Hopp til innhold

Nederland vann Eurovision Song Contest, men Noreg mest populær blant publikum

TEL AVIV (NRK): Førehandsfavoritten Duncan Laurence frå Nederland vann Eurovision Song Contest. Noreg blei nummer fem etter å ha fått flest publikumsstemmer.

Heilt sidan han vann den nasjonale kvalifiseringa har Duncan Laurence vore storfavoritten til å vinne Eurovision Song Contest i Tel Aviv. Han deltok med balladen «Arcade». Sigeren kom etter ei spennande avstemming.

Då dei 41 fagjuryane hadde delt ut sine poeng, var det Sverige som leia med to poeng framfor Nord-Makedonia og med åtte poeng på Nederland. Men etter at telefonstemmene blei lagde til i poengsummane, kom det stor endringar.

Nederland vann med Italia på andreplass og Russland på tredje. Sverige enda til slutt på ein sjetteplass, seks poeng bak Noreg.

Noreg vann folket

Det har starta litt trått for det norske bidraget, og låg på 15.-plass etter at fagjuryane hadde sagt sitt. Men det norske bidraget var det mest populære blant publikum, og fekk 291 poeng. Keiino blei med det til slutt nummer fem.

Alexandra Rotan sa til NRK etter finalen at ho var glad for at låten falt i så god smak hos publikum.

– Det er heilt vanvitig! Eg skjøna at det var noko då kameramannen kom rett framfor oss. Men at vi skulle få så mange stemmer, hadde eg aldri trudd.

Island blei bua på

Det islandske bandet Hatari hadde på førehand varsla at dei kunne kome til markere støtte til Palestina under direktesendinga. Det var også sterk motstand på Island mot at landet skulle delta i konkurransen i år.

Hatari var blant musikarane som skreiv under eit opprop mot at Island skulle delta, men valde likevel å takke ja til å representere landet.

Då publikumsstemmene blei lese opp, heldt dei opp banner med det palestinske flagget på. Det skapte reaksjonar og buing blant publikum. EBU godtek ikkje politiske markeringar under ESC-finalen, og det er uvisst om dette får konsekvensar for Island til neste år.

Madonna lanserte ny single i pausen

I pausen framførte fleire tidlegare ESC-deltakarar, som austerrikske Conchita Wurst, svenske Måns Zelmerlöw og kypriotiske Eleni Foureira, songar frå ESC-historia. Fjorårsvinnaren Netta framførte også sin nye single, «Nanna Banana».

Og så var det klart for innslaget det har vore snakka om dei siste dagane. Madonna gjesta Expo Tel Aviv for å markere at det i år er 30 år sidan ho gav ut singlen «Like a Prayer».

I tillegg framførte ho den nye singlen «Future», som også er med på det 14. studioalbumet til Madonna, «Madame X», som kjem i juni.

Men ikkje alle meinte ventetida på popstjerna var verdt det:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.