Norsk støttekonsert for Haiti

Norske artistar trør til for å hjelpe dei jordskjelv-råka på Haiti. 24. januar vert det støttekonsert Rockefeller.

Video nsps_upload_2010_1_15_19_47_17_842.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Dei sterke TV-bileta gjer at Elisabeth Andreassen vil vera med på konserten. Foto: NRK.

GramArt, interesseorganisasjon for norske artistar, arbeider no med å stable på beina ein støttekonsert for dei jordskjelvramma i Haiti. Dette gjer dei i samarbeid med Røde Kors og Kirkens Nødhjelp.

Aksjonsgruppa Dugnad for Haiti skal 24. januar arrangere ein konsert på Rockefeller i Oslo, som skal syte for pengar til arbeidet Røde Kors og Kirkens Nødhjelp gjer for å hjelpe dei som er råka av jordskjelvet i Haiti.

Det er allereie kjent fleire kjende amerikanske artistar har engasjert seg for innbyggjarane på Haiti skal få naudsynt hjelp. Musikaren Wyclef Jean, som sjølv er fødd i Haiti, har starta ein eigen innsamlingsaksjon og Jolie-Pitt Foundation donerer ein million dollar til Leger utan grenser sitt arbeid på Haiti.

Moglegheit til å hjelpe

No trør også norske artistar til for å hjelpe naudarbeidet i Haiti. Filmregissør Alexander Eik er initiativtakar til aksjonen. GramArt, Røde Kors og Kirkens Nødhjelp hadde i ettermiddag sitt første planleggingsmøte.

Gate i Port-au-Prince i Haiti etter jordskjelvet

Konsekvensane av jordskjelvet i Haiti engasjerer norske artistar.

Foto: Juan Barreto / Scanpix/AFP

- Det var grusamt å sjå omfanget av jordskjelvet. Ein kjenner avmakt, og lurer på kva kan ein gjere bortsett frå å donere pengar. Så kom ideen om å arrangere ein konsert til inntekt for Røde Kors og Kirkens Nødhjelp, seier Alexander Eik.

Den totale katastrofen ein får inn gjennom sterke fjernsynsbilete gjer at det vert lett å engasjere seg, fortel Elisabeth Andreassen.

- Det er grusomme bilete, det gjer ufatteleg inntrykk, ein kjenner at ein må gjere noko. Difor er det fint med denne moglegheita til å hjelpe, seier Elisabeth Andreassen.

Fleire arrangement

Konserten skal haldast på Rockefeller i Oslo sundag 24.januar. Eik fortel at han reknar med at om lag ti artistar, og kanskje fleire kjem til å opptre på arrangementet. Aksjonsgruppa Dugnad for Haiti planlegg også å halde mindre konsertar i Bergen og Trondheim.

Det er knapt eit døgn sidan ideen oppstod, men Eik seier at det ikkje er noko problem å få med artistar. Han lovar at svært bra artistar kjem til å stille opp. Kva artistar som skal spele kjem til å vere offentleggjort på Dugnad for Haiti si facebook-side.

- Kva artistar det vert kan eg ikkje seie enno, fordi dette er så ferskt, vi jobbar med å booke artistane no, seier Alexander Eik.

For fem år sidan mobiliserte norske artistar for å samle inn pengar til dei som vart råka av tsunamien i Asia. Då fekk dei inn 2,5 millionar kroner, og håpet er å få inn minst det same denne gongen. Eik fortel at ein også arbeider med å få skrive ein song, som skal spelast inn på plate og seljast til inntekt for aksjonen.

Kulturstrøm

  • Fant svært langhus ved Halden

    Ved Gjellestad i Halden har man funnet et langhus på nær 60 meter med georadar. Langhuset er blant de største i Norden.

    I tillegg har forskerne fra Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) funnet en rekke andre bygninger og graver. De mener funnene tyder på at stedet har vært et maktsentrum i jernalder og vikingtid, skriver de i en pressemelding.

    Funnene er gjort i nærheten av der man fant Gjellestadskipet i 2018 (NTB).

  • Rockefeller-eier tapte millioner

    Konsertarrangører og utesteder er blant dem som merker at pandemien langt fra er over. Statlig støtte må på bordet, krever en av de store aktørene.

    Hans A. Lier er styreleder i Auditorium AS, som driver Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene i Oslo. Han forteller NTB om et omsetningstap på 4,5 millioner kroner i løpet av helga, til tross for at arrangøren fikk gjennomført et par nedskalerte show.

    – Kulturbransjen har vært nede for telling mer enn noen annen bransje. Vi har vært stengt i rundt ti måneder siden pandemien startet. Og vi har fått lov innimellom til å ha arrangementer med 20, 50, 100 og 200 tilskuere, med støttemidler i bunnen. Det har vi ingenting av nå, absolutt ingenting. Og det gjør krisen mye verre, sier han.

    (NTB)