Etter at rykta i helga gjekk om at Tom Cruises privatfly står på Vigra lufthamn, har fleire vore på utkikk etter Hollywood-stjerna i Noreg.
Tysdag kveld skriv blant anna Sunnmørsposten at Tom Cruise var på Hoven i Loen for å gjennomføre basehopp.
– Han var her for to helger sidan og så har eg sett han hoppe i heile formiddag, seier ein lokal mann frå Loen til NRK.
61-åringen ser framleis sprek ut etter å ha hoppa frå fjellet Hoven.
Foto: Roger Oldeide / FjordingenHeilt sidan 28. april har folk observert Mission Impossible-stjerna på Vestlandet, men ingen har fått bilete av stjerna før no.
61-åringen blei observert etter å ha basehoppa frå Hoven-fjellet i Loen. Før han seinare blei teken bilete av i svarte kleder og kvite joggesko.
Hotelldirektør på Hotel Alexandra, Richard Grov, ønskjer ikkje å kommentere Cruise-besøket i Loen.
Hoven i Loen er ein kjent destinasjon for basehopping.
Foto: Sondre Olav Bø Nesje/Loen Skylift
Cruise har vore på fleire Noregs-besøk dei siste åra. Mellom anna for å spele inn filmar i Mission Impossible-serien.
Den siste og sjuande i rekka, «Dead Reckoning Part One», blei delvis filma i Møre og Romsdal der Cruise hoppa frå eit fjell på motorsykkel i Hellesylt. Det blei også spelt inn scener i Åndalsnes.
Tom Cruise under innspeling av «Mission Impossible – Dead Reckoning Part One» i Åndalsnes, Møre og Romsdal.
Foto: Kurt R. VaagenOgså den komande filmen, «Dead Reckoning Part Two», er blitt spelt inn i Noreg. I fjor var Cruise og filmproduksjonen hans på Svalbard.
Filmen har premiere i juni 2025.
Frå før har også filmen «Mission Impossible – Fallout» blitt spelt inn på Preikestolen i Rogaland.
I Loen i Vestland har Hollywood-stjerna Tom Cruise blitt observert ein rekkje gongar dei siste vekene.