Hopp til innhold

Pangstart for «Mesternes mester»

Over 1,4 millionar har sett dei to fyrste episodane av «Mesternes mester».

Sesong 12: Deltakarane i sesong 12 av Mesterenes mester.

Sesong 12: Deltakarane i sesong 12 av Mesternes mester.

Foto: Sondre Transeth / Sondre Transeth

– Dette er rett og slett heilt vanvettige tal, seier NRK sin prosjektredaktør for «Mesternes mester», Pia Basberg.

Årets sesong av «Mesternes mester» blei spelt inn i Arendal og omland. Tidlegare toppidrettsutøvarar som Aksel Lund Svindal, Johann Olav Koss og Cecilie Leganger er med å kjempa om å bli den nye «Mesternes mester».

For den tidlegare langrennsløparen Øystein «Pølsa» Pettersen, blei «Mesternes mester»-opphaldet derimot kortvarig. Han måtte allereie i fyrste episode trekkja seg frå programmet då han fekk ein skade i leggen.

På krykker: Langrennsløparen Øystein Pettersen måtte kasta inn handklede då han skada seg i fyrste episoden av Mesterenes mester.

På krykker: Den tidlegare langrennsløparen Øystein Pettersen måtte kasta inn handklede då han skada seg under fyrste episode av Mesternes mester.

Foto: SUNNIVA LUCA VELIZ PEDERSEN / RUBICON TV/NRK

– Eg er så glad og takksam for at me saman med Rubicon TV og årets fantastiske deltakarar har greidd å laga eit program som folk held fram med å elska.

Basberg fortel at det var inga sjølvfølgje i situasjonen dei stod i då planane måtte kastast om på grunn av pandemien.

– No er det berre å gleda seg til fortsetjinga, seier ho.

Serien blir vist på fredagar utover.

– Eit svært godt sett program

Sesong 12 av «Mesternes mester», som altså for fyrste gong er spelt inn på norsk jord, hadde sesongpremiere 1. nyttårsdag og den andre episoden blei sendt dagen etter.

– «Mesternes mester» held fram med å vera eit svært godt sett program, seier medieanalytikar i NRK, Marcus Fredheim.

Tala frå helga viser at 1.096.000 valde å sjå fyrste episode direkte, og 249.000 har så langt sett episoden i NRK TV. Tala frå andre episode er 1.061.000 på den lineære direktesendinga og 241.000 i NRK TV.

Når opptak- og reprisesjåarane blir lagde til, har fyrste episode til saman hatt 1.403.000 sjåarar, og andre episode har hatt 1.445.000 sjåarar.

Det var altså over 1,4 millionar sjåarar då Johann Olav Koss sat over 40 minutt i «90-graderen» og knuste tre år gamal rekord.

Knuste rekord: Den tidlegare skøyteløparen Johann Olav Koss knuste alle tidlegare rekordar då han i over 40 minutt sat i "90-graderen".

Knuste rekord: Den tidlegare skøyteløparen Johann Olav Koss knuste alle tidlegare rekordar då han i over 40 minutt sat i «90-graderen».

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen / RUBICON TV/NRK

– Det er ikkje ei sjølvfølgje at ein programprogramserie i sin 12. sesong skal fortsetja å levera på dette nivået, seier Fredheim.

Tilsvarande tal på same tidspunkt etter sesongpremieren i fjor var 1.364.000 og 1.336.000 sjåarar. Marknadsdelen fyrste episoden var 71 prosent, medan marknadsdelen var totalt 73 prosent for den andre episoden.

– Ein marknadsdel på over 70 prosent er svært sterkt, legg Fredheim til.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP