Hopp til innhold

Porschen frå Broen skal auksjonerast bort

– Rike nordmenn bør ta turen til England i sommar, seier Sofia Helin. No vert Porschen auksjonert bort, og inntektene går til arbeid for reint vatn.

Broen 2, Kim Bodnia og Sofia Helin

DENNE KAN BLI DIN: Saga Norén si Porsche frå suksesserien Broen skal auksjonerast vekk 13. juli.

Foto: Nimbus Film/NRK

Med sin fjerde og siste sesong, var det i vinter slutt på suksesserien Broen.

No ser det ut til at det også blir ein verdig slutt for Saga Norén si ikoniske Porsche. Den skal auksjonerast vekk under The Good Wood Festival of Speed i England 13. juli.

Tok initiativet sjølv

Hovudrolleinnehavar i Broen, Sofia Helin, som i serien speler rolla som politietterforskar Saga Norén, håpar mange tek turen til England i sommar med lommebøkene fulle.

Det var Helin sjølv som tok initiativet til å auksjonere vekk Porschen, som er ein 911S-modell frå 70-talet. Etter dette var det opp til produksjonsselskapet å ta avgjerda.

Sofia Helin

TOK INITIATIVET: Sofia Helin, kjent som Saga Norén i spenningsserien Broen.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Dei er veldig sjenerøse som gjekk med på det heile. Det er jo dei som eig bilen, så dei kunne i teorien selt den sjølv og teke pengane, seier Helin til NRK.

Men pengane går verken til privatpersonar eller til produksjonsselskap. Heile beløpet går til ein organisasjon etter hennar eige ønskje.

Inntektene går til Water Aid

Inntektene frå salet vil bli donert til Water Aid, der Sofia Helin sjølv er ambassadør.

– Etter at planen vart ein realitet, inngjekk vi eit samarbeid med Water Aid.

Water Aid jobbar for ei verd der alle har tilgang til reint vatn og gode sanitære forhold. Skodespelaren har vore ambassadør for den internasjonale organisasjonen sidan 2015.

Målsetjinga til organisasjonen er å få reint vatn over heile verda innan 2030. Då må alle monnar dra, ifølge Helin.

– Vatn kan vere ein så basal sak som vi berre tek for gitt her heime. Slik er det ikkje for alle i verda, og då er det viktig at vi alle hjelper til.

Bilen vart kjøpt for 190 000 svenske kroner i 2011 av ei som jobbar i produksjonsselskapet, ifølgje Aftonbladet.

Porschen vil truleg bli seld for 200.000 – 300.000 norske kroner, ifølgje auksjonsselskapet Bonhams som står for sjølve auksjonen. Selskapet trur det vil vere stor merksemd rundt bilen.

– Bilen har fått kultstatus i Europa hos fans av serien og Porsche-elskarar generelt, seier Poppy McKenzie Smith i auksjonsselskapet Bonhams.

Kan ingenting om bilar

Kor mykje Sofia Helin trur Porschen går for, er vanskeleg å seie.

– Eg kan ingenting om bilar, og veit ikkje kor mykje Porschen er verdt i utgangspunktet ein gong. Om eg skal gjette, så håpar eg at den blir selt for tre millionar kroner–det hadde vore fantastisk! seier Helin.

Helin skal sjølv vere til stades under auksjonen for å ta farvel med Porschen. Så lenge lommeboka strekk til, kan kven som helst by på bilen.

NRK har førebels ikkje klart å få ein kommentar frå svenske Water Aid.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)