Regjeringa har sendt eit nytt lovforslag om pengespel på høyring. Der ber dei om innspel på om dataspel skal omfattast av lova.
Grunnen til det er at mange dataspel inneheld element som på mange måtar liknar pengespel.
NRK sette nyleg fokus på pengeproblematikken i dataspel då vi fortalde om Knut Stian Fagerhøi, som gambla på nettkasino, for deretter å bli svindla for ekte pengar gjennom den digitale spelmarknaden til Steam.
Steam Market er ein enorm marknadsplass for kjøp og sal av virtuelle spelgjenstandar. Pengane ein set inn, og får ved sal, kan i sin tur gjerast om til ekte pengar.
Det finst også svartebørsmarknadar og nettkasinoar der valutaen gjerne er gjenstandar frå dataspel som er kopla opp til Steam sitt auksjonssystem.
Dette er eitt av mange eksempel som viser at det er ei gråsone mellom dataspel og pengespel. No vil regjeringa ha ei avklaring på kva som kan definerast som kva.
– Ekstremt viktig
– Det er ekstremt viktig at den problemstillinga blir tatt tak i no. Mange av desse spela har 3 års aldersgrense og har mekanismar som liknar veldig på gambling, seier NRKs spelmeldar Rune Fjeld Olsen.
EKSTREMT VIKTIG: – Det er ekstremt viktig at den problemstillinga blir tatt tak i nå, seier Rune Fjeld Olsen.
Foto: PrivatHan fortel at dette er ein tematikk som har blitt meir og meir aktuell dei siste år, etter at mikrotransaksjonar og lootboksar vart ein del av dataspel. Dette førte til pengebruk blant spelarane.
– Det blir brukt vanvitig mykje pengar. Dei som blir hardast råka er spelarar som blir fanga av desse mekanismane, og som set seg i gjeld og får store private økonomiske problem. Det er det verste, seier Olsen.
Det finst ikkje eksakte tal på kor mykje pengar som er i omløp.
Men ifølgje European Gaming og Activision Blizzard tente spelutgjevarane Electronic Arts og nemnde Activision Blizzard høvesvis 2,8 og 3,36 milliardar på mikrotransaksjonar.
Det stod for halvparten av den totale inntekta deira.
Vanskeleg å definere og regulere
For at noko skal bli definert som pengespel må tre vilkår vere oppfylt: Innskot, økonomisk gevinst og eit resultat som er heilt eller delvis tilfeldig.
Problemet med dataspel er derimot at desse vilkåra finn stad i ei virtuell verd der både innskot og gevinst kan bestå av noko anna enn vanlege, fysiske pengar.
Rune Aune Mentzoni er førsteamanuensis på Nasjonalt kompetansesenter for spelforsking på Universitet i Bergen. Han meiner at desse elementa i dataspela bør anerkjennast som variantar av pengespel, og vidare regulerast.
Han meiner at premissen om at ein gevinst må ha ein direkte økonomisk verdi er feil.
GAMALDAGS DEFINISJON: – Fokuset på økonomiskverdi-gevinsten er gammaldags, meiner Rune Aune Mentzoni. For mange er spelgjenstandar veldig verdifulle uavhengig om du vil selje det vidare eller ikkje.
Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten– I desse spela som ikkje har ein direkte økonomisk verdi, finst det framleis ein svartebørs der ting kan omsetjast for betydelege summar. Det viser at desse tinga har ein økonomisk verdi – sjølv om det ikkje skjer direkte.
– Dette er veldig likt måten tradisjonelle pengespel går føre seg, alle dei psykologiske mekanismane er til stade, seier han
Overgang mellom gamal og ny økonomi
Enkelte land, til dømes Belgia, har definert fleire av dei same dataspela som gambling, og dermed lagt det innunder pengespellovgjevnaden i landet.
GRUNDIG VURDERING: Statssekretær Gunhild Berge Stang seier at dei har gjort grundige vurderingar så langt, og at dei vil ta med seg innspela vidare.
Foto: Marie Stafsnes OslandStatssekretær Gunhild Berge Stang (V) i Kulturdepartementet understrekar at spørsmålet om spel i gråsona mellom pengespel og dataspel skal bli regulert av ny pengespellov er eitt av temaa som er via mest plass i høyringsnotatet.
– Eg meiner at vi har gjort grundige vurderingar, men i ei høyring ønsker vi oss tilbakemeldingar og vi vil ta med oss vidare det som kjem av innspel.
Høyringsfristen er 29. september 2020