Hopp til innhold

Vart svindla for 140.000 kr på spel-plattform

Spelekspert trur dette gjeld mange, og meiner politiet ikkje tar desse sakene på alvor.

Knut Stian Fagerhøi

SVINDLA: Knut Stian Fagerhøi (25) opplevde vart svindla for store summar då han skulle selje digitale gjenstandar gjennom spel-marknaden Steam Market.

Foto: Privat

– Eg vart frustrert. Og det var kjipt å miste såpass mykje pengar. Eg kunne ha kjøpt meg ein ny bil, for eksempel, seier 25-åringen Knut Stian Fagerhøi.

For to år sidan opplevde han å bli svindla for 140.000 kroner då han skulle selje digitale gjenstandar gjennom spel-marknaden Steam Market.

Steam Market kan beskrivast som ein enorm marknadsplass for kjøp og sal av virtuelle spelgjenstandar.

Tenk på Finn.no

Men i staden for å kjøpe ei billig bokhylle så kjøper du kule ting til spelet ditt. For eksempel våpendekor, såkalla Skins til spelet «Counter Strike: Global Offensive» (CS: GO).

Gjenstandslager 1

Dette er gjenstandslageret til Knut Stian Fagerhøi med ting han hadde kjøpt. Det er vanleg å kjøpe og selje slike gjenstandar.

Foto: PRIVAT
Gjenstandslager 3

Dette er gjenstandslageret til Knut Stian Fagerhøi med ting han hadde kjøpt. Det er vanleg å kjøpe og selje slike gjenstandar.

Foto: Privat
Fagerhøi spelar CS

Slik kan det sjå ut inne i det populære skytespelet «Counter Strike: Global Offensive». To lag spelar mot kvarandre, eit terrorist-lag og eit antiterror-lag.

Den type handel har blitt svært populært, og det er status å ha dyre og unike gjenstandar som gjer at spelfiguren din skil seg ut frå andre.

Derfor finst det sider på internett der ein kan handle slike type gjenstandar, for både små og store beløp.

Mange tar også kontakt med kvarandre på Facebooksider, der ein betalar eller får pengar gjennom Vipps eller bank-overføring.

Populariteten har også ført til uavhengige nettkasino, som blant anna «CSGO Empire», der både pengar og gjenstandar blir brukt som valuta for å vinne nye gjenstandar.

ROULETTE - Gambling

GAMBLING: Fagerhøi sette inn pengar på nettkasinoet CS: GO Empire og vann over to hundre tusen kroner. For desse pengane kjøpte han skins som han skulle selje vidare for å få tatt det ut i kontantar.

Foto: Privat

Frå 140.000 til 0 kr

Fagerhøi gambla på det nemnde nettkasinoet og vann til slutt 240.000 kroner. Deretter byrja han å kjøpe virtuelle spelgjenstandar, som han vidare skulle selje for ekte pengar.

– Eg byrja med ein gong å selje til ulike spelarar som eg hadde fått kontakt med gjennom Facebook.

Men etter å ha tatt ut gjenstandar for ein verdi av 140.000 kroner vart han blokkert frå å ta ut meir.

Gjenstandane vart tatt ut til kontoen til kompisen hans, før dei veka etter skulle overførast til han igjen.

Og det er her det går gale.

Sal av skins

SAL: Fagerhøi selde virtuelle gjenstandar på Facebookgruppa, før han hadde overført gjenstandane til kontoen sin.

Foto: PRIVAT

For ein tredjepart, eller svindlar om du vil, hadde fått med seg dette og oppretta ein konto som var identisk med Fagerhøi sin.

På den måten vart absolutt alt overført til svindlaren, og det utan varsel. Plutseleg stod Fagerhøi att med ingenting.

Han såg heller ikkje poenget med å kontakte politiet.

– Frå fleire hald har eg fått vite at politiet i Noreg ikkje satsar på å hjelpe folk med virtuelle ting og svindel, seier Fagerhøi.

Han meiner at «CSGO Empire» og Steam bør bli stilt til ansvar, og at hovudproblemet er at sistnemnde ikkje gjer noko som helst for å hindre svindel.

Men han synest også at det er problematisk at politiet ikkje veit nok om det som ifølgje han er ein ekstrem økonomi rundt gjenstandar i «CS: GO» og andre spel.

– Det er fleire store «traders» som har Skins til oppimot 500.000–1 million dollar. Berre det seier litt om kor mykje pengar som ligg i dette.

Omgrepet «trader» blir brukt om personar som handlar for å sikre seg økonomisk gevinst.

NRK har prøvd å kome i kontakt med både selskapet Valve, som eig Steam, og «CSGO Empire», men vi har ikkje lykkast med å få svar.

– Politiet bør gjere meir

– Politiet bør gjere meir, og dei bør skaffe seg kompetanse på dette feltet. Eg trur dei undervurderer kor stort dette er og kor mange som blir ramma, seier Erling Rostvåg.

Erling Rostvåg hos Gamer.no
Foto: Privat

Han er administrerande direktør i event- og medieselskapet Good Game AS og har solid kompetanse innanfor dataspel og e-sport.

Nesten dagleg ser han folk som skriv i facebookgrupper at dei har blitt svindla, og han trur omfanget er større enn politiet er klar over.

NRK tok også kontakt med spelarar i ei facebookgruppe for kjøp og sal av gjenstandar i spelet «CS: GO». Vi fekk mange meldingar frå folk som har opplevd det same, og problematikken skapte eit stort engasjement.

– 80 % av all ungdom speler uavhengig av kjønn. Dette er kvardagen til folk. Hadde dette vore fysiske ting, som ramma barn og unge, hadde dei sannsynlegvis reagert sporenstreks, seier Rostvåg.

Rostvåg har opplevd at saker som blir meldt inn til politiet, og som fell inn under grovt bedrageri i straffelova, blir lagt bort. Ifølgje han er det svært problematisk at ein slik type kriminalitet ikkje får nokon strafferettslege konsekvensar.

Steam kundestøtte

STEAMS KUNDESTØTTE: På kundestøtta til Steam kan ein rapportere svindlarar. Rostvåg peiker likevel på at Steam og liknande plattformer kunne ha gjort meir for å hindre nettkriminalitet, men at det er dyrt og arbeidskrevjande. Endring vil ikkje skje før dei er pålagt av loven, meiner han.

Foto: SKJERMDUMP / NRK

– Du kan i essens svindle til deg fleire hundre tusen kronar utan å få straff. Det er ikkje feitt at barn og unge skal vekse opp med at det er ein moglegheit å bli frårøva pengane sine utan vidare, seier han.

Han forstår at dette er eit komplisert saksfelt for utanforståande, inkludert politiet. Fleire trur dette berre gjeld leiketøy, og dermed ikkje er politiets oppgåve. Men det er meir enn det:

Det speler ingen rolle om det er sal av sykkel eller ein virtuell verdi. Når nokon tar det frå deg utan å gje pengar attende eller du kjøper ein slik verdi for ekte pengar så har du blitt svindla for ekte pengar. Og det er ikkje lov. Derfor bør politiet følgje det opp. Så enkelt er det.

Vanskeleg å etterforske

Leiar på seksjon for nærvær på internett i Kripos, Kjersti Rønholt, seier at dei tar denne type saker alvorleg.

Kjersti Rønholt KRIPOS

PIONERARBEID: Kjersti Rønholt, seksjonsleiar i Kripos, fortel at bedrageri knytte til kjøp og sal på spelplattformer er nybrotsarbeid, og at det er lite rettspraksis på dette området.

Foto: KRIPOS

I fjor vart Nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) opna. Her jobbar dei med å overvinne cyberkriminalitet gjennom blant anna førebygging, etterretning, metodeutvikling og etterforsking.

Målet er å vere nasjonalt og internasjonalt leiande innan avdekking og overvinning av truslar og kriminalitet på internett.

Ho fortel at bedrageri på internett er ein kjent problematikk – også når det kjem til kjøp og sal av gjenstandar knytte til spel.

Dei har derimot fått inn få meldingar om dette. I tillegg er det fleire utfordringar med å etterforske slike saker.

– Det er vanskeleg å identifisere gjerningspersonen. Spelet eller plattforma er ofte lokalisert i utlandet, og utlevering av informasjon kan ta tid og vere ein strevsam prosess, seier Rønholt.

Ikkje overraska

– Vi har ikkje spesielle data på kor mange som blir utsett for svindel av virtuelle gjenstandar, men at det skjer er ikkje overraskande, seier Rune Aune Mentzoni.

Rune Mentzoni
Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Han er førsteamanuensis på Nasjonalt kompetansesenter for spelforsking på Universitet i Bergen. Han fortel at det å bli svindla på denne måten kan vere svært belastande for mange unge.

– For nokon kan det vere snakk om tap av sjølvfølelse og status blant vennar, i tillegg til dei økonomiske konsekvensane, seier han.

Ifølgje han er dette ei side ved Steam mange foreldre ikkje veit om, men som ungdommane sjølve er opptekne av. Og der finst det mange utfordringar knytte til kjøp og sal av eigendelar.

– Det er rett og slett ein kompetanse ein bør byggje opp hjå spelarar, foreldre og folk rundt om korleis desse tinga fungerer.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)