Hopp til innhold

Moteveka i Oslo opna for 16. gong

Design-ekteparet Jason Sharpe og Linnie Rosstad Sharpe fekk æra av å opne Oslo Fashion Week som «årets nykommar».

– Vi vil vere eit norsk merke, seier amerikanske Sharpe.

Arrangementet som må ha størst tettleik av brunkrem, stilettar og glitter i heile Noreg opna for 16. gong i kveld. Kjendisar, motebransjen og presse samla seg i Posthallen i Oslo, som er årets hovudarena, for å sjå på noko av det norske designarar har å by på.

Kvart år blir ein designar presentert som «årets nykommar» på opninga. I år var det eit norsk-amerikansk ektepar som fekk utmerkinga; Linnie Rosstad Sharpe og Jason Sharpe for merket L&J.

L&J

Linnie Rosstad Sharpe og Jason Sharpe står bak L&J og er gift.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Spesielt å jobbe med kona

Dei fekk applaus og skryt for strikkeplagg for både kvinner og menn, nesten gjennomsiktige kjolar og sporty klede med ein laus silhuett. Toppa med lange fletter på alle modellane, kvinner som menn.

Inspirasjonen deira kjem alltid frå ei kjærleikshistorie. Denne gongen var det naturen, med blomster og bier som inspirerte. Det viste igjen både i fargepaletten og garna.

LES: Internasjonalt moteblikk på Skandinavia

– Det er ei rekkje kjensler som går gjennom meg no. Vi har jobba for andre designarar tidlegare, men å vise åleine, for sitt eige merke, er noko heilt spesielt, seier Linnie Rosstad Sharpe til NRK.no etter showet.

– Det er typisk; vi har ikkje fått nok søvn, og vi må vere tålmodige med kvarandre når vi jobbar, spesielt når det er kona mi, ler Jason.

– Vi vil byggje merket i Noreg

Mille Marie Treschow

Fleire kjendisar var til stade på opninga av moteveka i kveld. Her er Mille Marie Treschow med dottera Victoria.

Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Fleire av dei som tidlegare har fått denne utmerkinga har gått vidare til å vise i utlandet. Mellom anna viste vinterens nykommarar, Haaning & Htoon, nyleg på moteveka i København.

LES: Norske designarar reiser til København

Men L&J har tatt ei klar avgjerd om at dei vil byggje merket sitt i Noreg.

– Vi er eit norsk merke, og vil byggje oss opp her. Og deretter satse internasjonalt også, seier Jason Sharpe.

Designarane har bakgrunn frå store motehus i London, Paris og USA.

– Vi vil vise her for å bevise at ein også kan vere designpionerar i Noreg. Eg får ei kjensle av at det er i ferd med å skje, det er betre design år for år, seier Rosstad Sharpe.

Fleire vel å vise andre stadar

Ellen Arnstad

Henne-gründer Ellen Arnstad var på plass.

Foto: Johannessen, Sara / Scanpix

Programmet på moteveka har krympa frå tidlegare i år, og leiinga har fått mykje kritikk for profilen og for å ikkje samarbeide med andre.

LES: Vil samle mote-Oslo

Fleire designarar vel no å lage sine eigne visningar eller vise i utlandet. For L&J er det debut på Oslo Fashion Week, eitt år etter dei starta opp merket.

– For å vere ærleg var vi ikkje sikre på om vi skulle vise her. Vi visste at når vi tok steget, ville vi alltid vise her. Vi vil ha vår base her, seier Sharpe bestemt.

– Kva er utfordringane ved å ha base som designar i Noreg?

– Fabrikkane er langt vekke, ein må vere velorganiserte og reise mykje, seier Linnie, medan amerikanaren skyt inn:

– Taxes. Skatt. Det er ei utfordring.

– Ikkje aktuelt å avlyse moteveka

Før nykommarane viste gjekk ei hitparade av norske merker nedover catwalken; Moods of Norway, Sca Ulven, Armando Santos og TSH.

Fleire fekk seg kanskje ei overrasking då det ikkje var sexy, tynne modellar som dukka opp først - men barn i fargerike klede. Little Cupcakes by Fam Irvoll fekk nemleg opne showet, etterfulgt av herre-, brude- og damemote.

Prosjektleiar Anniken Vear i Oslo Fashion Week innleia ved å minnast journalist i fagbladet Tekstilforum, Live Nordby, som hadde vore på alle motevekene sidan starten, men døydde etter lengre tids sjukdom. Ein stol på første rad stod tom til minne om henne. Deretter kom ein performance dedikert til terrorofra på Utøya og i Oslo.

– Vi ønskjer å minnast ofra frå Utøya og Oslo. Men det er vårt ansvar å vinne tilbake kvardagen. Difor var det ikkje aktuelt å avlyse Oslo Fashion Week, sa Vear.

Modell

Modellar på catwalken under Oslo Fashion Week.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Åtte designarar har separatvisningar på Oslo Fashion Week, som blir runda av fredag 12. august.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor