Hopp til innhold

Meteorologar meiner vêrfenomen inspirerte til Skrik-himmel

Edvard Munch var inspirert av perlemorskyer då han måla «Skrik», meiner norske meteorologar. NRK sin kunstkritikar kallar det er eit villspor.

Skrik

Norske meteorologar meiner dei har funne ut kva som inspirerte Edvard Munch til å måle himmelen i «Skrik»

Foto: Sidsel de Jong / SCANPIX

«Skrik» har fascinert folk i over 100 år. Mange har lansert teoriar om kva himmelen representerer og kva som har vore inspirasjonen.

No får norske meteorologar internasjonal merksemd etter at dei har lansert teorien om at Munch fekk inspirasjon til å måle himmelen etter at han hadde sett perlemorskyer over Oslofjorden. Funna blei presentert i Wien i går.

Såg raskt at det var likt

Perlemorskyer, Lørenskog 22. desember 2014

Himmelen over Lørenskog 22. desember 2014 fekk Svein M. Flikke til å tenke på «Skrik» av Edvard Munch.

Foto: Svein M. Flikke

Ein kveld like før jul i 2014 såg meteorolog Svein M. Fikke ut vindauget. Då såg han raude og gule bølgeforma perlemorskyer, ikkje så heilt ulikt den himmelen vi ser i «Skrik».

Svein M. Flikke

Svein M. Fikke er pensjonert meteorolog.

Foto: Vegard Flikke

– Fargespelet utvikla seg heile tida både i fargar og intensitet. Og då eg la bilda inn på datamaskinen min, samanlikna eg det med himmelen i «Skrik». Både fargespelet og bølgeformen var lik, seier han til NRK.

Fikke seier det er sjeldan at vêrfenomenet opptrer like intenst som det gjorde i 2014. Og han kan forstå at Munch blei skremd om han ikkje visste kva dette var.

– Fenomenet opptrer like før soloppgang eller like etter solnedgang. Når sola går ned, ventar dei fleste det skal bli mørkt. I staden får vi eit kraftig fargespel på himmelen. Dersom Munch ikkje hadde sett dette før, må det ha verka skremmande på han.

Det er ikkje første gong ein har gått til naturen for å forklare himmelen i «Skrik». I 2003 meinte amerikanske forskarar at Munch hadde blitt inspirert av forureining frå eit utbrot frå vulkanen Krakatau i Indonesia.

– På villspor

Mona Pahle Bjerke

Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, tvilar på teorien om at meteorologiske fenomen har inspirert Edvard Munch.

Foto: Miriam Fosstvedt

Men kunstkritkar i NRK, Mona Pahle Bjerke, har lita tru på desse teoriane.

– Eg trur ein er på villspor når ein studerer himmelen i «Skrik», og forklarar det med eit meteorologisk fenomen. Munch var ikkje ein malar som presist kopierte naturen han såg.

Munch skreiv sjølv at han var inspirert av solnedgangen då han måla «Skrik», men han var meir oppteken av å skildre kjensla det gav han, enn å måle den nøyaktige himmelen, seier ho:

– Munch skildra korleis han gjekk bortover vegen saman med to vennar, og såg sola gå ned. Han skreiv han kjende eit pust av vemod. Det kan godt hende det var perlemorskyer han såg, men det er ikkje særleg relevant for tolkinga av bildet.

Fikke meiner likevel at forskinga deira er eit nyttig bidrag:

– Eg meiner vårt bidrag ikkje er ei dårlegare forklaring enn det eg elles har sett. Eg er ingen kunsthistorikar, men det verkar som kunsthistorikarar siterer kvarandre og går i flokk. Eg skulle ønske ein kunne ha teke eit steg tilbake, og sjå om det kan vere andre løysingar.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka