly moving».

Filmmakar Magazine: «A New Kind of Wilderness is certainly a stunner. Wow»

Screen Daily: «Director Silje Evensmo Jacobsen creates a gentle, intimate portrait of the Paynes».

Nik Payne

Familiefar Nik måtte ta eit vanskeleg val etter at hans kjære gjekk bort.

Foto: A5 Film

Ein Utah-deg sjølv-oppleving

Freja (14) og Ronja (18) er dei eldste av Payne-barna.

Å reise til USA og sjå sitt eige, private liv utfalde seg på filmduken saman med framande, var «unikt» og «overveldande» – og kanskje litt pinleg.

– Me har hatt ein veldig morosam oppvekst, og det å vere med på filmen har betydd mange kjensler. Og så er det litt flautt å sjå seg sjølv på film, innrømmer Freja.

Storesøster seier dette:

– Filmen har vore ein veldig emosjonell prosess. Det at me får så bra respons, gjer at det vanskelege blir verd det til slutt.

Ronja legg til at familien vart møtt med enorm kjærleik, og at dei har vorte stoppa på gata i etterkant av folk som ville gi klem, dele eigne livserfaringar og skryte av dei og filmen:

– Eg trur aldri eg har sagt takk så mange gonger før i mitt liv. Nokon som var på visningane sa til oss at dei har vore på Sundance i 20 år og sett 500 filmar – aldri har dei høyrt så mykje snufsing i salen før, fortel Ronja.

Sjølve prisutdelinga for beste film i kategorien «World Cinema Documentary Competition» går føre seg kommande fredag. Akkurat den prisen speler ikkje så stor rolle for Ronja.

Silje Evensmo Jacbsen, Ronja Payne

Eldstebarn i Payne-flokken, Ronja, saman med regissør Silje Evensmo Jacobsen.

Foto: Magnus Sandnes

– For meg handlar det ikkje om me vinn eller ikkje. Me har allereie vunne ved å komme til Sundance.

«Ukjent landskap» blir vist på NRK til våren.