Hopp til innhold

Pokémon Go-hysteriet som eigentleg aldri gjekk over

500 millionar nedlastingar etter to månader. Pokémon Go tok verda med storm, men så blei det stille. Kva skjedde?

Snorlax

Snorlax er éin av dei mest ettertrakta Pokémonane ein kan få tak i. Etter ei oppdatering 19. juni kan 5–20 brukarar gå saman om å nedkjempe ein gigantisk Snorlax, for så å få prøve å fange den. Det sosiale aspektet har stått sentralt når utviklar Niantic har forsøkt å gjere Pokémon Go betre det siste året.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

I juli 2016 såg det ut som turistane var i mindretal då unge og gamle Pokémon-jegerar inntok Frognerparken. Parken er framleis full av folk, men i juli 2017 er det turistane som igjen dominerer.

Det betyr likevel ikkje at Pokémon Go er upopulært.

– Det har aldri stoppa. Det er framleis 65 millionar folk som spelar Pokémon Go kvar månad, så spelet er på ingen måte daudt.

Erik Fossum

Erik Fossum i Pressfire hugsar kor hekta han og kollegaen blei då Pokémon Go kom ut i juli 2016.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det seier Erik Fossum, redaksjonssjef og speljournalist i Pressfire.

Dømt til å tape brukarar

Då mobilspelet frå Google-nære Niantic blei sleppt 6. juli i fjor, følgde ei mediedekning og ein hype vi aldri har sett liknande av før, meiner Fossum.

– Det nådde ut til så mange fleire enn dei normalt spelinteresserte. Det var alt frå bestemødrer til små barn som lasta ned spelet.

Etter fem dagar, før spelet hadde dukka opp i Europa, var Pokémon Go lasta ned 7,5 millionar gonger. Etter to månader fortalde Niantic at spelet var lasta ned 500 millionar gonger.

Mobilspelet slo alle: Candy Crush, Tinder og Twitter hadde ikkje sjanse.

Dømt til å tape brukarar

Responsen var derimot ikkje venta. Spelet braut saman fordi så mange ville fange Pokémon i den «ekte» verda.

John Hanke

Niantic-sjef John Hanke har blitt omtalt som ein visjonær for «augmented reality»-teknologi. Både Ingress, spelet som kom ut i 2013, og Pokémon Go nyttar seg av AR-teknologi, oversett til utvida verkelegheit-teknologi.

Foto: Twitter

I eit større intervju med teknologimagasinet The Verge torsdag, seier Niantic-sjef John Hanke at det rett og slett blei for mykje i fjor sommar.

– Vi mista truleg seks månader på grunn av suksessen til spelet. Frå lansering og fram til november og desember måtte vi bygge og kople om infrastrukturen berre for å halde spelet gåande, seier Hanke.

Pengemaskin

Trass fall i talet på brukarar, har Pokémon Go likevel vore utbytterikt for Niantic.

Ifølgje Apptopia, eit selskap som jobbar spesifikt med å sjå på tal for mobilappar, har Pokémon Go generert over 1,2 milliardar dollar – drygt 10 milliardar kroner.

Aipon

Aipom var éin av mange fiktive dyr som blei introdusert til Pokémon Go då andre generasjon dukka opp i februar.

Foto: Pokémon Go

Eit system i spelet der brukarane i blir «pressa» til å bruke små summar, gjer at appen konstant dukkar opp i lister over dei mest utbytterike. Det gjelder både for Android og Iphone, som teknologimagasinet CNET skriv.

Mobil er spelvinnaren

I april i år var det Niantic sjølve som gjekk ut med talet 65 millionar månadlege brukarar. Det er enormt mykje for eit spel, ifølgje Fossum i Pressfire.

Han viser til at spelet for eksempel er milevis større enn det ein gigasuksess som PC-spelet World of Warcraft nokon gong har vore.

– Aksepten for spel i samfunnet er i tillegg mykje større no enn i 2004 då World of Warcraft kom. Vi ser derimot at dei store spela på mobil ofte er blaff i vinden, seier Fossum.

– Mange har spådd nedgangen til Pokémon dei siste 20 åra utan at det har skjedd. Om Niantic utviklar Pokémon Go på ein god måte, så trur eg dette spelet kan halde det gåande i mange år.

Lapras fanga

Éin av dei mange aktive Pokémon Go-spelarane i Oslo viser fram ein sjeldan Lapras, fanga i Stensparken torsdag kveld.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter