Hopp til innhold

Netflix-serie om sex: – Ting vi burde ha lært på skulen

Norske ungdommar synest den britiske Netflix-serien «Sex Education» framstiller sex på ein ekte måte utan at det blir klisjé.

Aimee Lou Woods, Emma Mackey og Asa Butterfield som tenåringene Aimee, Maeve og Otis i «Sex Education» sesong 2.

SEX EDUCATION: Meldarar over heile fjøla roser serien opp i skyene for å vere sexpositiv og lære ungdom om intimitet, kommunikasjon og samtykke. I Sesong 2 gjev den eit spark til seksualundervisinga på skulen.

Foto: Sam Taylor/Netflix / Netflix

I serien «Sex Education» på Netflix følgjer vi bestekameratane Otis og Eric, og resten av figurane på Moordale Secondary School, og deira utforsking av kropp og seksualitet.

Vi blir kjent med Otis sin angst for runking, Eric sin fargerike stil og Maeve sitt val om abort. I tillegg tar serien opp seksuell trakassering, grensesetjing og eit heilt spekter av sexrelaterte problemstillingar.

“Sex Education” har et særegent visuelt uttrykk, blant annet med fargesprakende, retroinspirert klesstil.

POPULÆR: «Sex Education» var den fjerde mest sette serien på Netflix i Noreg i fjor. No er sesong 2 ute, der vi blir betre kjent med karakterane Lily og Ola, spelt av Tanya Reynolds og Patricia Allison.

Foto: Sam Taylor / NEtflix

– Det er ein forfriskande ny måte å vise fram ungdom på. Serien framstiller sex på ein ekte måte utan at det blir klisjé, seier Ida Haust Sellevaag og får støtte frå vennegjengen på Foss videregående skole.

Debatt om seksualundervising

Sellevaag og resten av gjengen synest serien er informativ, og at han formidlar vanskeleg tematikk på ein fin og morosam måte.

– Serien tar opp mykje som er nyttig for oss ungdommar som vi ikkje lærer gjennom seksualundervisinga på skulen, seier Bella Linda Ulstein, elev på Foss videregående skole i Oslo.

Seksualundervisinga i skulen har i fleire år vore kritisert for å ikkje vere god nok. Debatten blussa opp på ny i kjølvatnet av metoo, då gråsoner og trakassering vart sett på dagsorden.

Ho og vennegjengen på Foss synest serien er spesielt god på å vise alle former for seksualitet, i tillegg til dei emosjonelle sidene ved sex.

Elevar på Foss Vidaregåande skule hyllar Netflix-serien Sex Education for å framstille sex på ein ekte måte.

INFORMATIV: Bastian Gunnson Brauer, Bella Linda Ulstein, Dagny Mathilde Mohn, Kathrine Rimstad og Ida Haust Sellevaag på Foss videregående skole synest «Sex Education» tar opp tema som alle kan kjenne seg att i.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Serien kan verke litt banebrytande fordi det er ikkje som den typiske undervisinga vi har på skulen. Det handlar om kva som faktisk skjer under sex; det skal vere kleint, det er intimt, og det er ikkje perfekt. Og det likar eg veldig godt.

Relevant for ungdom og unge vaksne

Stine Solli, ved formidlingssenteret Sex og Samfunn, meiner serien er eit godt og etterlengta supplement for unge for å lære om kropp og seksualitet.

Serien set fokus på å lære å kjenne seg sjølv, lære å setje grenser, ta omsyn og respektere kvarandre. Og det er dette ungdom også er mest opptekne av å lære, seier ho.

Stine Solli, prosjektleiar for seksualitetsundervisning på Sex og Samfunn.

SEX OG SAMFUNN: Stine Solli er prosjektleiar for seksualitetsundervising på Sex og Samfunn. Ho synest serien er flink til å ta opp ting som er relevant for ungdom.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Vi bruker mykje tid på å oppklare mytar og feilinformasjon som ungdom har fått frå porno og internett, legg ho til.

Likevel understrekar ho at fiksjon er fiksjon, og at det kan aldri erstatte seksualundervisinga på skulen.

Eit grep som har blitt gjort for å heve kvaliteten på seksualundervisinga er det nye tverrfaglege temaet «Folkehelse og livsmeistring». Det trer i kraft frå hausten 2020 og skal lære elevar om fysisk og psykisk helse, deriblant seksuell helse.

Det er ikkje berre i Noreg at serien har slått an.

I Frankrike har serien blitt svært populær, og Netflix har saman med kunstnaren Charlotte Abramow skapt ein sex-manual og kampanje om grensesetjing.

I Paris kan du difor sjå store plakatar med slagord som «Nei, er eit nei» og «Eg bestemmer over min eigen kropp».

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.