I 1976 kom Merriam-Webster med den første offisielle Scrabble-ordboka, som omfattar alle engelske ord som kan brukast i brettspelet på engelsk. Ordboka blir oppdatert kvart fjerde til åttande år.
Denne veka kom den sjette utgåva av oppslagsverket. Ordboka er utvida med 300 nye ord. Blant dei er «twerk», «emoji» og «OK».
– OK er eit ord Scrabble-spelarar har venta på lenge. Ord på to og tre bokstavar er viktige i dette spelet, seier hovudredaktør for ordboka, Peter Sokolowski, til nyheitsbyrået Associated Press.
Ordlista omfattar no over 100.000 ord.
- Les:
Norsk oppdatering er på veg
Også i Noreg er arbeidet med å oppdatere den offisielle Scrabble-ordlista i gang. Ordlista legg grunnlaget for kva ord spelarar skal kunne bruke på norsk, og blir også brukt i samband med turneringane som blir arrangerte av Norsk Scrabbleforbund.
Forbundet hadde håpa at dei skulle vere i mål allereie i haust, men no ser det ut til at norske spelarar må smørje seg med litt tolmod.
– Vi ønska å få ferdig ei revidert ordliste på norsk før individuelt NM i november, men vi ser at det blir litt vanskeleg. Men vi håper lista skal vere ferdig etter lag-NM i april, seier president Eva Marie Wathne i Norsk Scrabbleforbund.
Men på enkelte felt ligg den norske ordlista lenger framme enn den internasjonale.
– Vi er stolte over at vi var før amerikanarane å ta inn «twerk» og «emoji», seier Wathne.
Omfattande arbeid
Det er eit grundig arbeid som ligg bak ei revidering, og språkkomiteen i Scrabbleforbundet har mange val å ta, seier ho.
– For oss er det viktig at både gamle og nye ord er ord som er i aktiv bruk. Så det er mykje jobb som ligg bak kvart einaste ord som blir sjekka av komiteen.
Det var den arbeidslause arkitekten Alfred Mosher Butts i New York som fann opp spelet i 1933. Men det var først på 1950-talet at interessa for spelet tok seg opp.
Spelet går ut på å setje saman ord av bokstavar som spelarane har fått tildelt. Kvar bokstav har ein poengsum, alt etter kor vanskeleg det er å bruke bokstaven. Den spelaren som klarer å samle mest poeng vinn.
- Les:
- Les:
Regjerande noregsmeister, Stian Alexander Toft, seier han liker spelet fordi det er så mangfaldig.
– Det er eit spel som kombinerer både taktiske evner, kreativitet, hukommelse og ordforråd.
NM i Scrabble blir arrangert i Oslo 17. og 18. november.
- Les: