Alf-Jørgen (47) har gått til New Delhi på jakt etter Pokémon

I fjor sommar var Alf-Jørgen Ebbing Thorsrud ein av mange som blei hekta på Pokémon Go. Eitt år seinare har Oslo-mannen gått over 7000 kilometer på jakt.

Alf-Jørgen Ebbing Thorsrud

Alf-Jørgen Ebbing Thorsrud er éin av Pokémon Go-spelarane som har kome lengst i spelet. Han har fått nok «erfaring» i spelet til å nå det høgste nivået, nivå 40, heile to gonger. For så å seie alle som spelar Pokémon Go er det nær uoppnåeleg etter eitt år.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Distansen Alf-Jørgen har lagt tilbake på leit etter Pokémon, svarar til avstanden mellom Oslo og New Delhi i India, ifølgje Google Maps.

7000 kilometer

Slik ser «gullmedaljen» du får i spelet når du har gått 1000 kilometer ut. Alf-Jørgen har gått over 7000 kilometer på eitt år.

Foto: Alf-Jørgen Ebbing Thorsrud

– Det er sjukt, seier 47-åringen når NRK fortel kor langt han eigentleg har gått.

– Eg skulle kanskje ønskje at eg hadde gått til India, for eg byrjar å bli rimeleg lei av Aker Brygge, seier han humoristisk.

For dei mange Pokémon Go-interesserte i hovudstaden i Noreg har Aker Brygge vore den kanskje mest populære staden å vere.

Sexologen (57) blei verva av sonen

Alf-Jørgen Ebbing Thorsrud er éin av svært mange som heldt fram då andre gav seg etter fjorårssommaren. Torsdag var han, som så mange andre dagar det siste året, rundt om i Oslo saman med andre Pokémon Go-entusiastar.

Kine Pretorius

Kine Pretorius (57) er truleg ikkje brukaren utviklar Niantic hadde sett føre seg som éin av dei mest aktive i Pokémon Go.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Éin av dei han har møtt og blitt godt kjent med er Kine Pretorius (57).

– Eigentleg blei eg lurt inn av eine sonen min. Eg tenkte eg kunne prøve litt, men etter kort tid blei eg kjent med mange folk. Eg hadde det utruleg gøy og såg litt på det som eit sosiologisk forsøksprosjekt, seier Pretorius når NRK møter henne i Frognerparken.

Ho er utdanna sexolog og hadde lesing og strikking som sine to viktigaste hobbyar for litt over eitt år sidan. Så kom Pokémon Go.

– Det er heilt absurd, seier 57-åringen smilande når ho tenkjer på kva ho har brukt tida på i eitt heilt år.

Pokémon Go Oslo

Alf-Jørgen og Kine saman med ein liten del av gjengen dei har spelt Pokémon Go med siste året.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Lokalkjendisar

For både Alf-Jørgen og Kine har spelinga gjort at dei er på høgast mogleg nivå i spelet – nivå 40. I Oslo er i tillegg brukarnamna til dei to svært attkjennande blant andre brukarar.

notlykely3000

Alf-Jørgen har brukarnamn NotLikely0007 i spelet. Han er så kjend i Pokémon Go-miljøet i Oslo at fleire kontoar på lågare level har brukt liknande namn på sine brukarar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Under turane til pokéstop og gymmar, haldepunkta i Pokémon Go, kjem ungar bort med store auge når dei forstår at 47-åringen og 57-åringen har «runda spelet».

– Kva?! Er du så høg «level»? får eg høyre ofte, flirer Pretorius.

Både ho, Alf-Jørgen og dei fleste andre dei spelar saman med, har fanga alle Pokémon som er mogleg å fange i Europa. Berre det gjer at unge spelande måpar når dei får sjå «samlingane».

– Hadde aldri venta dette

I spelet er brukarane delt inn i tre lag: blått (Mystic), raudt (Valor) og gult (Instinct). Alf-Jørgen og Kine har vore ein del av Mystic-laget – som torsdag kveld farta rundt i halve Oslo på jakt etter «raidbossar».

Pokémon Go i Oslo

Her står fleire av dei spesielt aktive Pokémon Go-brukarane i Oslo i Stensparken for å fange ein Lapras – éin av dei mest sjeldne pokémonane som finst.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Fysioterapeutar, IT-teknikarar, mediefolk og miljøarbeidarar. Det er ei salig blanding av menneske som rasar rundt saman – sameint av Pokémon Go.

– Det siste året har vore heilt fantastisk. Vi er blitt kjende med så mange nye, flotte menneske. Eg hadde aldri møtt dei om eg ikkje hadde starta å spele Pokémon Go, seier Kristiane Vilslund (24).

Saman med kjærasten Vetle Forbord (25) har dei funne uventa vennskap.

– Vi har blitt ein stor, sammensveisa gjeng, rett og slett, smiler Vetle, noko både kjærasten, Alf-Jørgen og Kine er einige i.

Vetle Forbord og Kristiane Vilslund

Paret Vetle Forbord (25) og Kristiane Vilslund (24) seier det har vore utruleg moro å møte så mange hyggelege og interessante folk gjennom Pokémon Go.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Kulturstrøm

  • Banksy tapte varemerketvist

    Banksy tapte en varemerketvist fordi han ikke selger varer prydet «Love Is In the Air», et motiv som første gangen var å se på en vegg i Jerusalem i 2005. Det viser en maskert mann som kaster en bukett med blomster. Banksy varemerkebeskyttet motivet i 2014. Men EUs immaterialrettskontor (EUIPO) avslår nå å gi det beskyttelse, melder BBC.

    Banksy sitt "Love Is In the Air"
    Foto: Alessandra Tarantino / NTB
  • Vil støtte musikkscenen i Beirut

    Festivalen Oslo World er oppretter et fond som skal bidra til gjenreisningen av Beiruts musikkscene. Dermed vil årets festival åpnes med en solidaritetskonsert 27. oktober, der artister som Frida Ånnevik, Unge Beirut, Moddi, Gekko Fattal, Trygve Seim, Frode Haltli, KORK kvintett, Inger Hannisdal og Majaz medvirker.