Hopp til innhold

– Foreldre er som regel svampar etter informasjon om språkvanskar

Ei ny nettside skal hjelpe fagfolk og pårørande i å finne informasjon om diagnosar som kan føre til språkvanskar.

Skolebarn

NY RESSURS: Foreldre som har born med språkvanskar kan finne nyttig informasjon på nye nettsider.

Foto: colourbox.com

Kristian Emil Kristoffersen

NY NETTSIDE: Kristian Emil Kristoffersen er ein av forskarane bak nettsida om språkvanskar.

Foto: UiO

Forskarar frå Universitetet i Oslo lanserer ei ny nettside om diagnosar, som gjer det vanskeleg for dei som er ramma å uttrykke seg.

– Målet med nettsidene er å dekkje eit informasjonsbehov. Me sit på mykje nyttig kunnskap, som me gjerne vil nå ut med, seier professor i lingvistikk Kristian Emil Kristoffersen.

Diagnosane som blir omtala på nettsidene er Afasi, Alzheimers sjukdom, Autisme, Cri du chat-syndrom, Downs syndrom, Spesifikke språkvanskar(SSV) og Stamming.

Nyttig for pårørande

Kristoffersen håpar at pårørande til personar med språkvanskar kan ha interesse av nettsida.

– Dei er som regel svampar etter informasjon, og ein del språkvanskar finst det lite lett tilgjengeleg informasjon om, seier han.

På nettsida finst linkar til ny forsking på diagnosane, og mange av artiklane blir presenterte i ei forenkla og forkorta form. På denne måten skal informasjonen bli gjort tilgjengeleg for alle, ikkje berre fagfolk.

Men også fagfolk, som til dømes logopedar, kan ha nytte av nettsida.

– Me har kartlagt kva slags språkvanskar personar med ulike diagnosar vanlegvis slit med. Det er kunnskap som kan vere til stor nytte for blant anna logopedar, seier Kristoffersen.

  • LES OGSÅ:

Sjeldan syndrom

Ifølgje Kristoffersen er Universitetet i Oslo det einaste universitetet i verda der det blir forska på dei lingvistiske utfordringane av «Cri du chat-syndromet».

– Dei fleste som er ramma har ei god forståing av språk, men har sjølve eit veldig dårleg talespråk, seier Kristoffersen.

Bare eitt barn blir født årleg i Norge med dette syndromet, som fører med seg store språkvanskar.

Ikkje komplett

Kristoffersen presiserar at nettsida ikkje gir ein fullstendig oversikt over alle moglege språkvanskar.

– Me presenterer berre dei språkvanskane me i forskargruppa har kompetanse på, seier han.

Med seg på laget i utviklinga av nettida har forskarane hatt «Frambu senter for sjeldne funksjonshemmingar», «Foreldreforeningen for barn med språkvanskar», «Møller kompetansesenter», «Norsk logopedlag», «Bredtvet kompetansesenter» og «Afasiforbundet i Norge».

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP