Hopp til innhold

Nadia Ansar med bok om oppveksten: – Ein påført skam som stilna meg

To år etter at toppseljarboka til mannen Abid Raja, kjem Ansar no med boka «Min skam». – Frå eg var født var forventningane at eg skulle ta minst mogleg plass, fortel ho.

Nadia Ansar med ny bok

BOKDEBUT: I september kjem debutboka til Nadia Ansar. Her fortel ho om ein oppvekst prega av skam.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

«Eit djupt personleg oppgjer med eigen oppvekst i ein patriarkalsk skamkultur».

Slik lyder forlaget Cappelen Damm sin omtale av boka.

– Frå eg blei født var forventninga til meg at eg skulle gjera minst mogleg gale og ta minst mogleg plass. Konsekvensen var ein påført skam som stilna meg, seier Nadia Ansar.

– Den flinke minoritetsjenta sin kamp

«Min skam» kan lesast opp mot mannen hennar Abid Raja si bok «Min skyld», skriv forlaget i ei pressemelding.

Raja si bok fekk gode kritikkar då ho kom ut i 2021, og blei etter kvart den mest selde boka dette året.

Her får ein mellom anna høyra om kampen som Raja og Ansar måtte kjempa for å få vera saman.

– Men Nadia si stemme mangla, skriv forlaget, og fortset:

– Med boka «Min skam» ønsker ho no å bruka si personlege og faglege stemme til å fortelja historia om den flinke minoritetsjenta sin kamp for å få lov til å vera seg sjølv.

Abid Raja og Nadia Ansar

KJEMPA: Abid Raja og Nadia Ansar har vore saman i 27 år. Dei har begge kjempa eigne kampar, men òg ein kamp saman om å få lov til å vera ilag.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

I den nye boka til Ansar får ein innsikt i oppveksten hennar som ifølge ho var mykje prega av skam.

Ein oppvekst prega av skam

Ansar vaks opp på Ekeberg i Oslo. I boka skriv ho blant anna om å vera den einaste jenta i klassen med minoritetsbakgrunn, og om korleis faren hennar stod i spagat mellom det likestilte, norske samfunnet og den patriarkalske kulturen sine forventningar.

I dag jobbar Ansar som psykolog, og er spesialist i emosjonsfokusert terapi og spesialist i klinisk familiepsykologi.

Frå utsida har ho vore ein velintegrert psykolog og ekspert på kjensler som skuld og skam, heiter det i pressemeldinga.

Men ho har lenge bore på mykje skam og mørke hemmelegheiter som sjølv ikkje mannen hennar visste om.

– I mine mest sårbare augneblinkar, då eg trong som mest å seia ifrå, då eg prøvde å ropa om hjelp, hadde eg ingen stemme å ropa med, seier Ansar om barndommen sin.

Ansar fortel at ho ser fleire velutdanna medsøstrer med minoritetsbakgrunn gi opp den «smertefulle balansekunsten i det likestilte Noreg». Ho fortel at ho ser at mange blir husmødrer med hijab, og at nokon flyttar tilbake til foreldra sitt heimland.

Ho meiner skamma hindrar dei i å leva frie liv.

– Skal me få til integreringa av innvandrarar i Noreg og skapa full kvinnefrigjering òg for kvinner med minoritetsbakgrunn, må me innsjå at krafta og skamma som trekk dei tilbake til undertrykking fortset å slita i dei, seier ho.

Boka skal etter planen komma i september.

Kulturstrøm

  • Røynesdal ny direktør i Nasjonalmuseet

    Ingrid Røynesdal blir ny direktør i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

    Røynesdal kommer fra jobben som administrerende direktør for Oslo-filharmonien, der hun har vært leder siden 2013.

  • Ei framsyning det er lett å anbefala

    – Kva gjer ein ikkje for å skjula at ein har gjort noko gale? Kva gjer ein ikkje for å lata som at alt er ok? Nett det speler Oddgeir Thune, Maria Blokhus og Kyrre Hellum godt og morosamt ut på Scene 3 ved Det Norske Teatret, skriv teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl om «Sudden death».