Hopp til innhold

Set krav til bruk av kvinner og minoritetar i Oscar-filmar – skapar reaksjonar

Filmar må oppfylla to av fire av dei nye mangfaldskrava til Oscar-akademiet for å kunna bli nominerte i kategorien «beste film». – Veldig problematisk, seier kritikarar.

Emma Stone

THE OSCARS: For å få Oscar for beste film må ein frå 2024 oppfylle to av fire mangfaldskrav. Her er Emma Stone som fekk pris for beste kvinnelege hovudrolle i filmen La La Land i 2017.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Oscar-utdelinga og akademiet som står bak har dei siste åra fått kraftig kritikk for å vera «blenda-kvite», og for å ikkje representere mangfaldet som finst i samfunnet.

No har dei derfor kome med krav som skal sikre representasjon av kvinner, LGBTQ-personar, etniske minoritetar og personar med funksjonsnedsetjing – både bak og framfor kamera.

Krava gjeld for kategorien «beste film», og trer i kraft frå 2024.

– Dei byrjar i feil ende

– Forslaget er godt meint, og kjem etter velfortent kritikk etter mangel på mangfald, men eg synest dei byrjar i heilt feil ende, seier kulturkommentator i Adresseavisen, Terje Eidsvåg.

Terje Eidsvåg i Adresseavisen

PROBLEMATISK: Kulturkommentator i Adresseavisen, Terje Eidsvåg Han meiner at eit kvoteringsskjema til den gjævaste kategorien «beste film» er i høgste grad problematisk, og at det vil kunne få merkelege utfall.

Foto: Rune Petter Ness / Adresseavisen

Han meiner ein heller burde sjå på kven som sit i juryen og jobbar i akademiet. Ifølgje han består Oscar-akademiet i hovudsak av kvite menn med høg snittalder.

– Dette er nok det viktigaste å gjera noko med for å få større mangfald, både når det gjeld kven som blir nominerte og som får prisar, seier han.

Også filmkritikar i NRK, Birger Vestmo, meiner at filmindustrien heilt klart har ein lang veg å gå når det gjeld mangfald. Han er likevel skeptisk til framgangsmåten.

– Eg er heilt klart for ein større representasjon av kvinner og minoritetar framfor og bak kamera, men eg tvilar på at det lar seg gjera med ei form for tvang.

Birger Vestmo, filmkritiker i NRK.

FEILGREP: – Eg trur dette er eit feilgrep av Oscar-akademiet, seier filmkritikar i NRK, Birger Vestmo. Han er for større representasjon, men er ikkje einig i måten Oscar-akademiet gjer det på.

Foto: Henriette Dæhli / NRK

Han synest akademiet heller burde oppmoda til mangfald og haldningsendringar, og fryktar at tvang kan senka statusen den gjævaste Oscar-prisen har i dag.

– Statusen kan bli senka dersom det blir skapt ei kjensle av at det ikkje nødvendigvis er dei beste filmane som blir nominerte, men dei mest korrekte.

– Høgst nødvendig

Skodespelar Iselin Shumba meiner derimot at krava er høgst nødvendige, og er ikkje einig i at slike føringar avgrensar kunsten.

– Tvert i mot. Det vil berre styrke historier. Viss ein ikkje klarer å inkludere menneskja slik som vi er inn i film, kor relevant vil filmen bli då? spør ho.

Skuespiller Iselin Shumba

NØDVENDIG: – Ein må gå laus på systemet for å få til ei endring, seier Iselin Shumba. Ho ønsker dei nye reglane frå Oscar-akademiet velkomne.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Ho trur heller ikkje at haldningskampanjar er nok for å skape meir mangfald.

– Ein må gå laus på systemet for å få til ei endring.

Norsk filminstitutt (NFI) er også positive til mangfaldskrava.

– Det kjem som ein reaksjon på «Oscar so White»-kontroversen for eit par år tilbake. Og det er gledeleg at dei også prøver å få til endring til noko betre, seier Nedin Mutic i NFI.

Dei har lenge jobba med å betre mangfald i filmbransjen, og i fjor lanserte dei ein eigen handlingsplan. Eit av tiltaka er «eigenmelding inkludering», som går ut på at filmar som søker om tilskot må sende inn dokumentasjon på om dei inkluderer underrepresenterte grupper.

Han understrekar at dette er bevisstgjeringstiltak, og ikkje eit krav.

– Mangfald er i tillegg også eit av kvalitetskriteria. Det vil seie at norske filmar skal samla sett representere eit kunstnerisk mangfald, og bli opplevd som relevante og vere representative for heile befolkninga.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.