Hopp til innhold

Bjørn Eidsvågs frustrasjon vart til nyskapande dataspel

Musikaren var lei av at norske artistar ikkje vart spelt på radio. Han meinte det ville gå utover mangfaldet i den norske musikkbransjen. No har sonen kome med ei løysing.

Bjørn Eidsvåg
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

I fjor haust kom det ein ny debatt om norsk musikk – om kor vidt radiostasjonane var flinke nok til å inkludere mangfaldet som finst i norsk musikkbransje.

Det heile vart sparka i gang då musikar Bjørn Eidsvåg (65) kritiserte NRK P1 for å ikkje spele musikk frå norske artistar som er over 50 år. NRKs radiosjef, Cathinka Rondan, kjente seg ikkje igjen i kritikken.

Eidsvåg hadde delt den same frustrasjonen til sonen Simen.

– Eg spurte om han ikkje kunne finne på noko for å fremme norsk musikk, seier Eidsvåg.

Etter nokre dagar tankeverksemd dukka idéen om eit fantasy-spel for musikk opp i hovudet til sonen Simen Idsøe Eidsvåg. Han er mannen bak spelet Fantasy Music Manager.

Simen Idsøe Eidsvåg

GRÜNDER: Simen Idsøe Eidsvåg har vore med å utvikle Fantasy Music Manager. Han håpar den kan bidra til å få folk meir interesserte i å følgje med på norsk musikk.

Foto: Einasr Aslaksen / Pudder Agency

Du kan leike manager

Fantasy Music Manager er ein spel-applikasjon der ein kan registrere seg som manager, signere artistar og få poeng alt ettersom korleis artistane gjer det i verkelegheita.

Målet er å skape interesse og engasjement rundt norsk musikk, og med det styrke mangfaldet, seier gründer, Simen Idsøe Eidsvåg.

På kva måte vil spelet bidra til å styrke mangfaldet?

– Vi har trua på at spelet vil engasjere. Alle har eit forhold til musikk, og når du får inn konkurranseelement og eit engasjement rundt det å oppdage ny musikk vil det fenge folk, seier Idsøe Eidsvåg.

Bli MGP-ekspert

Spelet vart prøvd ut på by: Larm og Øya i fjor. Då kunne brukarane blant anna konkurrere mot kvarandre om kva for artistar dei trudde ville gjere dei beste konsertane. No har dei lansert spelet opp mot Melodi Grand Prix.

Endre Fagervold og Morten Thomassen i grafikken til Fantasy Music Manager

PROFIL: Slik ser Endre Fagervold og Morten Thomassen ut som musikk-managerar i spelet Fantasy Music Manager.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Under direktesendingane av delfinalane og hovudfinalen kan du som manager stemme på kva for element du trur artistane vil gjere det best på.

– Du kan blant anna spå kven som vil ha den beste stemma, beste antrekket, beste sceneshowet, og så får du poeng ut ifrå korleis det går i verkelegheita, fortel Simen Idsøe Eidsvåg.

Samlande effekt

Anders Veberg, teknologijournalist i Aftenposten, er positiv til spelet. Han trur det kan ha ein samlande effekt for musikkfans.

– Med dette spelet blir ein interessert i artistane på ein heilt ny måte. Ein blir motivert til å gjere skikkeleg research for å få eit godt resultat. I tillegg er det ein god måte å få i gang diskusjon i vennegjengen på, og det er verdifullt, seier Veberg som har testa spelet.

På den andre sida opplever han at spelet framleis er i ein forsøksfase. Han trur det kan vere lurt å finne nye variantar som varer lenger enn MGP-sesongen.

Fantasy Music Manager

UNDERHALDNING: Med Fantasy Music Manager kan du både ha det morosamt, i tillegg til å bli betre kjent med kva som røyver seg i musikkmiljøet.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Dei treng å byggje opp ein lojalitet til brukarane, og sørge for at det alltid skjer nye ting slik at brukarane ikkje gløymer spelet, seier Veberg.

Håpar det skal engasjere

Fantasy sport som for eksempel Fantasy Premier League er veldig populære, og har ifølgje Idsøe Eidsvåg 170 millionar brukarar på verdsbasis. Men han har ikkje sett eit einaste fantasy-spel for musikk.

– Ambisjonane er å få dette til å bli ein viktig aktør i musikkbransjen på same måte som fantasy sport er for sportsbransjen.

Faren Bjørn Eidsvåg har trua på prosjektet.

– Eg er kjempetent. Eg trur dette er ein gøyal måte å få fleire til å engasjere seg om lokale artistar, og ulike sjangrar.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP