Netflix og Will Ferrell lagar komedie om Eurovision

Netflix skal lage spelefilm om Eurovision Song Contest. Komikaren Will Ferrell skal spele hovudrolla.

Netta

Netta frå Israel vann Eurovision Song Contest i Lisboa med «Toy». No skal Netflix og skodespelaren Will Ferrell lage ein komedie basert på sangkonkurransen.

Foto: FRANCISCO LEONG / AFP

I over 60 år har Eurovision Song Contest gleda og forarga musikkinteresserte europearar. Det har gjort konkurransen har fått statusen som verdas eldste årlege musikkonkurranse på TV. Og no blir den populære konkurranse også spelefilm når Netflix skal lage komedien «Eurovision», melder Deadline.

Komikaren Will Ferrell skal spele hovudrolla. Han har også skrive manus saman med Andrew Steele, som blant anna har skrive for tv-showa «Saturday Night Live» og «Funny or Die presents ...».

Research i Lisboa

Ferrell var til stades under finalen i Lisboa i mai for å førebu seg til arbeidet med filmen. Han var blant anna til stades under prøvene til den svenske deltakaren Benjamin Ingrosso, og møtte også artisten bak scenen, skriv Aftonbladet.

– Det var så feitt! Han gjekk i gangen bak scenen, så eg gjekk fram og sa eg var ein stor fan. Det første eg sa til han, var at eg var svensk slik at han skulle kjenne seg heime, sa Ingrosso til avisa.

Will Ferrell

Will Ferrell har spelt i filmar som «Anchorman», «Zoolander» og «Stepbrothers». I mai var han til stades under ESC-finalen i Lisboa for å gjere research til den komande filmen basert på musikkonkurransen.

Foto: Chris Pizzello / AP

Ferrell er gift og har tre barn med svenske skodespelaren Viveca Paulin. Han har tidlegare sagt at han lenge har vore fan av konkurransen. Komikaren har tidlegare også vore til stades under Eurovision-finalen i København i 2014.

Skrota filmar

Det har vore gjort forsøk på å lage filmar av songkonkurransen tidlegare også. I 2007 offentleggjorde arrangøren EBU at dei hadde inngått eit samarbeid med dei som laga filmsuksessen «Borat» om å lage ein film.

«Eurovision: The Movie» skulle ha hatt kinopremiere i 2008, men innspelinga starta aldri. Og i 2010 blei prosjektet skrinlagt, skriv Danmarks Radio.

Men no blir det gjort eit nytt forsøk på lage musikalkomedie av Eurovision Song Contest. Netflix har førebels ikkje opplyst når filmen skal ha premiere.

Årets finale i Portugal blei vunne av israelske Netta, som framførte «Toy».

Israels bidrag: Netta med sangen "Toy"

Kulturstrøm

  • Slik blir Kim Friele-skulpturen

    Kunstner Lina Viste Grønli skal lage skulpturen til ære for Kim Friele, Norges første åpent homofile. Grønli vant konkurransen som er første i en satsing for å få flere kvinner på sokkel i Bergen. Skulpturen er formet som tre benker med bokstavene KIM, og er en referanse til at Friele i sin ungdom satt på en benk og speidet etter andre homofile.

    Skisse av tre benker formet som bokstavene KIM som skal settes opp i Bergen
    Foto: Bergen kommune / Linda Viste Grønli
  • Brita Blomquist er død

    Brita Blomquist er død, 88 år gammal. Blomquist var journalist og jobba i NRK i 25 år. Den tidlegare programleiaren var frå Oslo, men har sidan 1994 budd i Ålesund.

    Brita Blomquist
    Foto: Terje Reite / NRK
  • Jimmy Lais selskap stiger 788 %

    Jimmy Lais medieselskap Next Digital har steget kraftig på børsen etter pågripelsen av ham mandag. Selskapet har steget 788 prosent, ifølge nyhetsbyrået AFP. Pågripelsen av demokratiforkjemperen anses som en trussel mot Hongkongs pressefrihet.