NRK Meny
Normal

Namnet blei Bessie!

Frokost-TV sin programleiar Petter Nome har kjøpt seg hund, og han ba sjåarane om hjelp til å finne namn, no har den lille firbeinte fått seg eit namn!

Valpen til Petter Nome

Petter Nome med hunden sin
Foto: Marie Melgård / NRK

Petter har henta hunden sin hos oppdretterane Frank og Stig Arne på kennelen Westaway i Våle i Vestfold. Og det blei ei lita jente.

Petter har plukka ut eit av namna som kom inn i namnekonkurransen og det er dette namnet som den lille skal få! Og det var namnet Bessie Petter falt for. Og difor kan vi gratulere Morten Bråthen med seieren.

  Her kan du sjekke ut kva slags namneforslag som er kome inn. Eit av desse blir det!

Har du valp i huset?

Her kan du finne ut kva du skal gjere og kva du absolutt ikkje skal gjere når du får valp i huset.