Hopp til innhold

Michael Jackson er den best betalte døde kjendisen i 2018

Ni år etter at han døydde håvar Michael Jackson framleis inn pengar på musikken sin. Ifølgje Forbes var han den døde kjendisen som har tent desidert mest i år.

Michael Jackson

Ni år etter at han brått døydde 50 år gamal, tener Michael Jackson framleis gode pengar. Ifølgje Forbes er han den døde kjendisen som har tent mest pengar i 2018. Godt hjelpt av eit aksjesal tente han ti gongar så mykje som Elvis Presley, som er nummer to på lista.

Foto: Joel Ryan / AP

Er du kjendis, får du ofte eit langt liv etter døden. Det viser lista over dei best betalte døde kjendisane til magasinet Forbes. Dei har sett på kor mykje dei har tent i perioden 1. oktober 2017 til 1. oktober 2018 før honorar til agentar, managerar, advokatar og bustyrarar er trekt frå.

Michael Jackson tronar for sjette år på rad aleine på toppen av lista, ni år etter at han døydde. Ifølgje magasinet har Jackson tent 400 millionar dollar (3,3 milliardar kroner) det siste året. Mesteparten av dette kjem etter sal av EMI Music Publishing-aksjar til Sony.

I tillegg tener «King of Pop» framleis gode pengar på musikken sin, ein ny plateavtale og ulike prosjekt.

Rockekongen er framleis stor

Då Elvis Presley døydde i 1977, skal ein agent i Hollywood ha kalla det eit smart karrieretrekk. Og det ser det framleis ut til å vere. Presley ligg på ein andreplass på Forbes-lista. Han har tent 40 millionar dollar (334 millionar kroner) det siste året.

Grunnen til dette er at Presley framleis sel over ein million plater kvart år. Men mykje av inntektene kjem frå inngangsbillettar som blir selde på Graceland og ein ny underhaldningspark i Memphis.

Elvis Presley Death Anniversary Elvis Presley

Elvis «The King» Presley toppa lenge lista over dei best betalte døde kjendisane, og sel framleis ein million plater i året. Men dei siste åra har han måtte ta til takke med andreplassen, slått av Michael Jackson, som elles var gift med Lisa Marie Presley i to år.

Foto: Anonymous / AP

På tredjeplass på lista ligg golfspelaren Arnold Palmer som døydde i 2016. Han tener pengane sine hovudsakleg på drikkevarer han har lånt namnet sitt til.

Best betalte kvinne

Den best betalte kjendiskvinna finn vi på åttandeplass. Det er Marilyn Monroe som døydde i 1962. Det siste året har ho tent 14 millionar dollar (117 millionar kroner) på sin ikoniske utsjånad. Namnet og bildet hennar vore knytt til ei rekke produkt, blant anna smykke og pennar.

Marilyn Monroe

Marilyn Monroe døydde berre 36 år gamal i 1962. I oversikta over dei best betalte døde kjendisane er ho den best betalte kvinna. Ho tener pengar på å låne namn og bilde til ei rekke produkt.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

På plassen over Monroe ligg mannen som på sett og vis var med å starte karrieren hennar. Playboy-grunnleggar Hugh Hefner døydde i september i fjor. Det var svært lukrativt. Han tente ifølgje Forbes 15 millionar dollar (125 millionar kroner) det siste året. Mesteparten av dette skuldast at arvingane selde aksjane sine i Playboy.

Men det er ikkje berre dei gamle døde som tener gode pengar frå den andre sida. 18. juni i år blei rapparen XXXTentacion skoten. Det førte til eit oppsving i strøymetala til den 20 år gamle artisten. Ifølgje Forbes er musikken hans strøyma fire milliardar gongar det siste året.

XXXTentacion

Ingen andre døde musikarar, og få levande, er strøyma meir enn XXXTentacion det siste året. Rapparen blei drepen i juni i år, og har hatt gode strøymeinntekter etter det.

Foto: AP

Ingen andre døde musikarar er strøyma meir det siste året. Det har også ført til inntekter for XXXTentacion, som tente 11 millionar dollar (92 millionar kroner) i perioden. Det gav han ein 11.-plass på lista.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.