«Skrik» har blitt eitt av dei mest kjende måleria i verda, og er omgitt av ein aura av mytar, anekdotar og teoriar. Ein kvit flekk er blant dei tinga ekspertane har lurt på kva er. Så langt har ein av teoriane vore at det var fugleskit. Andre meiner det kan vere stearin eller flekkar av måling som har skvetta over på «Skrik».
Det er den kvite flekken rett under skuldra til skriket som ekspertane har lurt på kva er.
Foto: Espen Alnes / NRKDifor har Nasjonalmuseet brukt ein skannar for å analysere bildet, og finne ut korleis Munch har bygd opp det det ikoniske måleriet. Og blant dei tinga dei har funne ut, er altså kva den mystiske kvite flekken på skuldra til skriket er for noko.
– Vi såg først på bildet gjennom eit mikroskop som er kraftigare enn dei museet har brukt tidlegare. Og då såg vi at flekken ikkje på nokon måte likna på dyreeksrement, seier professor Tine Frøysaker ved Universitetet i Oslo.
Kan lære meir om Munch
Professor Tine Frøysaker trur stearinen stammar frå eit lys som har blitt blåst hardt ut.
Foto: Espen Alnes / NRKDersom det hadde vore fugleskit som var på bildet, ville det ha etsa seg inn i fargane, og det såg dei ikkje spor av. Så ved å skanne bildet har dei no funne ut at flekken er stearin.
– Det er truleg eit stearinlys som har stått framfor eller ved sidan av bildet som nokon har blåst ut kraftig. Og då har dei blåst stearin over på bildet, seier Frøysaker.
Flekken blir truleg verande på bildet fordi stearinet ikkje skadar fargane.
- Les:
- Les:
I tillegg har skanninga gjeve Nasjonalmuseet mykje nyttig informasjon om både korleis bildet er bygd opp, og om måleteknikken til Munch.
– Dette er veldig viktig for oss. Særleg fordi bildet er veldig skjørt. Det er malt på papp. Resultata frå skanninga gjer det lettare for oss å finne ut korleis vi kan ta vare på bildet. I tillegg får vi meir informasjon om måleteknikken til Munch, seier konservator Thierry Ford ved Nasjonalmuseet.
Ønsker seg eigen scanner
Konservator Thierry Ford viser fram analyseresultat frå skanninga av «Skrik».
Foto: Espen Alnes / NRKNo håper Universitetet i Oslo og Nasjonalmuseet at dei kan få ein scanner permanent, slik at dei kan skanne fleire bilde, både av Munch og andre kunstnarar.
– Ved å skanne fleire bilde av Munch kan vi bygge opp ein database som gir eit meir nøyaktig bilde av kva teknikkar kunstnaren brukte, seier ...
Målet er å få ein slik maskin på plass til det nye museet står ferdig på Vestbanen. Ein slik scanner er nyttig for museet i arbeidet dei skal gjere for å bevare bilda. I tillegg kan universitetet bruke maskinen i undervisning og forsking.