Hopp til innhold

Ønsker å stenge ute islandsk MGP-bidrag

Den islandske gruppa Hatari kan bli nekta innreise til Israel for å delta i Eurovision-finalen i Tel Aviv i mai. Grunnen er at gruppa har oppmoda til boikott av Israel.

Utfordringane har vore mange etter at Israel vann Eurovision Song Contest i Portugal i fjor. Rulleteksten var knapt over før debatten om deltaking i årets finale var i gang. Både i Noreg og i fleire andre land var det oppmodingar om boikott.

På Island var det stort engasjement og underskriftsaksjonar. Blant dei som skreiv under og kravde boikott, var technotrioen Hatari, som no er vald til å representere landet i mai med låten «Hatrid Mun Sigra» («Hatet skal sigre»).

Etter at dei vann den islandske finalen, sa dei at dei ville protestere mot Israel frå scenen under songkonkurransen, skriv NME

Dette har sett sinna i kok hos organisasjonen Shurat Hadin, som representerer jødiske terroroffer. Dei krev at Island blir nekta å delta i konkurransen. Ifølgje israelsk lov kan personar som oppmodar til boikott av Israel bli nekta innreise.

Netta

Då den israelske artisten Netta vann ESC-trofeet i Portugal i fjor, sa ho at ho håpte finalen i år skulle vere i Jerusalem. Det skapte debatt, og i mange land var det krav om boikott av konkurransen i år.

Foto: FRANCISCO LEONG / AFP

Vanskeleg å nekte

Israelske styresmakter har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis dei skal møte eventuell politisk kritikk eller brot på boikottlova frå deltakarlanda i Eurovision, skriv Haaretz.

Men det kan bli vanskeleg for Israel å nekte deltakarar innreise eller å delta i konkurransen. I 2017 blei den russiske deltakaren nekta innreise til finalen i Ukraina fordi ho hadde spelt konsert på Krim. Det har gjort at EBU har stilt strengare krav til vertslanda.

I slutten av august i fjor sende styret i ESC eit brev til Benjamin Netanyahu, der dei kjem med ei rekkje krav til den israelske statsministeren.

Ifølgje Times of Israel kom det blant anna krav om at israelske styresmakter ikkje blandar seg inn i organiseringa av arrangementet. I tillegg krev dei ein garanti om innreise for tilreisande publikum, uavhengig av deira politiske ståstad, seksuelle orientering og religion.

Lista inneheld også krav om at regjeringa garanterer full presse- og ytringsfridom for alle deltakarar og delegasjonar under opphaldet deira.

Sjef for Eurovision Song Contest, Jon Ola Sand, seier til NRK at dei har god dialog med dei israelske arrangørane, og at han ikkje trur Hatari vil få problem med å kome inn i landet.

– Vi ser ingen grunn til at dei ikkje skal få innreiseløyve. Vi har tett dialog med styresmaktene i Israel, og dei veit at det kan fort kan slå tilbake på dei og dei lokale arrangørane dersom nokon blir nekta visum.

Antikapitalistisk techno

Hatari omtalar seg sjølve som eit «antikapitalistisk sadomasochistisk technoband». Gruppa blei oppløyst i desember i fjor, før dei annonserte at dei ville kome saman igjen for å delta i Eurovision Song Contest, skriv den engelskspråklege nettstaden Iceland Monitor.

Etter sigeren i mars takka ein av vokalistane i gruppa, Matthías Tryggva, for tilliten på direktesendt TV.

– Vi kjenner ein overveldande respekt for det prosjektet landet vårt har valt oss til. Dette fører oss eitt steg vidare i planen vår om å øydelegge kapitalismen.

Gruppa er blant favorittane, og er i skrivande stund tippa å bli blant dei ti beste.

Hatari Eurovision 2019 Island

Det er ikkje alle på Island som er like begeistra for at Hatari skal delta i Eurovision Song Contest i Israel. Mange meiner den islandske kringkastaren ikkje burde ha sendt nokon i protest mot israelsk politikk. Hatari var blant artistane som skreiv under på ei oppmoding til boikott i fjor haust, men no seier dei at dei vil bruke deltakinga for å protestere.

Foto: RÚV

Politikk kan få konsekvensar

Denne veka er det delegasjonssamling for alle deltakarlanda i Tel Aviv. Jon Ola Sand seier han har snakka med den islandske delegasjonen frå kringkastaren RUV. Og dei er fullt klar over at det vil få konsekvensar dersom Hatari bruker deltakinga til politiske markeringar.

– Vi trur ikkje dei kjem til å bruke Eurovision Song Contest til å protestere. Dei kjenner kva reglar vi har for deltaking, og at det ikkje er lov med politiske markeringar. Men skulle dei gjere det, vil dei kunne ryke ut av konkurransen.

Sjølv om det ifølgje Eurovision-reglane ikkje er lov å kome med ein politisk bodskap frå scenen, har det vore eksempel dei seinare åra der deltakarar har klart å omgå reglane.

I 2016 vann ukrainske Jamala med ein song som også kunne tolkast som ein kommentar til dei russiske styrkane på Krim. Eit anna eksempel er den israelske gruppa Pingpong som brukte eit syrisk flagg på scenen i 2000.

Kulturstrøm

  • Ei framsyning det er lett å anbefala

    – Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Nett det speler Oddgeir Thune, Maria Blokhus og Kyrre Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl om «Sudden death».

  • Cannes-pris til norsk regissør

    Marlene Emilie Lyngstad vant La Cinef-prisen under filmfestivalen i Cannes. Prisen deles ut til talenter fra filmskoler over hele verdenen. «Norwegian Offspring» er avgangsfilmen hennes og ble valgt ut fra 16 nominerte bidrag. Lyngstad har studert ved Den Danske Filmskole i København.

    Bilde tatt utenfor filmpalasset i Cannes før den berømte filmfestivalen startet.
    Foto: AFP