Hopp til innhold

Michelle Obama kjem til Noreg

Den tidlegare førstedama kjem til Oslo for andre gang i april neste år. – Eg kunne ikkje ha vore meir begeistra, seier Michelle Obama.

Oprah Winfrey og Michelle Obama

PROFILERTE SAMTALEPARTNERE: Michelle Obama med samtalepartnar Oprah Winfrey i Chicago 13. november.

Foto: Ashlee Rezin / AP

Marknadsansvarleg i Live Nation Elise Eriksen Løssfelt, som arrangerer Obama-møtet, kallar arrangementet for «ein samtale med» den tidlegare førstedama. Namnet på Obamas turné er «Intimate Conversation with Michelle Obama.»

– Det er ein samtale med den tidlegare førstedama. Det har vore veldig populært i USA der ho har hatt forskjellige samtalepartnarar, forklarar Løssfelt.

Ho vil ikkje seie kor mykje det har kosta å få Obama til å kome til Oslo Spektrum.

Det er ikkje kjent om Obama vil snakke med nokon norske på scena, eller om ho vil ha med seg andre samtalepartnarar.

– Billettprisen for å sjå Obama i spektrum er mellom 445 og 4375 kroner, fortel Løssfelt.

Nytt Obama-besøk

Kona til ekspresident Barack Obama kjem berre eit halvt år etter at mannen vitja Oslo Business Forum i slutten av september.

Michelle Obamas Min historie

Michelle Obama gav ut si historie 13. november og ligg på førsteplassen av boksalet i elleve land verda rundt.

– Eg kunne ikkje ha vore meir begeistra over å få besøke fleire land og byar, seier Michelle Obama i ein pressemelding.

13. november slapp ho den svært godt selde boka «Min historie», som ho no turnerer verda rundt for å promotere. Boka er omsett til 31 språk allereie, og har selt over 3,8 millionar eksemplar berre i USA og Canada.

Andre gong i Noreg

– Eg er overvelda over responsen turneen har fått så langt – og den interessa vi har fått frå så mange ulike miljø. Eg er difor veldig glad for at vi kan forlenge turneen neste år og halde fram samtalane med endå fleire, seier Obama.

Den tidlegare førstedama går inn i historiebøkene som den første svarte presidentfrua.

Michelle Obama

I LONDON: Michelle Obama snakkar saman med den nigerianske forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie i London på et liknande arrangement 3. desember.

Foto: Ben Stansall / AFP

Første gong ho var i Noreg, var då ektemannen var president i USA, og skulle ta imot Nobels fredspris.

På sitt andre Noregs-besøk lovar ho framfor heile publikummet i Oslo Spektrum, å kome med ærlege refleksjonar rundt både private og offentlege opplevingar som har forma ho, frå oppveksten i Chicago, om balansen mellom karrieren og morsrolla, og åra ho budde i Det kvite hus.

Nektar å bli president

Sjølv om fleire har teke til orde for det, lovar Obama i boka si at ho aldri vil bli president i USA. Ho har aldri likt politikk, og erfaringane som førstedame i Det kvite hus har ikkje endra på dette, skriv ho. I staden ønskjer ho å hjelpe folk på andre måtar.

Michelle Obama skal ha vurdert å besøke Arendalsuka i august, men måtte takke nei.

Obama i Oslo under Nobelprisutdelingen i 2009

SIST GONG I Noreg: Sist gong Michelle Obama var i Noreg var under Nobelprisutdelinga i 2009. Her er ho saman med Kong Harald, Barack Obama, og dåverande leiar av nobelkomiteen Thorbjørn Jagland.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Kulturstrøm

  • Torkil Damhaug får Rivertonprisen 2022

    Torkil Damhaug får Rivertonprisen for 2022. Han er dermed den første forfatteren som har fått prisen tre ganger.

    Torkil Damhaug har tidligere fått Rivertonprisen for «Ildmannen» (2011) og «En femte årstid» (2016).

    Damhaug er utdannet lege med spesialisering innenfor psykiatri. Han debuterte med «Flykt, måne» i 1996, og har til sammen gitt ut elleve bøker.

    – Jeg kjenner meg lettet og glad, kanskje enda mer enn sist. Når Riverton-juryen nå gir meg en tredje revolver, velger jeg å forstå det slik at de ser en utvikling i forfatterskapet mitt, og ikke bare en gjentakelse av noe jeg har skrevet tidligere, sier Damhaug.

    «Ulike fortellinger konkurrerer i denne kriminalromanen som i kraft av personskildringer, skiftende miljøbeskrivelser, intrikate og troverdige konflikter, og en mesterlig håndtering av alle skiftende fortellemåter, utvilsomt også kan kalles en samtidsroman av uvanlig litterær kvalitet,» heter det blant annet i juryens begrunnelse.

    «Jeg hadde håpet at det skulle være mulig, i alle fall innenfor min tid i juryen for Riverton-prisen, å unngå å gi prisen til samme forfatter for tredje gang. «Hund uten grav» gjorde ethvert slikt håp til skamme», skriver juryleder Hans H. Skei i begrunnelsen.

    Rivertonprisen, «Den gylne revolver», deles ut årlig av Rivertonklubben for det beste arbeidet innen norsk kriminallitteratur. Prisen er et samarbeid mellom Rivertonklubben, Den norske Forleggerforening og Bokhandlerforeningen. Prisen ble delt ut for første gang i 1973.

    Prisvinneren ble overrakt sin tredje gylne revolver under en seremoni på Litteraturhuset i Oslo torsdag formiddag.

    (NTB)