Hopp til innhold

NRK-sjefen om Sophie Elise-samarbeid: – Avtalen er for vanskeleg å vidareføra

Torsdag kveld stadfesta Sofie Steen Isachsen, Fetisha Williams og NRK at samarbeidet er over. NRK-sjefen fortel at beskjeden kom overraskande på.

Sophie Elise i forbindelse med podkasten Sophie og Fetisha

FERDIG: Podkasten «Sophie & Fetisha» blir ikkje å høyra hos NRK lenger.

Foto: Petter Nielsen

– Då pressemeldinga kom i går, var det overraskande for oss, men resultatet er ikkje overraskande, seier kringkastingssjefen Vibeke Fürst Haugen.

NRK konkluderer med at dei kommersielle bindingane til dei to profilane er for omfattande til at det kan kombinerast med løpande podkastproduksjon for NRK.

– Denne avtalen er for vanskeleg for oss å vidareføra, og me har vore i dialog med dei om nokre rammer og føresetnadar som andre oppdragstakarar har, siger Haugen.

Høyr intervjuet med kringkastingssjefen i Nyhetsmorgen fredag.

Jobbar med vegen vidare

Manager for Williams, Wilde Siem, opplyser til NRK at dei no jobbar med kva som blir vegen vidare for podkasten.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Isachsen etter brotet, men på Instagram torsdag kveld skriv Isachsen at det er overraskande at NRK verkar usikre på valet sitt:

«NRK sa «ja» til Sophie og Fetisha godt informert, vel vitande om kva me lever av og truleg med eit ønske om å nå dei me treff med innhaldet me har laga i ei årrekkje. Det er derfor overraskande for oss at NRK berre nokre månadar seinare verkar usikre på valet sitt».

Screenshot av Sophie Elises Instagram-story torsdag kveld.
Foto: Faksimile frå Instagram / @sophieelise

Fungerande direktør Charlo Halvorsen for Marienlystdivisjonen i NRK seier at leiinga ikkje visste om at dei to influensarane kom til å bryta samarbeidet.

– Me visste ikkje om det før me såg det i avisene. Men det var nok nokon som jobbar nærare med dei i produksjonen som fekk vita det nokre minuttar før det blei sendt ut pressemelding.

– Kva tenker du om at Isachsen skriv at ho er overraska over at NRK blei usikre på valet sitt?

– Me gjekk inn i avtalen med Sophie Elise og Fetisha med opne auge og visste kva me risikerte. Ei evaluering av dei første månadane gjorde at me endra rammevilkåra, då førte det til brot, seier Halvorsen.

Les meir om forhandlinga om avtalen mellom partane her.

Sofie Steen Isachsen og Fetisha Williams var tilknytt NRK gjennom podkasten «Sophie og Fetisha» fram til torsdag kveld. Oppdragsgivaren deria var NRK Underholdning. NRK Nyheiter arbeider journalistisk uavhengig med denne saka.

– Viktig å prøva samarbeidet

Kringkastingssjefen forklarer at det er mange oppdragstakarar i NRK som har anna verksemd enn utanfor arbeidet i NRK, som er regulert gjennom avtalar.

– Me prøvde denne gongen å inngå eit samarbeid med ein influensar som har høg kommersiell aktivitet, og så ville me ha løpande podkastproduksjon gjennom året. Me prøvde nokre rammer rundt det som viste seg å bli for vanskeleg, seier Haugen.

Ho understrekar at det var viktig å prøva dette samarbeidet.

– NRK skal ha stort ytringsrom, me skal testa nye ting og må vera modige. Så må me hausta erfaringar og læra av det.

NRK-sjef Vibeke Fürst Haugen

NYTT: Kringkastingssjefen seier i ei pressemelding torsdag kveld at NRK ville prøva noko nytt. No erkjenner ho at samarbeidet blei for vanskeleg.

Foto: Anton Lier / Anton Lier / NRK

Kringkastingssjefen vil heller ikkje utelukke fremtidige samarbeid med influensarane.

– Som kringkastingssjef kan ikkje eg avvise nokon stemmer for framtida. Det eg kan seie heilt sikkert er at vi ikkje kjem til å inngå ein tilsvarande avtale igjen, seier Fürst Haugen til NRK.

– Det er ingen planlagde samarbeid?

– Ikkje som eg kjenner til.

– Men når du seier det ikkje kjenner til det, kan det vere at det er det?

– Det kan eg ikkje sjå bort frå. Det er ikkje sånn at eg er inni alle dei ulike tinga som skjer i NRK, men eg kan ikkje sjå bort frå at det ein gong i framtida vil vere eit samarbeid.

I ei pressemelding torsdag kveld takkar fungerande direktør Charlo Halvorsen for Marienlystdivisjonen i NRK dei to influensarane for samarbeidet.

Spelte inn podkast

Tysdag møttest NRK Underholdning og Isachsen sitt management til ein samtale om korleis avtalen hennar med mediehuset er bygd opp.

Samtidig spelte Isachsen og Williams inn podkast hos NRK, noko dei begge opplyste om på Instagram.

Der kommenterte Fetisha pressekorpset utanfor NRK.

– Det er så mykje styr utanfor NRK-bygget i dag, eg lurer på kvifor, seier Fetisha.

– Eg lurer på om det er fordi det er nokre kjendisar her.

– Ja, lurer på om det er nokre kjendisar som skal spele inn podkast. Håpar dei fekk tak i dei, svarer Fetisha.

NRK har i dei siste samtalane med managementet til Isachsen snakka om dei økonomiske bindingane hennar.

Eit moment i samtalane har vore om Isachsen skal kunna ha inntekter frå andre kommersielle samarbeid i perioden ho lagar podkast for NRK, får NRK Nyheiter opplyst.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen tok opp det same i ein kommentarartikkel på Nrk.no torsdag.

Blussa opp etter Instagram-bilde

Sofie Steen Isachsen, best kjent som Sophie Elise, var knytt til NRK med podkasten «Sophie og Fetisha», som ho har saman med venninna Fetisha Williams.

Podkasten hadde premiere på NRK 28. september 2022 med denne introduksjonen:

«Sophie er ute av rehab, Fetisha er ute av 71° Nord og begge har flytta inn i eit rosa, pelskledd studio i NRK. Premiere på ny pod frå favorittinfluensarane dine!»

Isachsen sin avtale med NRK fekk ny merksemd etter at ho søndag 12. februar publiserte eit bilde på Instagram, som seinare blei sletta.

På bildet såg ein Isachsen og ein annan influensar. Den andre heldt ein liten pose, tilsynelatande med kvitt pulver, i den eine handa. Det er ikkje kjent kva posen inneheldt.

Verken Isachsen eller kvinna som heldt posen har kommentert kva han inneheldt.

Isachsen har skrive på Instagram at bildet aldri skulle vore lagt ut.

Kringkastingsrådet har fått 4130 klager etter at bildet blei lagt ut.

Det er likevel ikkje bildet som har vore tema i dei siste møta mellom NRK og Isachsen.

Kulturstrøm

  • Den norske klovnen Viggo Venn vant Britain's Got Talent

    Den norske klovnen Viggo Venn vant Britain's Got Talent søndag kveld, og en pengepremie på 3,4 millioner kroner.

    Viggo Venn er født på Kongsberg, bosatt i London og har klovneutdannelse fra den franske teaterskolen Ecole Philippe Gaulier.

  • Frankrike: bøter og fengsel for skjult reklame hos influensere

    Frankrike har vedtatt en ny lov som innebærer at influensere risikerer både kraftige bøter og fengselsstraff hvis de driver med skjult reklame og svindel.

    Loven innebærer at det blir forbudt å promotere blant annet kosmetisk kirurgi, tobakk og enkelte finansprodukter.

    Influensere risikerer opptil to års fengsel og bøter på over 3 millioner kroner hvis de driver med slik ulovlig markedsføring.

    – Festen er over for dem som tror de kan drive med svindel på internett, sa økonomiminister Bruno Le Maire nylig.