Hopp til innhold

Nasjonalmuseets milliardærsamarbeid: – Manglar sidestykke i USA

– Eg veit ikkje om eit einaste offentleg museum i USA som har ein så tett kontraktfesta forbindelse til sine støttespelarar, seier norsk direktør ved amerikansk kunstmuseum.

Yayoi Kusama

KUNST I VERDSKLASSE: – Samarbeidet vil gje Nasjonalmuseet tilgang til kunstnarar og internasjonale verk som i dag ikkje er representert i samlinga, ifølge Nasjonalmuseet. Den japanske kunstnaren Yayoi Kusama er blant kunstnarane som alt er kjøpt inn.

Foto: Henie Onstad Kunstsenter

Då Nasjonalmuseet inngjekk samarbeidsavtale med Fredriksen-søstrene, var nokon redde for at det ville bli amerikanske tilstandar i Noreg.

Avtalen er verd fleire hundre millionar kroner og inneber blant anna eit langtidslån av ei kunstsamling som familien Fredriksen eig.

I første omgang varer avtalen i ti år, og Fredriksen får blant anna eit eige rom til kunstsamlinga si i det nye Nasjonalmuseet som opnar i 2020.

Ifølge direktør ved kunstmuseet The Renaissance Society i Chicago, Solveig Øvstebø, så er denne typen avtale heilt uvanleg i USA på grunn av det tette samarbeidet med museet.

Solveig Øvstebø

– SPESIELT: Direktør ved kunstmuseet The Renaissance Society i Chicago, Solveig Øvstebø, seier det er heilt uvanleg med så tette band mellom museum og private samlarar, som det er mellom Nasjonalmuseet og Fredriksen-familien.

Foto: © Anthony Barlich 2016 / © Anthony Barlich 2016

– At eit museum viser ei privat samling er heilt kurant. Sidan denne samlinga ikkje er eigd av museet burde nye innkjøp og utviklinga av den skje utanfor museet. Nasjonalmuseet kunne likevel hatt råderett over kva som til ein kvar tid blir vist av Fredriksen-samlinga, og bruke si eiga tid på å utvikle den samlinga dei faktiske eig og forvaltar, seier Øvstebø.

– Aktiv og sterk påverknad

Solveig Øvstebø sette Bergen Kunsthall på kartet då ho var leiar der i ti år. I 2012 blei ho tilsett som direktør ved The Renaissance Society, som er eit betydeleg kunstmuseum i Chicago.

Øvstebø påpeikar at både offentlege og private museum i USA i all hovudsak er finansiert privat, og er avhengige av gode sponsoravtaler, donasjonar av verk og pengegåver til museets drift.

Det er heller ikkje uvanleg at samlarar lånar ut verk til museum eller viser sine samlingar der for ein periode.

– Det som er spesielt med avtalen mellom Nasjonalmuseet og Fredriksen-familien, også i eit amerikansk perspektiv, er den aktive rolla og sterke påverknaden familien har fått i forbindelse med andre kunstfaglege program som “Fredriksen Commmisions”, seier Øvstebø.

LES OGSÅ: Museumsdirektør: – Nasjonalmuseet kan sitte igjen med svarteper

– Eit av de mest ekstreme eksempla

Fredriksen-søstrene, Nasjonalsmuseets Karin Hindsbo og Stina Högkvist

– HEILT UVANLEG: – Avtalen mellom Nasjonalmuseet og Fredriksen-familien manglar sidestykke i USA, ifølge norsk direktør ved amerikansk kunstmuseum. Frå venstre: Cecilie Fredriksen, samlingsdirektør i Nasjonalmuseet Stina Högkvist, direktør i Nasjonalmuseet Karin Hindsbo, og Kathrine Fredriksen.

Foto: Morten Qvale / Nasjonalmuseet

I avtalen mellom Nasjonalmuseet og Fredriksen Family Art Company, som NRK har fått innsyn i, kjem det fram at Fredriksen-familien har siste ord om kva som skal bli kjøpt inn, og dei har påverknad på promotering av utstillingar.

Avtala varer i 10 år, med moglegheit for forlenging. Når samarbeidet blir avslutta skal alle verka tilbake til søstrene.

– I USA er det vanleg at dersom samlinga blir vist over lengre tid så er det ofte ein direkte donasjon av kunstverka eller ein såkalla «promised gift». Det vil seie at samlinga går til museet på eit avtalt tidspunkt, seier Øvstebø.

Solveig Øvstebø meiner det er spesielt at Nasjonalmuseet skal bruke ressursar på å bygge opp ei samling som dei til sjuande og sist ikkje eig.

– Det er merkverdig at, akkurat nå, er det faktisk i Noreg vi ser eit av dei mest ekstreme eksempla på privat påverknad på faglege val i eit offentleg museum.

Kunstnar Marianne Heske sa då avtala blei offentleg at det gjekk mot amerikanske tilstandar i Noreg. Etter å ha høyrd at det ikkje er slik i USA, seier ho dette:

– Det visar berre kor umoden og lite gjennomtenkt denne avgjerda er, seier Heske.

Meiner avtalen utfordrar regelverket

Liv Ramskjær

INTERESSANT: Liv Ramskjær, generalsekretær i Noregs Noregs museumsforbund meiner avtalen mellom Fredriksen-søstrene og Nasjonalmuseet utfordrar ICOM sitt regelverk.

Foto: Unn Bjørge7kulturrådet

Generalsekretær i Noregs museumsforbund Liv Ramskjær seier til NRK at ho synest det er interessant at Øvstebø ikkje finn liknande samarbeid i USA som det mellom Fredriksen-søstrene og Nasjonalmuseet.

– USA er eit forbilde når det gjeld privat og offentleg samarbeid og sponsing av kunst og kultur, seier Ramskjær.

Samtidig er ho ikkje overraska. Ramskjær meiner det viser at musea følgjer dei etiske reglane som den internasjonale komiteen for museum (ICOM) har definert.

– Det er tydeleg der at det er musea som skal ha den fulle faglege integriteten, slår ho fast.

Ramskjær meiner avtalen mellom Fredriksen-søstrene og Nasjonalmuseet utfordrar dette regelverket.

LES OGSÅ: Trine Skei Grande langer ut mot Fredriksen-kritikk

Eirik Kydland

REKNA MED DEBATT: Eirik Kydland, kommunikasjonsdirektør i Nasjonalmuseet, meiner det er naturleg at saka skapar debatt.

Foto: Rune Mortensen

Eirik Kydland, kommunikasjonsdirektør for Nasjonalmuseet, seier til NRK at avtalen er den første i sitt slag og at det er naturleg at den skaper debatt. Dei vil ha løpande vurderingar av avtala, legg han til.

– Samarbeidet skal ikkje true museets kjerneverksemd eller integritet, men gje nye moglegheiter. Det er også ein klar intensjon i avtala om å diskutere meir permanente visningsløysingar i framtida, understrekar Kydland.

– Det er også bra at Noregs museumsforbund og norsk ICOM har sett i gang eit etikkprosjekt for å diskutere blant anna nettopp nye samarbeidsformer for musea, legg han til.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters