Hopp til innhold

Dei tilsette gjer opprør før operasjefen har begynt i jobben

Det er fullt opprør blant songarane ved Den Norske Opera og ballet i Oslo. Den nye operasjefen har signalisert at ho ikkje ønskjer fast tilsette ved operaen. Dermed har ho hissa på seg operasolistane alt fire månader før ho har begynt i jobben.

Opera war

OPPRØR: Operasolistane med Facebook-opprør mot leiinga. På facebook-sida bruker dei bilde av operabygget med påskrifta «War». Tagginga var reklame for oppsettinga «War Requiem» i 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Nå har vi nådd eit punkt kor vi ikkje lenger kan sitte og ikkje seie noko, nå står vi saman alle saman, seier operasongar og tillitsvalt Henrik Engelsviken.

Annilese Miskimmon

PÅTROPPANDE: Annilese Miskimmon begynner som operasjef om fire månader.

Foto: Den Norske Opera & Ballett

Om fire månader begynner irsk-britiske Annilese Miskimmon som ny operasjef ved Den Norske Opera og ballet i Oslo. Alt nå har ho klart å hisse på seg songsolistane, fordi ho ønskjer å slutte med faste tilsettingar.

Bryt tausheita

Songarane seier dei har vore lojale mot leiinga i alle år trass mange interne konfliktar, men har nå valt å bryte tausheita med ei protestside på Facebook.

Henrik Engelsviken er operasongar og tillitsvalt ved Den Norske Opera og Ballett. Fredag kveld var han med å opprette facebooksida «Pensjonsranet på Operaen».

Facebook-sida er ein protest mot si eiga leiing, som dei tilsette meiner øydelegg Norges største og dyraste kulturinstitusjon frå innsida.

OPERA

OPPRØRTE: Operasolist og tillitsvalt Henrik Engelsviken er blant dei som står bak Facebook-protesten.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

– Vi er veldig opprørte. Vi er redde for framtida, ikkje nødvendigvis for oss sjølve, men for neste operagenerasjon av talent og songarar, seier Engelsviken.

To år er gått sidan konfliktane rundt den avtroppande operasjefen, Per Boye Hansen, blei så store at han ikkje fekk fornya åremålet sitt.

Nå er det arvtakaren Annilese Miskimmon sin tur til å hisse på seg operasolistane.

– Tidlegare har Miskimmon skrytt av den norske modellen og korleis vi løyser ting her. Ho har snakka om kor mykje ho gler seg til å begynne å jobbe på ein slik stad, for så i den neste augneblinken å gå inn å bryte arbeidsmiljøloven, seier Engelsviken.

– Ulovleg

Det handlar om kor mange fast tilsette songsolistar operaen skal ha. Avtalen seier 15, men for eit år sidan trygla leiinga dei tilsette om at det berre skulle vere 10 i eitt år, for å spare pengar. Dette gjekk solistane med på, i god tru om at dei igjen ville bli femten i 2017. Men så fekk dei ny operasjef.

– Før ho har tiltredt sender ho ut ein mail med klar beskjed om at ho ikkje lenger vil tilsette fast.

– Trur du det er ulovleg?

– Det er ulovleg når dei ikkje har ein særavtale med oss, seier Engelsviken.

Nils Are Karstad Lysø

KUNSTNARISKE OMSYN: Administrerande direktør Nils Are Lysø støtter Miskimmon.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

NRK har ikkje klart å kome i kontakt med Miskimmon, derfor er det administrerande direktør Nils Are Lysø som svarer på kritikken.

– Vårt ønske om å gå over til åremålskontraktar framfor livslange kontraktar er av kunstneriske omsyn.

– Kva er fordelen med slike midlertidige kontraktar slik de ser det?

– Vi trur vi får ei betre løysning over tid med ein miks av lengre og kortare åremålskontraktar, men dette føreset at vi får ein ny avtale med våre solistar, seier Lysø.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters